0
Hopp til hovedinnhold

Vert ny personaldirektør

Helene Braathen (53) er tilsett som ny personal- og organisasjonsdirektør ved UiA. Ho startar i stillinga i siste del av mai månad.

Helene Braathen (Foto: Privat)

Helene Braathen (Foto: Privat)

Braathen kjem frå stillinga som personalsjef i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM). Ho er utdanna jurist frå UiO og har tidlegare arbeidd i Landbruks- og matdepartementet, Skattedirektoratet og ulike skatte- og likningskontor. Ho har òg vore tillitsvalt og leiar i Skatteetatens juristforeining.

– Eg er glad for å få Helene med på laget og inn i mi leiargruppe. Ho har ein svært interessant bakgrunn, både som leiar og tillitsvalt. Eg har store forventningar til at ho med sin kompetanse vil bidra til å utvikle universitetet vidare på ein god måte, seier universitetsdirektør Seunn Smith-Tønnessen.

Flyttar heim

Braathen er dansk, men har vakse opp i Kristiansand. Ho flyttar no heim att til Kristiansand etter 30 år i hovudstaden for å starte på UiA.

Seniorrådgjevar Ingunn Ugland har vore konstituert personal- og organisasjonsdirektør dei siste månadene, og vil halde fram til Braathen startar. Ugland søkte ikkje på stillinga. Det var til saman 29 søkarar.

Camilla Jarlsby, som hadde stillinga tidlegare, blei i fjor rekruttert til stillinga som direktør for kultur og innbyggjardialog i Kristiansand kommune.