To millionar til studentbedrifter


To bedrifter starta av studentar ved UiA får éin million kvar av Innovasjon Noreg. Sentralt for begge bedrifter er kunstig intelligens.
 

Bildet viser Peshang Alo, Rune Alexander Laursen og Andreas Lien Madsen.

Fra venstre: Peshang Alo og Rune Alexander Laursen i Paral Dynamics og Andreas Lien Madsen i GADR.

Av Magnus Nødland Skogedal
Publisert 14. mai 2024 - Sist endret 14. mai 2024

– Bedrifta vår starta som eit resultat av mastergrada me tok. Der la me grunnlaget, og no har me fått midlar til å satsa vidare, seier Rune Alexander Laursen.

Han starta bedrifta Paral Dynamics saman med medstudent Peshang Alo. Ideen deira er å nytta kunstig intelligens til å berekna blodsukkernivå og insulinmengd for diabetikarar på ein meir nøyaktig måte.

– Eg er sjølv diabetikar, og det er krevjande å heile tida skulla berekna matinntak, aktivitetsnivå og kor mykje insulin eg treng. Her kan kunstig intelligens vera til stor hjelp, seier Laursen.

Her er nettsida til Paral Dynamics.

Bedrifta har fått éin million kroner frå Innovasjon Noregs STUD-ENT-tilskot, som blir gitt til studententreprenørar. I tillegg har også studentbedrifta GADR fått éin million kroner frå ordninga.

Bildet viser Peshang Alo, Rune Alexander Laursen og Andreas Lien Madsen.
Rune Alexander Laursen, Andreas Lien Madsen og Peshang Alo er glade for støtten fra Innovasjon Noreg.

Nye EU-krav

Studentane har vore mange timar på kontoret til UiA Nyskaping, som er ressurssenteret på universitetet for studentar og forretningsideane til tilsette.

Se nettsida til UiA Nyskaping ved å følgje denne lenka.

– Eg byrja på UiA Shift i 2022, der alle studentane starta ei bedrift. Eg satsar vidare på GADR, som skal gjera det enklare for bustadeigarar å investera i energitiltak i eigen bustad, seier GADR-grunnleggjar Andreas Lien Madsen.

UiA Shift er ei mastergradsutdanning i entreprenørskap. Alle studentar på utdanninga startar ei eiga bedrift i løpet av mastergrada, for å få inngåande kunnskap i korleis ein startar ei bedrift. 

GADRs forretningsidé er å bruka kunstig intelligens til å hjelpa bustadeigarar å setja seg inn i kva dei må gjera med bustaden sin for å etterkomma nye EU-krav til redusert energibruk.

– Dette vil bli viktigare i åra som kjem. For oss er det vesentleg å få denne støtta no, for å kunna utvikla tenesta samtidig som det nye direktivet blir innført, seier Madsen.
EUs mål med det nye direktiv er i første omgang å redusera energiforbruk i bustader med 16 prosent innan 2030, samanlikna med 2020. 

To av fem fekk støtte

Kristoffer Liland, rådgivar ved UiA Nyskaping, er godt fornøgd med å få godkjent to søknader til STUD-ENT-ordninga.

– Me sende inn fem søknader, og fekk full utteljing på to av dei. I fjor fekk me ingen, så dette er jo veldig bra, seier Liland.

Han trur ikkje det er heilt tilfeldig at begge bedriftene som fekk støtte har kunstig intelligens med i planane.

– Kunstig intelligens er i vinden, og det er ikkje lenger nok å laga ein app eller ein nettbutikk. Det viktige for Innovasjon Noreg er marknadssituasjonen, å kunna visa at det ein jobbar med er folk villige til å betala for, seier Liland.