0
Hopp til hovedinnhold

Styrker samarbeidet med 96 sørlandsbedrifter

Frem mot 2024 knyter Universitetet i Agder seg tettare til nær 100 maritime teknologi- og energibedrifter i NODE-klynga på Sørlandet.

Vindmøller på havet, foto
MARITIM TEKNOLOGI: Ein eigen samarbeidsavtale mellom UiA og GCE NODE knyter universitetet tettare saman med maritimt rette teknologi- og energibedriftene på Sørlandet. (Foto: GLC NODE)

Det er klart etter at universitetet og GCE NODE (GCE stå for Global Centre of Expertice) underteikna ein treårig samarbeidsavtale førre veke. Avtalen dekker samarbeid både på strategisk og operativt nivå, og inkluderer òg delte ressursar og involvering av studentar.

Sjå lista over NODE-bedriftene her!

Gøril Hannås, foto

Gøril Hannås

– Vi er veldig glade for å ha inngått ein samarbeidsavtale med GCE NODE. Sjølv om UIA og Nodes bedrifter har samarbeidd på mange plan over fleire år, er avtalen eit verkemiddel for å vidareutvikle og forsterke samarbeidd på konkrete område, og gi det strategisk prioritet hos begge partar, seier Gøril Hannås (biletet), viserektor for samfunnskontakt og nyskaping ved UiA.

– Vi håper avtalen legg til rette for å kople studentar og vitskaplege tilsette endå tettare på utfordringane og moglegheitene til næringslivet gjennom felles prosjekt, inkludert prosjektoppgåver og praksisplassar. Ikkje berre tilfører det studiane våre meir arbeidslivsrelevans, det er òg god samskaping i praksis, seier ho.

 Eit sterkt forhold

Også leiinga i GCL NODE er nøgd med den nye avtalen, som i første omgang gjeld fram til 2024.

Tom Fidjeland, foto

Tom Fidjeland

– Eit sterkt forhold mellom industrien og universitetssektoren er kjernen i å byggje ein levedyktig region. Vi har hatt ei nær tilknyting til Universitetet i Agder i mange år, og vi er glade for å formalisere ein avtale som vil bidra til styrke verdiskaping i Agder, seier Tom Fidjeland (biletet), administrerande direktør i GCE NODE på NODE si nettside.

– Samarbeidet med Universitetet i Agder er viktig på fleire vis, men utdanning av dyktig personell med relevant bransjekompetanse er topp prioritet. Ved å jobbe tett med dei ulike fakulteta og institutta, sørger vi for at universitetet tilbyr evner og kompetanse som er nyttig for næringslivet, seier han.

Felles FoU-prosjekt

Gjennom avalen tar partane sikte på å identifisere strategisk innsats og prioriteringar på område der dei har felles interesser. Dette inkluderer mellom anna utvikling og implementering av felles FoU-prosjekt og annan innsats for å auke forskingsbasert innovasjon.

Avtalen regulerer òg doktorgradar og postdoktorstillingar, og utvikling av læringsprogram med relevans for NODE-selskapa, og marknadsføring og kommunikasjon av slike program.

– Vidare vil vi sjølvsagt framleis tilby praksisplassar og studentprosjekt, og vidareføre ei ordning der nøkkelpersonell i bransjen kan jobbe deltid ved universitetet - og omvendt, seier Tom Fidjeland.