Ny lærarutdanningsdirektør tilsett

Magnus Mork (50) er tilsett som ny direktør for Avdeling for lærarutdanning ved UiA. Han byrjar i stillinga i august.

Barn utforsker digitale verktøy
Foto: UiA
Av Øivind Dagsvik Eskedal, kommunikasjonsdirektør
Publisert 19. apr. 2024 - Sist endret 19. apr. 2024

Stillinga vart lyst ut i vår for å erstatte dagens direktør Anne Grete Lindeland. Ho har leidd avdelinga sidan 2016, men har jobba ved UiA sidan 2005. Ho går av med pensjon i løpet av året.

Det er no klart at det er Magnus Mork som tiltrer i denne stillinga i august. Han kjem frå stilling som seniorrådgivar i KS. Der har han vore fagleg leiar for området utdanning og oppvekst i region Agder.
Han har også erfaring frå å jobbe med utdanningsområdet i Aust-Agder fylkeskommune, Statsforvaltaren i Agder, og har sjølv vore både kontaktlærar og rektor i grunnskulen.

- Magnus Mork kjenner oppvekstsektoren svært godt og har omfattande leiarerfaring. Her får vi ein leiar som vil spele ei sentral rolle både når det gjeld solid dagleg drift og strategisk utviklingsarbeid framover. I tillegg er han ein svært hyggjeleg og inspirerande person. Eg gler meg stort til å få han med på laget, seier dekan for lærarutdanningane Gunn Bjørnsen.

- Å utdanne dyktige lærarar for barn og unge i barnehage og skule er eit særs meiningsfullt formål. Lærarutdanningane ved UiA har eit godt omdømme og UiA kan vise til gode resultat. Det kjem ikkje av seg sjølv, her har det vorte gjort mykje godt arbeid over lang tid, seier Magnus Mork sjølv.

- Eg ønskjer å bidra til å både halde oppe den høge kvaliteten og standarden og bidra til vidareutvikling – i godt samarbeid med kollegaer og samarbeidspartnarar. Eg ser med begeistring fram til å bli kjend med UiA som organisasjon og særleg dei flinke folka som jobbar der, seier Mork.