0
Hopp til hovedinnhold

UiA-forskar til komité for likestilling og mangfald i akademia

Kunnskapsdepartmentet har utnemnd førsteamanuensis Ronald Mayora Synnes som ny medlem i Kif-komiteen.

Bilde av Ronald Mayora Synnes foran Global Lounge på UiA.
Kunnskapsdepartementet har utnemnd førsteamanuensis Ronald Mayora Synnes ved Universitetet i Agder som ein av tolv nye medlemmar i Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif). Foto: Erland Grøtberg.

– Utnemninga er viktig for meg, og temaet engasjerer meg, seier Ronald Mayora Synnes

Han er førsteamanuensis ved Institutt for sosiologi og sosialt arbeid. For tida arbeider han mellom anna med eit forskingsprosjekt om inkludering av ungdom og unge vaksne utanfor arbeid, utdanning eller opplæring

No skal han også bidra med sin kompetanse i Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif). Arbeidet startar i mars 2022 og går ut 2025. 

Komiteen skal sjå nærmare på korleis kjønn og sosial og etnisk bakgrunn påverkar forskarkarrieren til tilsette ved universitet og høgskular. Synnes og resten av komiteen skal støtte og føreslå tiltak som bidrar til integrering, kjønnsbalanse og mangfald ved universitet, høgskular og forskingsinstitutt. 

I ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet står det at arbeidet skal bidra til bevisstgjering om mangfald, inkludering og trakassering ved dei høgare utdannings- og forskingsinstitusjonane. Komiteen skal sjå norske forhold i ein internasjonal samanheng. 

Komiteen skal òg vere ein pådrivar i det internasjonale arbeidet med kjønnsbalanse og mangfald. 

Erfaring frå feltet

Som forskar har han arbeidd aktivt med tematikken dei siste åra. Særleg har han vore oppteken av i kor stor grad etniske minoritetar har leiarposisjonar og faste vitskaplege stillingar, og om dei er med i prosessar før viktige vedtak vert gjort i universitetssektoren.

– Eg synest det er viktig å gi direkte råd til norske styresmakter og utdanningssektoren på dette feltet. Tidlegare har eg gjennom ulike verv vore med og gitt råd om dette, men no får eg sjansen til å bidra på eit meir overordna plan, seier Synnes. 

Betre integrering og kjønnsbalanse

Ragnhild Hennum er professor og dekan ved juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo og skal leie komiteen. Sidan komiteen første gong vart etablert i 2014, er mandatet utvida frå å handle om kvinner i forsking til kjønnsbalanse og mangfald. No vert det lagt enda meir vekt på korleis kjønn og sosial og etnisk bakgrunn påverkar avgjerande steg i forskarkarrieren.

– Det dreier seg mellom anna om vegen frå stipendiatstilling og vidare til ei stilling som forskar eller førsteamanuensis og vidare til professor og ulike leiarstillingar, seier Synnes.

Synnes ser fram til å arbeide systematisk med representasjon av etniske minoritetar i heile sektoren.

– Eg meiner at vi må ha eit vake blikk både på etnisk bakgrunn og kjønn for å oppnå likestilling i sektoren, seier han. 

Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking  2022-2025:

  • Dekan Ragnhild Hennum, Universitetet i Oslo, leiar 
  • Forskingssjef Ole Jacob Sending, Norsk utanrikspolitisk institutt, nestleiar
  • Instituttleiar Torjer Olsen, UiT - Norges arktiske universitet 
  • Førsteamanuensis Yan Zhao, Nord Universitet
  • Førsteamanuensis Ronald Mayora Synnes, Universitetet i Agder
  • Forskar II Julia Orupabo, Institutt for samfunnsforsking
  • Forskingsdirektør Camilla Røsjø, Nofima
  • Forskingssjef Tove Håpnes, Sintef
  • Førstelektor Feroz M. Shah, Akademiet for yngre forskarar
  • Stipendiat Anna Piterskaya, Stipendiatorganisasjonane i Noreg
  • Rolf Martin Aspenes, Norsk studentorganisasjon
  • Avdelingsdirektør Johannes Waage Løvhaug, Forskingsrådet