Universitetet i Agder skal utvikle nye praksisplassar for studentar ved helse- og sosialfagutdanningane.
Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er klart etter at to av forskingsmiljøa ved UiAs barnevern- og sjukepleiarutdanning får gjennomslag for sine søknader om støtte frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku).
Desse prosjekta får stønad:
Diku fekk inn til saman 23 søknadar frå 13 ulike utdanningsinstitusjonar. 12 av dei vart innvilga.
Praksis inngår i fire av studieåra ved UiAs femårige masterutdanning i barnevern.
– Hovudmålet vårt er å utvikle nye praksismodellar og måtar å organisere samarbeidet mellom kommunalt og statlig barnevern og universitet, seier Reidun Follesø.
Ho understrekar at prosjektet har som mål å utdanne kompetente barnevernsarbeidarar. Det skal òg auke rettleiarkompetansen hos dei ulike institusjonane i kommunane som tek imot praksisstudentar.
– Vektlegging av kompetanse om møte mellom menneske kjem til å gå som ein raud tråd gjennom prosjektet, slik det allereie gjer i masterutdanninga i barnevern ved UiA, seier ho.
I prosjektet skal dei mellom anna utvikle ein nettressurs – Raud tråd-digibok – der studentane kan utveksle erfaringar.
– Digiboka vert ein ny framgangsmåte der studenten samlar eigen læring gjennom heile praksisperioden. Samtidig får dei auka kompetansen sin ved å utveksle tankar og erfaringar frå praksisen med andre studentar, lærarkrefter ved universitetet og rettleiarane ved praksisplassen, seier Follesø.
Viktige partnarar for forskingsprosjektet er Birkenes kommune, Lillesand kommune, Kristiansand kommune, Barneverntjenesten for Kristiansandsregionen, Lister og Bufetat region sør.
Kristine Haddeland disputerte nyleg for doktorgraden og ser fram til å arbeide med eit nytt og spennande forskingsprosjekt.
– Vi skal gjere praksisperioden betre for studentane og kommunane som har dei i praksis, seier Haddeland.
Sentrale partnarar for UiA vert utdanningsinstitusjonen Lovisenberg Diakonale Høgskole og kommunane Arendal, Kristiansand, Åmli og Flekkefjord.
– Som utdanningsinstitusjonar er vi avhengige av kommunane som tilbyr praksisplassar for sjukepleiarstudentane, seier Haddeland.
Mange av dagens studentar i helse- og sosialfagutdanningane skal jobbe i kommunane når dei er ferdig utanna. Men mangel på praksisplassar er ofte ei hindring. Det er bakgrunnen for at regjeringa no har ordelt 97 millionar kroner til prosjekt som kan bidra til god og relevant praksis i kommunane.
Ved UiA har Follesø så smått tjuvstarta med sitt prosjekt for studentar ved barnevernsutdanninga. Haddeland startar sitt forskingsprosjektet for fullt våren 2021. Begge prosjekta er fireårige og vert avslutta i 2024.