Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Har fått EØS-midlar til prosjekt om digitale verktøy i undervisninga

I januar takka lærarutdanningane ja til invitasjon frå University of Finance and Administration i Praha om å vera samarbeidspartnar i eit mobilitetsprosjekt om å styrka den digitale kunnskapen hos forelesarar i høgare utdanning. Prosjektet skal, mellom anna, sjå på bruken av digitale verktøy i undervisninga.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Digial undervisning i klasserom

Lenka Garshol underviser i engelsk i lærarutdanningane og er norsk partnar i mobilitetsprosjektet med støtte frå EØS-midlane

– Eg fekk beskjed før sumaren om at søknaden vart innvilga, og sidan dette er eit mobilitetsprosjekt for tilsette diskuterer vi no korleis vi kan gjennomføra prosjektet med dei restriksjonane vi må retta oss etter, fortel Lenka Garshol (bildet). Ho er førsteamanuensis ved Institutt for framandspråk og oversetning, og underviser i engelsk i grunnskolelærarutdanningane.

Samarbeidet er eit prosjekt med støtte frå Europeisk utdanningssamarbeid (EØS-midlane). Hensikta med midlane er at, mellom anna, høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar kan etablere utdanningssamarbeid med partnarar frå Sentral- og Sør-Europa. Det er alltid den europeiske partnaren som er prosjektkoordinator og denne står formelt som ansvarleg for søknad og rapportering, men norske institusjonar kan ta initiativ til samarbeidet. Denne gongen var det den tsjekkiske partnaren som tok kontakt.

På tvers av fagområde

Då Hilde Inntjore, dekan for lærarutdanningane ved UiA, fekk invitasjonen i januar, var ho rask til å kontakta sine fagkoordinatorar for å komma i kontakt med tilsette i vitskapelege stillingar i lærarutdanningane som villa vera med på eit mobilitetsprosjekt for undervisarar i høgare utdanning.

– Sjølv om University of Finance and Administration undervisar og jobbar med eit anna fagområde enn dei vi har i lærarutdanningane, meiner eg at undervisarane våre får eit godt utbytte av å vera med i eit prosjekt kor ein skal dela og læra av erfaringane til kvarandre. Her er det ikkje kva for nokre tema ein underviser som står i sentrum, men korleis ein undervisar og kva for nokre verktøy ein bruker for å understøtte bodskapet i undervisninga.

Lenka Garshol var ikkje i tvil då hun blei oppmerksam på invitasjonen og såg kva prosjektet omhandla. Ho tenkte at dette måtte ho vera med på.

– Eg har ein bachelorgrad frå eit anna universitet i Tsjekkia og synest det er interessant å erfara korleis det er å vera på «den andre sida». Å sjå kva for nokre ressursar undervisarane brukar og kva som har endra seg sida eg var student, men òg kva eg kan bidra med av den erfaringa eg har fått etter at eg flytta til Noreg, fullførte master- og PhD-utdanningane mine og begynte å undervisa i lærarutdanningane på UiA.

Inntjore er særs nøgd med at Garshol blei med på prosjektet.

– Vi gleder oss veldig over dette engasjementet og dei internasjonale perspektiva det kan bringa inn. Det blir òg spanande å sjå korleis kollegaer i lærarutdanningane kan dra nytte av kunnskapen frå dette prosjektet og korleis det kan styrke bruken av digitale verktøy i undervisningskvardagen.

Restriksjonar og nye tankar

Prosjektet er foreløpig i oppstartsfasen og det er mykje som må på plass før dei kjem i gong. Prosjektperioden er i utgangspunktet satt til dette studieåret og det er lagt opp til totalt fire besøk ved dei involverte institusjonane. Covid-19, reiserestriksjonar og karantenereglane gjer at dei må tenke alternativt.

– Vi skal vera to deltakarar frå Noreg og seks deltakarar frå Tsjekkia og søknaden skisserer eit besøk ved University of Finance and Administration og tre besøk til UiA. Det seier seg sjølv at det kan bli vanskeleg å gjennomføra besøka om det førar til karantene i etterkant, seier Garshol.

Ho fortel vidare at det kan bli snakk om å gjennomføre videoanalyse og fleire digitale møte enn dei i utgangspunktet hadde sett for seg i januar:

– Eg håpar vi får gjennomført nokre av besøka når vi kjem til 2021. Videoopptak er eit godt verkemiddel i eit observasjonsstudium, men det er noko med det å vera der når det skjer, sjå kvarandre når ein skal observera og etterpå diskutera.