English version of this page

Beat-kunsten

Beatgenerasjonen var unge og eksperimentelle kunstnarar. Poetar, målarar, forfattarar og bohemar frå fleire statar samla seg i beatmiljøet på vestkysten i USA. Dei fleste av dei var intellektuelle og blei vaksne under andre verdskrig.

Kunstnarane var i opposisjon til eit amerikansk etterkrigssamfunn prega av materialisme, sensur, opprustingspolitikk og internasjonale spenningar. Beatkunstnarane la meir vekt på kunst, poesi og mellommenneskelege forhold og var positive til hippierørsla. Kunsten deira bar preg av ein nyreligiøs lengsel.

Største samlinga av beatkunst utanfor USA

Universitetet i Agder har den største samlinga i verda av beatkunst utanfor USA. Verka er ei gåve frå Reidar Wennesland. Frå 1956 hadde han ein legepraksis på North Beach i San Francisco der han ofte tok betalt for legetenester i form av kunst.

Her kan du sjå Beat-kunsten på UiA

Delar av beat-kunsten er utstilt permanent i B-blokka på UIA: 1, 2. og 3 etasje, i tillegg til i vrimlehallen og på biblioteket. G-bygget har Beat-kunst i trappeoppgangen og G-3

Sjå bilete av beat-kunsten på facebook

Publisert 9. apr. 2024 - Sist endret 17. apr. 2024