0
Hopp til hovedinnhold

Internasjonalisering heime i grunnskulelærarutdanningane

I juni kom beskjeden om tildeling av midlar frå Program for utdanningskvalitet ved UiA (PRUK) til prosjektet om «Internasjonalisering for lærarstudentar gjennom studentaktive og framtidsretta arbeids- og vurderingsformer» som, mellom anna, skal gje grunnskulelærarstudentar internasjonal erfaring «her heime».

Datamaskin med virtuelt kart over verden
Digitale møteplassar blir viktige når GLU-studentar skal samarbeide med lærarstudentar i Europa. Foto: Colourbox

Prosjektet er eit samarbeid mellom faglærarar ved Fakultet for humaniora og pedagogikk og tilsette ved Avdeling for lærarutdanning. Bidragsytarane er Eli-Marie Drange ved Institutt for framandspråk, Aleksandra Lazareva og Irina Amdal ved Institutt for pedagogikk og Kjerstin Breistein Danielsen ved Avdeling for lærarutdanning. I tillegg skal dei ha med seg studentmedarbeidarar frå Undervisningsverkstaden.

Kjerstin Breistein Danielsen. Foto: UiA

– Vi ynskjer at lærarstudentane skal få internasjonal erfaring gjennom å jobbe saman digitalt og å dela eiga erfaring med lærarstudentar frå andre land og høve til å utvikla eit personleg læringsnettverk som dei kan byggja vidare på i studia og i yrkeslivet, seier Danielsen (bildet til høgre) som er koordinator for prosjektet.

Vidare skal studentane få erfaring med innovative digitale former for arbeid og vurdering som dei kan nytta i eiga undervisning med elevar, og dei skal få sentrale roller i arbeidet med å skapa gode fysiske og digitale læringsmiljø for medstudentar og høve til å delta i implementering og leiing av ein internasjonal MOOC - Massive Open Online Course er fleksible kurs som er gratis og tilgjengeleg for alle.

Internasjonalisering på ein annan måte

Det er eit mål i grunnskulelærarutdanningane at studentane skal få internasjonale perspektiv. For lærarstudentane betyr internasjonalisering ofte eit semester eller ein praksisperiode i utlandet, men langtfrå alle studentane har eit lengre opphald utanfor Noregs grenser som ein del av utdanninga si. Derfor er det viktig å ivareta internasjonale perspektiv i utdanningane også «her heime», og koronapandemien denne våren har vist at vi må omstilla oss og finna nye måtar å sikre internasjonaliseringa på.

Dekan for lærarutdanningane, Hilde Inntjore, synest tildelinga er veldig gledeleg:

– Eg ser fram til å følgja utviklinga av prosjektet. Det er eit godt forarbeid som er gjort og eg gratulerer dei involverte med tildelinga!

Idéverkstader, internasjonal MOOC og samlingar

Ein av dei planlagde aktivitetane er å innpassa modular frå den internasjonale MOOC-en «The Networked Teacher – Teaching in the 21st Century», som er eit resultat av ITELab-prosjektet, som både Drange og Danielsen var med på. MOOC-en er retta mot lærarstudentar og nyutdanna lærarar i Europa, og gjev høve til å utvikla sitt profesjonelle læringsnettverk gjennom å løysa praktiske oppgåver og refleksjonsoppgåver saman med andre lærarstudentar i Europa.

Eli-Marie Drange profilbilde

Førsteamanuensis Eli-Marie Drange. Foto: UiA

Det er òg lagt opp til at lærarstudentar frå fleire europeiske lærarutdanningsinstitusjonar skal ha samlingar i sanntid digitalt. Studentmedarbeidarar frå Undervisningsverkstaden skal væra med på å leggja til rette for fysiske og digitale gruppesamlingar for studentar som følgjer MOOC-en.

– Vi skal i hovudsak gjennomføra aktivitetane som ein del av emna i pedagogikk og elevkunnskap som ligg i haustsemesteret. Vi vil også ha nokre aktivitetar i emne i framandspråk, så prosjektet vil gå over tre semester med oppstart hausten 2020 og avslutning hausten 2021, avsluttar Eli-Marie Drange (bildet til venstre), som er faglærar i spansk.