English version of this page

Her skal Norges største batterisenter kople forsking og industri

9. juni opna Morrows forskings- og innovasjonssenter som er lagt tett opptil UiAs campus i Grimstad. UiA og Morrow har allereie starta opp felles prosjekt.

Bildet viser Morrows nye bygg ved Campus Grimstad.

80 forskarar frå Morrow skal arbeide i det nye forskingssenteret på UiAs campus i Grimstad. UiAs batteriforskarar har 13 kontorplassar og tre eigne laboratorium i senteret.

Av Sissel Eikeland
Publisert 13. juni 2023 - Sist endret 10. mai 2024

– Det er veldig spennande, og det er også heilt i tråd med vår samskapingsstrategi inn mot kunnskapssamarbeid med eksterne partnarar. For UiAs studentar er det også ein stor fordel å ha tilgang til eit slik innovasjonsmiljø på campus, seier Sunniva Whittaker, rektor på UiA.

Bildet viser rektor Sunniva Whittaker.
Rektor Sunniva Whittaker.

Morrow Research Centre (MRC) skal vere eit kompetanse- og utviklingssenter for hovudfabrikken dei byggjer i Arendal. Ifølgje Morrow har dei Noregs største batterisenter. Bygget inneheld 2.000 kvadratmeter med laboratorie-fasilitetar og kontor over tre etasjar. UiAs batteriforskarar får eigne kontor og tre laboratorium i senteret.

Bildet viser Johannes Landesfeind, Sunniva Whittaker, Dr. Rahul Fotedar og Jon Fold von Bülow.
Johannes Landesfeind leiar av UiAs batterisatsing saman med rektor på UiA, Sunniva, Dr. Rahul Fotedar CTO & med-stifter av Morrow Batteries og forskingssjef Morrow Batteries, Jon Fold von Bülow (foto: Media Service AS).

– Morrows anlegg på campus gir UiA tilgang til topp moderne utstyr for produksjon av batteri i større skala. I tillegg vil både studentar og tilsette på UiA kunne utveksle kunnskap og erfaring side om side med Morrows forskarar, seier Whittaker. 

Batterisatsing på UiA

Forskingssenteret vil spele ei viktig rolle i utviklinga av ny batteriteknologi. Arbeidet på senteret skal fremme samarbeidet mellom akademia og batteriindustrien. Her har Universitetet i Agder (UiA) er viktig rolle. 

Bildet viser Johannes Landesfeind.
Førsteamanuensis Johannes Landesfeind leder UiAs batterisatsing.

UiA har 13 kontorplassar i det nye forskingsenteret. 18 UiA-tilsette er direkte knytt til senteret. Stillingane blir fordelt på tre professorar på fulltid, fem professorar i 20 prosents stillingar, sju doktorgradsstipendiatar og tre andre forskarstillingar.

I januar 2022 blei den tyske forskaren, førsteamanuensis Johannes Landesfeind, tilsett for å leie UiAs batterisatsing, Battery Coast. Landesfeind fortel at UiA og Morrow allereie har starta opp felles prosjekt, og at dei ser fram til å halde fram å utvikle samarbeidet.

– Samarbeidet vil hjelpe oss med å fokusere på relevante utfordringar knytt til framtidas batteria. Fasilitetane og samarbeidet gjer det mogleg å arbeide med verkelege problemstillingar og går ut over laboratorietesting, seier Landesfeind.

Relevant utdanning

Battery Coast-satsingen er i tett samarbeid med Morrow og næringslivet i regionen. Målet er å byggje opp forskings- og fagmiljøet innan batteriteknologi. Til hausten kan også studentane velgje batteriteknologi som spesialisering i både bachelor- og masterutdanninga si i fornybar energi. 

Bildet viser ansatte i Morrow som klipper en snor.
Tilsette i Morrow ser fram til å arbeide i det nye bygget (Foto: Media Service AS)

Undervising på mastergrad-nivå startar til hausten, men bachelorprogrammet innan fornybar energi starta allereie i fjor haust. 

For UiAs studentar gir dette ein unik sjanse for arbeidslivsrelevant utdanning.

– Regionen vil trenge mange med batterikompetanse dei neste åra. Derfor spissar vi vår utdanning av framtidige batteriingeniørar med dei ferdigheitene som krevst i batteriindustrien, seier Landesfeind.