Kvalitetssystemet i lærarutdanningane

Kvalitetssystemet skal bidra til å realisera dei overordna måla for kvalitetsarbeidet, ved at det blir lagt til rette for systematisk arbeid med vidareutvikling av emne, studieprogram og studieportefølje. Kvalitetssystemet skal stimulera til og sikra jamleg vurdering av kvalitet i eksisterande emne- og studieportefølje, samt legga til rette for utvikling av nye emne og studieprogram.

Systemet skal fremma erfaringsdeling og spreiia god praksis. Rutinar for oppfølging av evaluering, avdekking av kvalitetssvikt og gjennomføring av forbedringstiltak, inngår i systemet.

Mål for kvalitetsarbeidet

Overordna mål for kvalitetsarbeidet er at studentane skal oppnå best mogleg læringsutbytte og personleg utvikling i relevante utdanningar som førebur dei for eit arbeids- og samfunnsliv i endring. Universitetet sine styrande organ og leiing på alle nivå har eit ansvar for kvalitetsarbeidet og skal støtta utviklinga av ei kvalitetskultur blant tilsette og studentar.

Kvalitetsarbeidet skjer i nært samarbeid mellom studentar og tilsette, og i samarbeid med arbeids- og samfunnsliv. Kunnskap frå kvalitetsarbeidet blir nytta til å utvikle kvaliteten i studietilboda og avdekke eventuell sviktande kvalitet. Sviktande kvalitet skal rettast opp innan rimeleg tid. Resultata frå kvalitetsarbeidet inngår i kunnskapsgrunnlaget ved vurdering og strategisk utvikling av institusjonen sin samla studieportefølje.

Dekan

Dekanen leiar kvalitetsarbeidet i lærarutdanningane og påser at dette blir gjennomført i tråd med universitetet sitt kvalitetssystem. Dekanen har eit overordna ansvar for samarbeid med fakulteta og eksterne partar om innhald og organisering av lærarutdanningane og for utviklinga av den samla porteføljen av lærarutdanningar.

Meir om dekanen si rolle i kvalitetssystemet

Emne

UiA skal tilby emne med oppdatert og relevant læringsutbytte, med læringsaktivitetar som bidrar til at studentane oppnår definert læringsutbytte, og med god samanheng mellom læringsutbytte, læringsaktivitetar og vurderingsformer.

Meir om kvalitet i emne

Fagkoordinator

Fakultet som tilbyr emne i lærarutdanningane skal ha fagkoordinatorar som, i samarbeid med studieleiar, bidrar til utvikling av dei ulike lærarutdanningane. Fagkoordinatorane skal mellom anna delta i faglærarmøte.

Meir om koordinator for fag i lærarutdanningane si rolle i kvalitetssystemet

Studieleiar

Studieleiar for lærarutdanning har, i samarbeid med instituttleiarar, ansvar for at kvalitetsarbeidet blir gjennomført i tråd med universitetet sitt kvalitetssystem. Studieleiar skal bidra til å utvikla læringsmiljø og fagleg og pedagogisk kvalitet i studieprogrammet.

Meir om studieleiar si rolle i kvalitetssystemet

Studieprogram

UiA skal tilby studieprogram med oppdatert og relevant læringsutbytte, og med emne som bidrar til at studentane oppnår det definerte læringsutbyttet for studieprogrammet. Studieprogramma skal vera basert på forsking og utviklingsarbeid, relevant erfaring frå arbeids- og samfunnsliv og ivareta nasjonale og internasjonale perspektiv.

Meir om kvalitet i studieprogram

Årshjul

Gjennom heile studieåret blir det gjennomført fleire faglærarmøte på fagnivå og programgruppemøte på studieprogramnivå. Her blir det berre referert til møta som har ein formell funksjon i kvalitetssystemet.

Publisert 17. apr. 2024 - Sist endra 17. apr. 2024