English version of this page

Nye UiA-leiarar står for grøn teknologi og tverrfagleg samarbeid

Vikas Thakur omfamnar mangfald og berekraft som Universitetet i Agders nye dekan for teknologi og realfag. Her er alle dei nye fakultetsleiarane på UiA.

Dekan Vikas Thakur avbildet i en trapp, med en hånd på gelenderet. Ikledd dress.

Vikas Thakur skal dei neste fire åra leia UiAs Fakultet for teknologi og realfag som dekan. Han tek over stafettpinnen etter Michael Rygaard Hansen. Foto: Damares Stenbakk

Av Damares Stenbakk
Publisert 11. mars 2024 - Sist endret 6. apr. 2024

Sju dekanar er allereie godt i gang med ein ny fireårsperiode ved UiAs fakultet.

Ein av dei er Vikas Thakur. Han blir no dekan ved Faktultet for teknologi og realfag, det største fakultetet ved UiA.

— Eg liker å jobba med menneske for å inspirera og motivera dei, seier Vikas Thakur.

Hans hjartesak? Å gjera teknologi grønare.

Han har forska på berekraftige løysingar for byggjebransjen, som professor i geoteknikk (naturfare og skred).

Skjult perle

— Det er tydeleg at UiA vil satsa meir på tverrfagleg arbeid og samskaping, noko eg brenn for. Vi må satsa på tverrfagleg samarbeid for å løysa dei store samfunnsutfordringane vi står overfor. Vi må heile tida tenkje berekraft uansett kva det er vi arbeider med, seier Thakur.

Han ser på UiA som ei skjult perle og er derfor tydeleg på at han har store ambisjonar. Thakur vil arbeide for å synliggjøre UiA endå betre utanfor regionen. Og han ønskjer at universitetet skal bli ein viktig nasjonal aktør.

— Mange gode initiativ på fakultetet er ukjende utanfor regionen. No som arbeidslivet er under stor omstilling, er vi nøydde til å tilpassa oss etter kompetansebehov og styrkja forskingsbasert utdanning, seier han.

Tilsette skal blomstra

Heilt sidan Thakur vart ferdig med doktorgrada i geoteknisk ingeniørfag har han også leidd store bedrifter og sektorar.

Nærbilde av dekan Vikas Thakur
— Fakultetet vil bli ein viktig nasjonal aktør i løpet av min periode som dekan, seier Vikas Thakur. Foto: Damares Stenbakk

Lengst har han styrt i Statens vegvesen frå 2009 til 2014, der han var sjefingeniør i desse fem åra. Hos NTNU var han instituttleiar for Institutt for bygg- og miljøteknikk frå 2019 til 2023. Frå august 2023 og fram til no har han jobba som prodekan i berekraft hos Fakultet for ingeniørvitskap ved det same universitetet.

Thakur understrekar at han ikkje har nokon bestemt leiarstil, men følgjer tanken om at tilsette skal ha fridom og tillit for å kunna blomstra på jobb. Som leiar har han inga stor tru på detaljstyring.

— Eg er situasjonsbestemd når eg leier og er opptekne oppteken av medmenneske. Dessutan liker eg å jobba strategisk og langsiktig, seier han.

20 år i Noreg

Etter at han flytta frå India for nesten 20 år sidan har han sett kor mykje mangfald styrkjer norsk arbeidsliv. Han meiner det går hand i hand med kvalitet og berekraft.

Kjønnsbalansen synest Thakur kan bli endå betre i universitetssektoren, spesielt på visse studiar. Det vil han ta tak i.

— Generelt er ingeniørvitskap for dårleg med kjønnsbalanse, det veit alle. Det er ingen quick fix, men dette skal vi arbeide med. Når vi samlar menneske med ulik bakgrunn og kultur, bidreg det til at vi blir styrkte og utviklar oss i rett retning, seier han.

Vikas Thakur er klar for fire år som dekan og for å arbeide for meir mangfald og fleire kvinner til dei teknologiske faga. Han ser fram til å arbeide i tospann med fakultetsdirektør Jorunn Gislefoss.

Veletablerte og heilt ferske dekanar

Gunn Bjørnsen (60), Avdeling for lærarutdanning Nærbilde av Dekan Gunn Bjørnsen,avbildet foran en bakgrunn av planter.

— Jobb nummer éin for lærarutdanningane no er å sikra rekrutteringa til yrket. Dette arbeidet er godt i gang i samarbeid med regionen. Eg vil også arbeida for meir tverrprofesjonelt samarbeid og styrking av mangfaldskompetansen i barnehage og skule. Eg er takksam for å ha fått denne givande jobben og gler meg stort over alt det positive som skjer i lærarutdanningane ved UiA i samarbeid med barnehagar og skular, seier Bjørnsen.

Sidan 2021 har ho vore studieleiar for forsking og utvikling i lærarutdanningane ved UiA.

Bjørnsen er også tidlegare instituttleiar for Institutt for internasjonale studiar og tolkeutdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium ved OsloMet. Ho var også førsteamanuensis i journalistikk ved det same universitetet.

Ingunn Breistein (60), Fakultet for humaniora og pedagogikk Nærbildet av dekan Ingunn Breistein. Avbildet i fotostudio.

 

— Eg ser fram til å jobba saman med dyktige kollegaer til beste for fakultetet og UiA i tråd med strategien. Eg ønskjer å vidareutvikla og formidla den viktige og breie allmennkompetansen faga ved humaniora og pedagogikk gir, og som samfunnet treng, seier Breistein.

Ho har tidlegare vore instituttleiar ved Institutt for religion, historie og filosofi ved UiA og er professor i kyrkjehistorie.

Frå 2016 og fram til no har ho jobba som rektor ved Ansgar høgskule.

Marit Wergeland (48), Fakultet for kunstfag Nærbilde av dekan Marit Wergeland

— Eg har fått gleda av å leia eit framoverlent, entusiastisk og sterkt kunstfagmiljø. Framover har fakultetet ambisjonar om å bidra til å forstå samfunnsutfordringane. Vi skal undersøkja korleis vi kan løysa dei, med det særeigne potensialet som ligg i eigenarten til kunstfaga. Målet er å utvikla studiar som gjer studentane relevante og i stand til å prega arbeidslivet i framtida, seier Wergeland.

Wergeland har vore dekan ved same fakultet sidan 2016, og har hovudfag i drama og teater frå NTNU. Ho har også erfaring som dramaturg og regiassistent frå Danmark.

Leif Skiftenes Flak (49), Fakultet for samfunnsvitskap Nærbilde av dekan Leif Skiftenes Flak, avbildet i fotostudio.

— Me går inn i ei tid der samfunnsvitskapen blir viktigare enn nokosinne. Dette er tida der me er avhengig av ny teknologi for å handtera dei store samfunnsutfordringane. Samtidig vil dei nye teknologiane påverka samfunnet vårt på heilt grunnleggjande måtar. Her har samfunnsvitskapen ei svært viktig rolle – både når det gjeld å forstå komplekse samanhengar, og bidra til at me endrar oss mot eit godt og berekraftig samfunn, seier Skiftenes Flak.

Han har tidlegare vore instituttleiar ved Institutt for informasjonssystem i fem år, og er professor i informasjonssystem ved UiA.

Han har ei doktorgrad i Computer Science frå Universitetet i Aalborg. Og har bygd opp og vore leiar for CeDiT, eit tverrfagleg forskingssenter ved UiA.

Anders Johan W. Andersen (58), Fakultet for helse- og idrettsvitskap Nærbilde av dekan Anders Johan W. Andersen

— Eg gler meg til å gå laus på ein ny periode som dekan, og har som ambisjon å få i gang ei ny profesjonsutdanning i psykologi ved UiA. Det vil vera eit stort løft, og eit omfattande arbeid. Det er også på høg tid at me får styrkt merksemda mot kvinners vilkår for utvikling og prestasjon innan idretten. Her håpar eg vi kan få til ei satsing denne perioden. Elles er det store samfunnsutfordringar som også UiA må bidra til å finna gode løysingar på. Det gler eg meg også til å jobba med, seier han.

Andersen er professor i psykisk helsearbeid og har vore dekan ved det same fakultetet sidan 2016.

Før det var han instituttleiar ved Institutt for psykososial helse i tre år.

Kristin Wallevik (58), Handelshøyskolen ved UiA Nærbilde av dekan Kristin Wallevik, avbildet i fotostudio

— Eg ser fram til å samarbeida med flinke og hyggjelege menneske med eit felles mål om å vidareutvikla ein solid og anerkjend handelshøgskule. Vi skal jobba med å gjera profilen vår tydeleg og posisjonera Handelshøyskolen ved UiA i den nasjonale og internasjonale utdanningsmarknaden. Vidare skal vi sikra at utdanningstilboda er relevante og at vi held oppe den gode trenden på forskingsaktiviteten, seier Wallevik.

Ho har tidlegare vore dekan ved det same fakultetet. Ho har også vore administrerande direktør i Agderforskning og konsernsjef ved forskingsinstituttet Norce.