Vedtok årsplanane for 2024

Universitetsstyret jobba også med ulike tema knytt til neste UiA-strategi.

Universitetsstyret i møte.
Av Øivind Dagsvik Eskedal, kommunikasjonsdirektør
Publisert 12. apr. 2024 - Sist endret 12. apr. 2024

Det første universitetsstyremøtet i år vart halde ved Campus Kristiansand 31. januar.

Jobba med neste strategi

Samtidig som det går føre seg tematiske workshopper, møter med alle institutt og fellesadministrative avdelingar og at det blir opna for interne og eksterne innspel, gjennomførte også universitetsstyret eit eige strategiseminar.

Seminaret vart fasilitert av UiAs Colab-team og temaa det vart jobba med var dei same som kjem på dei opne workshoppene neste veike.

Universitetsstyret har workshop.

Planane i einingane for 2024

Universitetsstyret tok forslaga til årsplanar for dei ulike fakulteta, Avdeling for lærarutdanning og administrasjonen til orientering.

I november vedtok universitetsstyret den overordna årsplanen, og no følgjer einingane opp med planane sine for korleis dei skal bidra til å oppnå måla i UiAs strategi. Dette er det siste året i inneverande strategiperiode, og ny strategi blir no utvikla ved universitetet. Planen er å vedta ny strategi for 2025-2028.

Sjå innhaldet i kvar einings plan:

Arbeidar vidare for kunnskapssenter på campus

UiA er inne i eit samarbeid med Vitensenteret Sørlandet (Arendal kommune) kvar vi planlegg etableringa av eit nytt kunnskapssenter på Campus Kristiansand. Dagens kunnskapssenter i Kristiansand skal flytte, og det er eit ønske om å etablere dette i eit nytt bygg på campusen til universitetet.

Universitetsstyret fekk presentert status i samarbeidet, og gav universitetsdirektøren fullmakt til å jobbe vidare mot ei slik etablering.

Saksdokumenta er lukka for offentlegheita då dei inneheld informasjon om prisar i ein konkurranseutset marknad.

Vedtok UiAs investeringsplan

Universiteta har høve til å setje av pengar frå løyvinga si til investeringar. Planen for framtidige investeringar ved UiA er på 35,8 millionar kroner:

  • Oppgradering av forskings- og læringsareal – 10 millionar kroner
  • Solceller ved Campus Grimstad – 2,7 millionar kroner
  • Ombygging av atriet ved Campus Grimstad – 5 millionar kroner
  • Ombygging av undervisningskjøkken ved Campus Kristiansand – 3,9 millionar kroner
  • Ombygging av Østsia-lokala ved Campus Kristiansand – 4,1 millionar kroner
  • Ombygging av lokala til IT-avdelinga ved Campus Kristiansand – 5 millionar kroner
  • Inventar og utstyr til UiAs del av det planlaga Vitensenteret  ved Campus Kristiansand – 5 millionar kroner

Dette er ein investeringsplan som kan reviderast ved endra behov, prioriteringar og budsjettsituasjonen.

Andre utvalde saker

Sjå alle styredokumenta frå møtet 31. januar 2024.

Emneord: Universitetsstyret