0
Hopp til hovedinnhold

Utviklar ansiktsgjenkjenning for å spore fisk

Havforskarar utviklar avansert ansiktsgjenkjenning for å skilje fisk frå kvarandre. 

Foto på brygge av fotoboks og mennesker
Med denne avanserte fotoboksen tar forskarane Tonje Knutsen Sørdalen (UiA) og Kim Halvorsen (Havforskingsinstituttet) bilde av fisk (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet).

– Fiskeriforvaltninga vil ha stor nytte av at ein kan spore opp enkeltfisk gjennom heile livsløpet og rekne ut kor mykje fisk det er i ein bestand. 

Det seier Tonje Knutsen Sørdalen. Ho er postdoktor på Universitetet i Agder (UiA) og Centre for Coastal Research (CCR), og arbeider med prosjektet Fish Face

Alle fisk har ulikt mønster, seier forskarane (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet).

Alle fisk har ulikt mønster, seier forskarane (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet).

Saman med forskarkollega Kim Halvorsen frå Havforskingsinstituttet i Flødevigen arbeider ho med kunstig intelligens som skal kjenne igjen ansiktet til ulike individ av fisk. Ved hjelp av ein avansert fotoboks, portrettbilde og undervatnskameraer tar dei varierte bilde av fisken grøngylt. Nokre av fiskane har dei henta opp frå ei fisketeine på brygga på forskingsstasjonen i Flødevigen.

Smarttelefonane kjenner igjen ansikta våre ved hjelp av kunstig intelligens, og den metoden vil havforskarane bruke på fisk. 

Grøngylt har eit tydelig mønster (foto: Tonje Knutsen Sørdalen).

Grøngylt har eit tydelig mønster (foto: Tonje Knutsen Sørdalen).

Dei har starta med fisken grøngylt sida han har serleg markante mønstre. På sikt skal dei også ta føre seg fleire fiskeartar. 

– Alle fisk har ulikt mønster, og det kallar vi for fiskens fingeravtrykk. Informasjonen vi hentar inn kan seie noko om åtferd, rørsler og livsløpet til fiskane, seier Knutsen Sørdalen.  

Havforskarane samarbeider med forskarar innan kunstig intelligens ved Senter for forsking på kunstig intelligens (CAIR) ved UiA. Saman har forskingsmiljøa klart å kombinere avansert datateknologi med havforsking. Forskinga er framleis i ein tidleg fase. 

Kunstig intelligens

Forskarane bruker bilda og videoa dei tek til å byggje opp ein stor database med bilde av enkelte fiskeartar og ulike individ innan samme art. Ved hjelp av treningsdataa trener algoritmen seg til å forstå mønstre på ulike fiskeartar og individ. 

På sikt skal fisken bli fotografert ved ulike stasjoner under vatn utan at forskarane er borti den. Dette er meir skånsamt for fisken og sparer tid for forskarane. 

Tonje Knutsen Sørdalen, Kim Halvorsen og Nils Chr. Stenseth på brygga ved Havforskingsinstituttet i Flødevigen i Arendal.

Tonje Knutsen Sørdalen, Kim Halvorsen og Nils Chr. Stenseth på brygga ved Havforskingsinstituttet i Flødevigen i Arendal.

– Det er ingen stress for fisken å bli tatt bilde av i sjøen, og minimalt med stress å bli tatt bilde av om bord i ein båt. Alternativet er å halde fram slik vi gjer nå med å bedøve fisken og ID-merke han med en chip for å kjenne han igjen seinare, seier Knutsen Sørdalen.

Om prosjektet går etter planen kan ein etter kvart spore tusenvis av fisk og følgje desse tett i havet. 

– Informasjonen vi får, kan til dømes få noko å seie for kor store fiskekvotar som blir gitt og kor ein kan leggje reservat, seier forskaren.

Banebrytande

Nils Chr. Stenseth er professor i biologi ved Universitetet i Oslo og professor II ved Universitetet i Agder. Han kallar metoden banebrytande og meiner han kan føre til store framsteg for havforskinga. 

– Vi kan no få mykje ny kunnskap om dei ulike bestandane og lære meir om livet i havet. Den nye datateknologien gir oss fleire moglegheiter for å analysere store data-mengder på heilt nye måte, seier Stenseth, som også er styreleiar for Centre for Coastal Research. 

Forskingssatsing i Agder 

Prosjektet er ein del av ein større satsing på havforsking langs sørlandskysten. Centre for Coastal Research og Stenseth arbeider for tida med ei felles satsing om det gløymde havområdet; Skagerrak, Kattegat og Oslofjorden. 

Det blir forska ein del i dette området, men ifølgje Stenseth veit vi framleis for lite om korleis klimaendringar, forureining og overfiske påverkar havområdet.

 – Tatt i betraktning kor mange folk som er avhengige av desse havområda, og at det blir omgitt av Skandinavias mest tette folkesette område, er det forbløffande kor lite vi veit om det. Vi må komme i forkant slik at vi kan forvalte naturressursane langs kysten på ein god måte, seier Stenseth. 

 

Fakta

Det felles forskingssamarbeidet om Skagerrak, Kattegat og Oslofjorden blir kalla Kunnskapsutvikling for et friskt og produktivt havområde. 

Samarbeidspartnarar i prosjektet: 

  • Universitetet i Agder 
  • Noregs miljø- og biovitskapelege universitet
  • Universitetet i Oslo
  • Havforskingsinstituttet i Flødevigen
  • Norsk institutt for vatnforsking (NIVA)
  • Meteorologisk Institutt

Målet er å auke kunnskapen om korleis dynamikken i kystsonebiologien blir påverka av klimaendringar og korleis vi saman kan utvikle berekraftige løysningar i området.