Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

UiA tar gatekunsten inn i varmen

– Eg hugsar jo godt den tida då det var nulltoleranse for kunst utandørs i Kristiansand, uansett kva det var du skulle gjere, seier Arne Vilhelm Tellefsen.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Mette Line Pedersen og Arne Vilhelm Tellefsen ved et kunstverk, foto
Moderne og urbant: Seniorrådgjevar Mette Line Pedersen (t.h.) i Kunstsamlinga på UiA og kunstnar Arne Vilhelm Tellefsen ved sidan av det nye veggmåleriet «Phone Calling» i Sigurd Køhns hus.

På 1980-talet blei han bøtelagt for hærverk, etter at han brukte ein grå undergang som lerret i sørlandsbyen. No er det andre tider: Universitetet i Agder har stilt fleire veggar til disposisjon og gitt rom til gatekunsten innandørs.

Verk av Sedin Zunic, foto

«You should never play to the gallery»: Verket til Sedin Zunic formidlar at alle har musikk i hjartet. - Eg har som mål å inspirere studentar og besøkande til å vere tru mot seg sjølv, seier han.

Tellefsen er ein av tre kunstnarar som har sett sitt preg på ein eigen fløy på universitetet denne hausten. Saman med Ener Konings og Sedin Zunic, har han smykka veggane i Sigurd Køhns hus på Fakultet for kunstfag med urbane og tidsaktuelle veggmåleri.

Speglar stemninga

Tellefsen sine tre verk – Phone Calling og Energy of Playing 1 og 2, har som mål å spegle stemninga i det området dei er plasserte i.

Verk av Ener Konings, foto

Collagekunst: Ener Konings brukar alltid motivinspirasjon frå folk han kjenner. Dette verket består blant anna av plakatar og flygeblad frå Campus Kristiansand.

–  Eg synest det er kult å kunne ta den visuelle kunsten dit som folk er. Tanken bak dei kunstverka eg har jobba med her, er at dei skal passe inn med dei kreative energiane som bur i bygget, seier Tellefsen.

– Arbeida mine her på UiA gir meg også sjansen til å nå ei gruppe som ikkje alltid er så interessert i kunst. Kunsten min søkjer å kome publikum i møte, og det håpar eg at eg har fått til, legg han til.

Tid for fornying

Seniorrådgjevar Mette-Line Pedersen ved UiAs kunstsamling, deler Tellefsen sin ambisjon om at kunsten skal gå i dialog med publikum. Ho har lenge sysla med tanken på korleis kunstverka i Sigurd Køhns hus kunne gjerast meir relevante for brukarane. Bygget var nytt i 2012, men kunsten der har aldri vore heilt i takt med det kreative miljøet som studerer og arbeider på huset.

– Vi fekk tilbakemeldingar på at kunsten burde fornyast. Kunstverka i K-bygget har mangla tilknyting – dei kunne ha hengt nær sagt kor som helst i det offentlege rom, seier Pedersen.

Ho har ei nøkkelrolle i planlegginga og utføringa av gatekunstprosjektet og observerer interessert medan Tellefsen byter sjablong på måleriet av ein energisk, kvinneleg trommeslagar.  

–  Mitt inntrykk er at dei nye kunstverka i større grad speglar det arkitektoniske, brukarane av bygningen og tida vi lever i, seier ho.

Frå rebelsk til stoverein

Gatekunst er ei urban uttrykksform som har blitt assosiert med ulovleg praksis og kunstnarar som tar seg til rette i det offentlege rom. No er denne typen kunst blitt ein naturleg del av bybildet mange stader, også på Sørlandet.

– Uttrykket kan vere provoserande, men sjangeren er ikkje særleg kontroversiell lenger. Gatekunsten har kome for å bli, seier Pedersen.

Då ho kontakta Tellefsen, Konings og Zunic om prosjektet på UiA, fekk dei i oppdrag å skape kunst som appellerer til den aktuelle målgruppa, i hovudsak studentar. Pedersen ønskte seg kunst som ikkje nødvendigvis gir svar, men som bidrar til refleksjon og dialog.

– Her har vi fått tre forskjellige svar på den bestillinga. Tilbakemeldingane frå studentane har vore veldig bra! seier ho.

– Sjølv er eg også tilfreds med at gatekunstverka heng godt saman med kvarandre og at dei passar godt inn i miljøet og tida. Eg kan knapt tenke meg betre selfie-veggar enn dei vi no har fått her på kunstfag, seier Pedersen.

Arne Vilhelm Tellefsen og samarbeidspartner Jonas Numme som dekorerer veggen, foto

Sjablongteknikk: Arne Vilhelm Tellefsen (t.v) og samarbeidspartner Jonas Numme byter sjablong på det som skal bli veggmåleriet «Energy of Playing 1».

Arne Vilhelm Tellefsen dekorerer veggen, foto

UiA-alumn: Arne Vilhelm Tellefsen studerte historie og pedagogikk ved UiA på 1990-talet. Han synest det er fint å vere tilbake på universitetet som utøvande kunstnar.