English version of this page

Jon Olav Sørhaug

Førsteamanuensis
Institutt for nordisk og mediefag
Telefon
+47 38142156
Mobiltelefon
+4799232709
Kontor 122F (Universitetsveien 51, 4630 Kristiansand, Norway)

Ansvarsområde

Eg underviser i norskdidaktikk og forskar på lesing og skriving med digitale teknologiar i skolen. For tida er eg involvert i fleire skriveutviklingsprosjekt innanfor den nasjonale satsinga Dekomp (desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skolen). Her samarbeider eg med lærarar og skoleleiarar på ei rekke skoler om kompetanseheving innanfor lesing og skriving med digitale teknologiar.

Forskinga mi dreier seg særleg om språk, skriving og teknologi. Med bakgrunn i sosiomaterielle teoriar og metodar ønsker eg å undersøke korleis menneske, maskinar og programvarer samhandlar og samarbeider om å løyse ulike oppgåver i skolen, som for eksempel det å skrive tekstar. Hausten 2023 initierte eg eit skriveforskingsprosjekt som utforskar tidlege adoptørars bruk av chatbotar i skolearbeid. Førebels er prosjektet i ein innleiande fase, der eg i samarbeid med masterstudentar og lærarar samlar inn skjermfilm frå skoleklassar i barneskole, ungdomskole og vidaregåande skole, for vidare analyse.

I desember 2022 disputerte eg for doktorgraden i språkvitskap med avhandlinga På sporet av aktørar som skriv: ein studie av to digitale samskrivingskasus i ein norsk ungdomsskoleklasse. I dette prosjektet har eg brukt sosiomateriell teori og kvali-kvantitative metodar til å undersøke elevars digitale tekstskaping. Ved hjelp av teori og metodar frå aktør-nettverksteori (ANT) har eg utforska korleis elevar skriv fagtekstar i tett samarbeid med programvare, tekstar frå internett og andre digitale aktørar. Studien peiker særleg på den betydninga digitale aktørar har for ungdommars tekstskaping. I mange av dei observerte situasjonane er det dei digitale aktørane som synast å ha størst forhandlingsevne og gjennomslagskraft. Formålet med studien er å bidra med meir kunnskap om digital skriving, for på den måten å få ein bevisst omgang med teknologi i skolen.

Eg er elles engasjert som lærebokforfattar i faga norsk og religion og etikk. Tidlegare har eg arbeidd som lærar i vidaregåande skole, med pedagogisk arbeid i Den norske kirke, med prosjektarbeid for oljeserviceselskapet HMH og med skjønnlitterær skriving.

 

Forskning

Utvalgte publikasjoner

Svenlin, M. & Sørhaug, J. O. Collaborative Writing in L1 School Contexts: A Scoping Review. Scandinavian Journal of Educational Research (CSJE) In press/2022. https://doi.org/10.1080/00313831.2022.2115128.

Børresen, Pål Fredrik; Jomisko, Anne Lise; Longva, Ida Carine; Sørhaug, Jon Olav; Aasbrenn, Ingeborg.
Appell VG2/VG3 SF Norsk. Gyldendal Undervisning 2021 (ISBN 978-82-05-51856-8) 544 s.

8 grep (16 s.) i boka 101 grep om grammatikk. Kverndokken, K. (red.). ISBN: 9788245034370. Fagbokforlaget, 2021.

Børresen, Pål Fredrik; Jomisko, Anne Lise; Longva, Ida Carine; Sørhaug, Jon Olav; Aasbrenn, Ingeborg.
Appell VG1 SF Norsk. Gyldendal Undervisning 2020 (ISBN 978-82-05-51855-1) 357 s.

Eksamenordninga står for fall. Kronikk i Fædrelandsvennen 11.desember 2020.

Det vi tenker på når vi tenker på skriftleg eksamen. Omtale av artikkelen "Elevperspektiv på eksamensoppgavene i norsk skriftlig" av Audhild Norendahl og Agnete Bueie. I: Norsklæreren 4, 2019.

7 grep (14 s.) i boka 101 Ways to work with Communicative SkillsBurner, T., Carlsen, C.  & Kverndokken, K. (red.). ISBN: 9788245026597. Fagbokforlaget, 2019.

Når ein engel går gjennom klasserommet: Vegar og omvegar mot ein meir performativ litteraturdidaktikk. Nordisk Tidsskrift for Pedagogikk Og Kritikk4, 2018. https://doi.org/10.23865/ntpk.v4.1130

21 grep (42 s.) i boka 101 Litteraturdidaktiske grep. Kverndokken, K. (red.). ISBN: 9788245023824. Fagbokforlaget/LNU, 2018.

– Gi oss en vanlig bok! Om lesevanar og digitale forventningar i det teknologitette klasserommet. Utdanningsforsking.no/Bedre Skole 4, 2018.

- Eg lærte eit par nye ord på nynorsk i tillegg. Om samarbeidslæring i nynorsken. Norsklæreren 1, 2018.

- Fy da! Det er jo Khomeini. Om å bruke bilde i undervisninga om islam. Religion og livssyn 2, 2017.

- Hallo! Kven er sjefen her? Om det som skjer når læraren møter bråkeklassen, og kva ein kan gjere med det. Lektorstudentene 2017.

Det blinde punktet. Diktsamling. ISBN: 9788252174649. Det Norske Samlaget, 2010.

Du finst i bølgjene. Diktsamling. ISBN: 9788252170344. Det Norske Samlaget, 2007. 

 

Publikasjoner

  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Kven er det som skriv no? Aktuelle perspektiv på eit norskfag under press frå digital teknologi. Norsklæreren. ISSN 0332-7264. 47(2), s. 30–37. Fulltekst i vitenarkiv
  • Flaten, Tom; Birkeland, Nils Rune & Sørhaug, Jon Olav (2023). Fra «dørgende kjedelig» til «det forlokkende land»: Seks læreres perspektiver på språket som system og mulighet i videregående opplæring . ELLA – Education, Literature, Language – Utdanning, litteratur, språk. ISSN 2704-0968. 1(1), s. 1–23. doi: 10.58215/ella.3. Fulltekst i vitenarkiv
  • Svenlin, Mindy & Sørhaug, Jon Olav (2022). Collaborative Writing in L1 School Contexts: A Scoping Review. Scandinavian Journal of Educational Research. ISSN 0031-3831. s. 1–17. doi: 10.1080/00313831.2022.2115128. Fulltekst i vitenarkiv
  • Birkeland, Nils Rune; Flaten, Tom & Sørhaug, Jon Olav (2022). Trøbbel med kjernen av norskfaget? En studie av norsklæreres møte med fagets kjerneelementer. Norsklæreren. ISSN 0332-7264. s. 56–69. Fulltekst i vitenarkiv
  • Sørhaug, Jon Olav (2018). Når ein engel går gjennom klasserommet: Vegar og omvegar mot ein meir performativ litteraturdidaktikk. Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk. ISSN 2387-5739. doi: 10.23865/ntpk.v4.1130.

Se alle arbeider i Cristin

  • Børresen, Pål Fredrik; Jomisko, Anne Lise; Longva, Ida Carine; Sørhaug, Jon Olav & Aasbrenn, Ingeborg (2021). Appell VG2/VG3 SF. Gyldendal Undervisning. ISBN 9788205518568. 537 s.
  • Børresen, Pål Fredrik; Jomisko, Anne Lise; Longva, Ida Carine; Sørhaug, Jon Olav & Aasbrenn, Ingeborg (2020). Appell VG1 SF Norsk. Gyldendal Undervisning. ISBN 978-82-05-51855-1. 357 s.

Se alle arbeider i Cristin

  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Etiske perspektiv på generative chatbots i skolen.
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Utfordringsbildet med chatbots i klasserommet.
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Chatbots og vurdering i skolen.
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Med chatboten i norskfaget.
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Skoleperspektiv på bruk av generative chatbots.
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Fagskriving med digital teknologi.
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Møt ein forskar: Forsking på generative chatbots i skolen.
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Kunstig intelligens i skolen – kva skjer no?
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Informasjonskompetanse med digitale tekstar.
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Norsk skriftleg i lys av KI og chatbots.
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Kunstig intelligens i vidaregåande skole.
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Korleis drive skole etter ChatGPT?
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). Kunstig intelligens og språkpolitikk (foredrag).
  • Sørhaug, Jon Olav (2023). ChatGPT i akademia (foredrag).
  • Sørhaug, Jon Olav (2022). Skriverobotar vil framskynde endringar i skriftleg eksamen. Utdanningsnytt.no.
  • Sørhaug, Jon Olav (2022). Frå runer til emojis : Med skriveteknologiar gjennom historia.
  • Sørhaug, Jon Olav (2021). 8 grammatikkgrep. I Kverndokken, Kåre; Bakke, Jannike Ohrem & Budal, Ingvil Brugger (Red.), 101 grep om grammatikk - om språket som system og språket i bruk. Fagbokforlaget. ISSN 9788245034370.
  • Sørhaug, Jon Olav (2020). Eksamensordninga står for fall. Kronikk 11.Des.2020. Fædrelandsvennen. ISSN 0805-3790. s. 32–32.
  • Sørhaug, Jon Olav (2019). Det vi tenker på når vi tenker på skriftleg eksamen. Omtale av artikkelen "Elevperspektiv på eksamensoppgavene i norsk skriftlig" av Audhild Norendahl og Agnete Bueie. Norsklæreren. ISSN 0332-7264. s. 68–69.
  • Sørhaug, Jon Olav (2019). Seven Teaching Activities. I Burner, Tony; Carlsen, Christian & Kverndokken, Kåre (Red.), 101 ways to work with communicative skills - Theoretical and practical approaches in the English classroom. Fagbokforlaget. ISSN 9788245026597.
  • Sørhaug, Jon Olav (2018). 21 litteraturdidaktiske grep. I Kverndokken, Kåre (Red.), 101 litteraturdidaktiske grep: om å arbeide med skjønnlitteratur og sakprosa. Fagbokforlaget. ISSN 978-82-450-2382-4.
  • Sørhaug, Jon Olav (2018). - Eg lærte eit par nye ord på nynorsk i tillegg. Om samarbeidslæring i nynorsken. Norsklæreren. ISSN 0332-7264.
  • Sørhaug, Jon Olav (2017). - Fy da! Det er jo Khomeini. Om å bruke bilde i undervisninga om islam. Religion og livssyn : Tidsskrift for religionslærerforeningen i Norge. ISSN 0802-8214.
  • Sørhaug, Jon Olav (2022). På sporet av aktørar som skriv: Ein studie av to digitale samskrivingskasus i ein ungdomsskoleklasse. Universitetet i Agder. ISSN 978-82-8427-102-6. 389. Fulltekst i vitenarkiv

Se alle arbeider i Cristin

Publisert 16. apr. 2024 10:49 - Sist endret 10. mai 2024 11:46