0
Hopp til hovedinnhold

UiA-professor Morten Goodwin i Personvernnemnda

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har utnemnt professor Morten Goodwin ved Universitetet i Agder til Personvernnemnda for perioden 2021-2024. 

Illustrasjon av iphone med apper
Personvernnemnda blei oppretta i 2001 for å behandle klager på Datatilsynets vedtak (Illustrasjonsbilde: Unsplash.com).

– Det er ei ære å bli utnemnt til å bidra i dette arbeidet. I vår nye teknologiske kvardag er vi utsette. Personvern er veldig viktig. I dag er vi til dømes omgitt av appar som haustar masse data om oss utan at mange er klar over det, seier Morten Goodwin

Morten Goodwin er professor ved Institutt for IKT på Universitetet i Agder.

Morten Goodwin er professor ved Institutt for IKT på Universitetet i Agder.

Goodwin er professor ved Institutt for Informasjon og kommunikasjonsteknologi på Universitetet i Agder. Han er nestleiar for forskingssenteret Centre for Artificial Intelligence Research (CAIR) og har ein doktorgrad i kunstig intelligens. 

– Personvernnemda passar på at Datatilsynet gjer som dei skal. Mi rolle er å bidra med teknologisk kompetanse om mellom anna algoritmar og datalagring. Andre medlemmar bidrar med juridisk kompetanse, seier Goodwin. 

Goodwin underviser om kunstig intelligens for både bachelor-, master- og doktorgradsstudentar, i tillegg til at han er ein aktiv forskar på feltet. Han er også ein aktiv populærvitskapeleg formidlar av kunstig intelligens. 

Hausten 2020 gav han ut boka "AI. Myten om maskinene". Boka forklarar på ein oppklarande og humoristisk måte kva kunstig intelligens eigentleg er, korleis teknologien har oppstått, kva vi bruker det til i dag, og kva som snart vil være mulig i framtida med teknologien.

Sju faste medlemmar

Personvernnemnda er eit klageorgan og behandlar klager over vedtak fatta av Datatilsynet. Nemnda er ein uavhengig komité med sju faste medlemmar med personlege avløysarar. Både medlemmane og avløysarane blir utnemnde for fire år med høve til å bli utnemnt fleire gongar. 

Personvernnemnda er administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

For perioden 1. januar 2021 til 31. desember 2024 har departementet utnemnt følgande medlemmar og avløysarar til Personvernnemnda: 

  • Sorenskrivar Mari Bø Haugstad, leiar
    Lagdommar Mats W. Ruland, personleg avløysar
  • Professor Bjørnar Borvik, nestleiar
    Tingrettsdommar Gunn Elin Lode, personleg avløysar
  • Advokat Line Coll, medlem
    Rådgjevar Eirik Løkke, personleg avløysar
  • Advokat Hans Marius Graasvold, medlem
    Fagdirektør Maryke Silalahi Nuth, personleg avløysar
  • Overlege Ellen Økland Blinkenberg, medlem
    Juridisk rådgjevar Heidi Talsethagen, personleg avløysar
  • Seniorrådgjevar Hans Marius Tessem
    Professor Petter Bae Brandtzæg, personleg avløysar
  • Professor Morten Goodwin, medlem
    CTO Simen Sommerfeldt, personleg avløysar