Feirar 30 år med UiA på Metochi

Universitetet i Agders studiesenter i Hellas feirar jubileum i juni. Vi har spurt Metochi-leiar Kari Grødum kva som gjer staden så spesielt.

Et bilde av Metochi i bakgrunnn, omringet av frodig natur i solskinn

– Mange seier at dei kjem inn i ein god rytme her. Dei blir ikkje forstyrra av kvardagsoppgåver, og får tenkt lange tankar, seier Metochi-leiar Kari Grødum. Foto: Knut Bry

Av Walter Norman Wehus
Publisert 12. juni 2023 - Sist endret 10. mai 2024

I 2023 er det 30 år sidan Metochi vart tekne i bruk som studiesenter for Universitetet i Agder. Metochi er eit klosteranneks grunnlagt på 1500-talet, og er tilknytt Limonosklosteret på øya Lésvos i Egearhavet.

I samband med jubileumsfeiringa har  vi snakka med leiaren for studiesenteret, Kari Grødum.

Gratulerer med jubileet. Blir det ei stor feiring?
– Ja, vi har sett av ei veke, og startar for alvor med eit seminar om demokrati og medborgarskap torsdag og fredag. Sjølve hovudfeiringa er på laurdag, der vi opnar ei vandreutstilling i regi av dei nordiske ambassadane i Athen, dei nordiske institutta, og det nordiske biblioteket.

Kva slags utstilling er det?
– Tittelen er Greece through the eyes of travellers from the north. På 1800-talet reiste mange frå Norden på danningsreise til Hellas. På utstillinga vises tekstar og skisser fra blant anna H.C Andersen og Ingvald Undset, og reiseskildringingane deira gir eit unikt innblikk i datidens Hellas. Den norske ambassadøren Lajla Brandt Jakhelln kjem til Metochi for første gong for å opne utstillinga.

Foto av rektor Sunniva Whittaker og abbed fr Nikodemos.
Rektor Sunniva Whittaker og abbed fr Nikodemos.

Kor lenge har du hatt rolla som leiar for Metochi?
– Eg kom hit for første gong i 1993 som lærar på ex.phil. På det tidspunktet studerte eg i Athen, og dei fleste på Metochi jobba på dugnad. Etter kvart vart det behov for at arbeidet skulle vere meir organisert, og så fekk eg jobben.

Kva har vore høgdepunkta for deg?
– Det eg hugsar best er alle møta mellom menneske. Denne staden betyr mykje for mange. Her blir grunnlaget lagt for bokprosjekt, det blir halde seminar der folk treffer kvarandre og innleier samarbeid. Det skjer heile tida, og det gjer at folk kjem tilbake.

Kva er det som gjer at Metochi fungerer slik, trur du?
– Staden har noko unikt ved seg. Sidan det er eit klosteranneks, finst det restriksjonar for kva ein kan gjere – det er ikkje ein partystad. Mange seier at dei kjem inn i ein god rytme her. Dei blir ikkje forstyrra av kvardagsoppgåver, og får tenkt lange tankar. Du har naturen tett innpå deg, med stjernehimmelen over deg om natta og god mat frå lokale bønder som leverer råvarer rett frå jorda. Folk seier dei kjenner dei lever veldig sunt her.

Kva forhold har studiesenteret til lokalsamfunnet rundt?
– Både vi og gjestene blir godt tekne imot av lokalsamfunnet. Det er ein god dialog, der vi bidreg med stabil drift og arbeidsplassar, mens vi får gode relasjonar og mykje velvilje tilbake. Nyleg hadde vi eit seminar for lokale bønder her om pollinering, i regi av University of the Aegean. IT-avdelinga på UiA donerer også brukte PC-ar til skulane her, noko som det blir sett stor pris på.

Staben på Metochi er samlet rundt er langbord og ser mot kamera. Bildet er i svart hvit.
Staben på Metochi (Foto: Knut Bry)

Dette er kanskje eit tidspunkt for å spørje: Kvifor har eigentleg UiA eit studiesenter på ei gresk øy?
– Det starta med at Haakon Smedsvig Hanssen ville finne ein stad i Hellas der han kunne ta med ex.phil.-studentar i sommarsemesteret. Slumpen førte han hit. Det er ein vill idé som har vorte verkeleggjort, nokre gonger tenkjer eg at det er eit lite mirakel at vi framleis er her og at det er så stor interesse for det. I dag er Metochi ein del av eit fellesskap av studie- og forskingssentre frå månge europeiske land rundt Middelhavet.

Kven er Metochi for?
– Vi seier gjerne at opphaldet må ha ein fagleg grunn eller eit utviklingsformål. Då UiA gjorde ein berekraftsanalyse av senteret, fann dei at 36 prosent av dei som bruker oss kjem frå UiA, resten er frå andre universitet og høgskular, og internasjonale forskar- og sumarskoler. Nokre av forskarskulane som blir her arrangerte har vore her femten år på rad. Som berekraftsanalysen seier: Om folk ikkje berre reiser frå Noreg, kan det vere like sentralt å møtast på Metochi som ein annan stad.

Samling på Metochi, en gruppe mennesker er samlet rundt et spisebord ute om kvelden.
Samling på Metochi (Foto: Knut Bry)

La oss snakke litt meir om berekraft. Kva meir står det i rapporten?
– Dei fann ut at om du reknar med flyreisene, står drifta av Metochi framleis for under éin prosent av utsleppa til UiA. Reisepolicyen til UiA gjeld for Metochi òg, så alle som kjem må tenkje at reisa har meirverdi.

Er det nokon planar for vidareutvikling?
– Eit av forslaga i berekraftsanalysen var å satse meir på solenergi. Vi samarbeider med sjølve klosteret og teknologimiljøet i Grimstad om søknaden, men det er ganske mykje byråkrati. Planen er at vi skal få løyvet i år, og setje i gang med bygginga neste år. Elles byggjer vi stein på stein. Ein lokal snikkar lagar nye bokhyller til biblioteket, og vi har fått meir stabilt internett så det er lettare for folk å samarbeide digitalt. Mykje er kjenneleg slik det var for tretti år sidan, det har berre vorte betre.