Skal du jobbe i barnehage, må du kunne leke sjølv

Giert Werring var den første mannlege barnehagelærarstudenten på UiA. Der skapte han dokkene Baldrian og Musa, som framleis gler barn og vaksne i regionen.

Bildet kan inneholde: organ, tre, kunst, gardin, rom.

Werring er kjend for figurteaterframsyningane med Baldrian & Musa. Dei velkjende dokkene laga han første gong i formingstimane på barnehagelærarundervisninga.

Av Walter Norman Wehus
Publisert 14. apr. 2024 - Sist endret 14. apr. 2024

– Det første året var det veldig rart å vere den einaste mannen på studiet. Alle sat med strikketøyet sitt, og mennene som starta etter meg sat også med strikketøyet sitt. Eg var ikkje fullt så godt førebudd, seier Giert Werring med ein latter.

I år er det seksti år sidan barnehagelærarutdanninga starta på Sørlandet. Giert Werring var den første mannen som gjekk på studiet, og i denne utgåva av podkasten Menn i barnehage snakkar han om korleis det var å vere mann og jobbe i barnehage på 1960- og 1970-talet.

Werring er kjend for figurteaterframsyningane med Baldrian & Musa. Dei velkjende dokkene laga han første gong i formingstimane på barnehagelærarundervisninga.

– Det var ti år sidan eg hadde teke i ei dokke. Å gjenppdage kontakten med eigen barndom var noko av det finaste med barnehageundervisninga, seier Werring.

Her kan du høyre heile episoden: