Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Naima Saeed fekk opprykk til professor

Handelshøgskulen ved UiA har fått ein ny professor i Supply Chain Management.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilete av Naima Saeed.
Naima Saeed er tilknytta Institutt for arbeidsliv og innovasjon.

For Naima Saeed har det lenge vore ein draum å oppnå bli professor. Hennar akademiske karriere byrja på Bahauddin Zakariya University (BZU) i Multan i Pakistan i 2001.

– Eg sikta meg inn på å bli professor heilt frå då eg byrja som forelesar i økonomi på BZU. Det var først og fremst arbeidet som professor som eg syntest virka spennande, ikkje ein fin tittel. Eg byrja tidleg å leite etter aktuelle doktorgrads-stipend, og det fann eg på Høgskolen i Molde, seier Naima Saeed. Ho er tilknytta Institutt for arbeidsliv og innovasjon.

På UiA sia 2014

Dit kom ho i 2005, eigentleg som mastergradstudent. Det blei omgjort til eit doktorgradsløp på grunn av hennar gode prestasjonar og ho blei ferdig med doktorgraden i logistikk med spesialisering maritim økonomi på tre år. Deretter var ho førsteamanuensis på den same høgskulen. I 2014 kom ho til Universitetet i Agder som førsteamanuensis.

– Det har vore viktig for meg å publisere mykje, og å knytte nettverk med dei leiande forskarane på mitt felt. Eg har hatt fleire lengre studieopphold i utlandet, i Japan, Australia og USA. Eg har fått mykje tid til å forske, publisere og utvikle nettverket mitt, seier Saeed.

Dekan Roger Normann ved Handelshøgskulen ved UiA er stolt over å ha fått ein ny professor på fakultetet.

– Det krev hardt arbeid å oppnå eit opprykk til professor. Eg vil gratulere Naima med å ha blitt professor, og ser fram til å følgje hennar karriere vidare, seier han.

For å bli professor må ein forskar dokumentere si akademiske karriere gjennom ein CV, vise si publikasjonsliste og også legge ved inntil 15 vitskaplege publikasjonar. Søknaden vurderast av eit sakkyndig utval, beståande av minst tre personar med professorkompetanse eller tilsvarande på søkjaren sitt fagområde.

Styrka motivasjon

– Å gjennomgå eiga akademiske karriere på dette viset ga meg óg sjansen til å sjå tilbake på kor langt eg har kome, og ikkje minst alle dei som hjelpte meg frå starten og undervegs. Eg førte opp alle gjesteforelesingar, forskingsstipend og presentasjonar på konferansar. Det blei rundt 20 sider, seier Saeed.

Korleis trur du ditt vidare arbeid vil bli påverka av professortittelen?

– Det er ei anerkjenning av at du har bidratt betydeleg i ditt felt. Eg vil fortsette å forske og undervise, og eg er involvert i fleire spennande prosjekter. Eg er opptatt av å forbetre meg, og det er eit arbeid som ikkje stoppar, sjølv om eg har blitt professor. Mest av alt har opprykket gitt meg styrka motivasjon til å fortsette, seier professor Naima Saeed.