English version of this page

Lèt graset gro på campus

Fleire plenar på Campus Kristiansand blir ikkje klipt før midten av juni. Det er fordi insekta treng mat.

Bildet viser UiAs logobokstaver på en plen, med gress som spirer rundt.

Graset gror på Campus Kristiansand, av omsyn til insekta.

Av Magnus Nødland Skogedal
Publisert 4. juni 2024 - Sist endret 6. juni 2024

– Å ikkje klippa plenen er eit enkelt og effektivt tiltak for å sikra biologisk mangfald på campus, seier miljørådgivar Katharina Reionn Bjørnestøl.

Ho er leiar for Universitetet i Agders (UiA) arbeidsgruppe for biologisk mangfald. Gruppa består også av biologar, tilsette ved Naturmuseet, eiendomsavdelinga, Statsbygg og Studentorganisasjonen i Agder.

Fekk beskjed om å venta

Det er Statsbygg som er ansvarleg for klipping av plenar på campus, men for første gong har dei fått beskjed om å venta litt.

– Det har vorte større merksemd rundt plenklipping, spesielt på våren. Ved å la løvetann og andre plantar blomstra fritt i plenen sørgjer me for betre tilgang på pollen og nektar for insekta tidleg i sesongen, seier Bjørnestøl.

Nokon blir klipte som vanleg

Så viss du ser ein uklippa plen på Campus Kristiansand i tida framover, så har ho ikkje gått i gløymeboka. Dei blir først klipte rundt midten av juni. Nokre plenar, slik som den store plenen mellom fakultetsbygga, blir klipt som vanleg.
 

Bilde av Katharina Reionn Bjørnestøl
Rådgiver
E-post
katharina.r.bjornestol@uia.no
Telefon
+47 38 14 17 05