Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Studentar og elevar samarbeidde om betre klimatiltak

I samarbeid med Returkraft, Dyreparken og Ungt Entreprenørskap fekk studentar frå Universitetet i Agder og elevar ved Grim skule i oppdrag å presentera miljø- og klimatiltak til Dyreparken.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av Lasse Omland og Lars Reiten i eit klasseom.
Lærarstudentane Lasse Omland (t.v.) og Lars Reiten rettleia vinnargruppa frå klasse 8E ved Grim skule.

Av Gunnar Langeland.

– Det var veldig stas å få jobba med Dyreparken, seier Amina El Mourrakouchi i 8E ved Grim skule.

Ho var ein av elevane som var med då 53 studentar frå grunnskulelærarutdanninga for trinn 5-10 ved Universitetet i Agder (UiA) rettleia 150 elevar i seks åttandeklassar ved Grim skule gjennom opplegget.

Opplegget er eit samarbeid mellom UiA, Grim skule, Dyreparken, Ungt Entreprenørskap og Returkraft. Det er ein del av prosjektet Studentaktiv læring i lærarutdanningane (STALU). Prosjektet har mellom anna som mål å utvikle studentaktive og profesjonsretta lærings- og vurderingsformer.

– Arrangementet og opplegget på Grim skule er eit delprosjekt i STALU der vi ønsker å kople saman natur- og samfunnsfaga med lokalt næringsliv, seier Irene Trysnes.

Ho er førsteamanuensis ved UiA og har leia samarbeidet med skular og arbeidsliv saman med universitetslektor ved UiA, Anne Lien og førsteamanuensis ved UiA, Anne Vegusdal. Grim skule deltek i Lektor2-ordninga, ei nasjonal satsing der målet er å auke elevane si interesse for realfag gjennom samarbeid mellom skule og arbeidsliv.

Oppdrag om berekraft

Åttandeklassingane fekk i oppdrag å løyse problem knytte til berekraftig utvikling i Dyreparken. Den beste ideen frå kvar klasse vart presentert framfor ein jury beståande av rektor ved Grim skule og representantar frå Dyreparken og Returkraft. Premien var pizza til heile klassen. I forkant har lærarstudentar og elever blitt kursa i entreprenørskap som læringsstrategi. Dei har òg fått innblikk i arbeidet til Returkraft og berekraftig utvikling som tverrfaglig tema i skule- og lærarutdanning. 

Bilde av Irene Trysnes, førsteamanuensis ved UiA.

Førsteamanuensis ved Universitetet i Agder Irene Trysnes håper å få til fleire samarbeidsprosjekt mellom studentar, elevar og bedrifter i framtida.

– Det er en veldig kjekk måte å jobba på, og en fin måte å få øvd oss på å hjelpe elevane, seier studenten Lasse Omland.

Saman med Lars Reiten er han student på andreåret ved grunnskulelærarutdanninga for trinn 5-10.  ved UiA. Studentane er samde om at elevane har fått godt utbytte av denne veka og trur elevane har trivst med opplegget.

– Eg trur ikkje ei gong at dei har tenkt over at det dei gjer er skulearbeid, seier Reiten.

Fornøgde elevar

Elevane på Grim skule fekk to dagar på seg til å presentere ei løysing på praktiske klimatiltak for Dyreparken.

– Det var veldig gøy å få prøve oss på så mykje forskjellig, og at ein fekk bruke eigne idear som svar på oppgåva, sa Jørgen Brannfjell i 8E til oss rett etter at gruppa hans vart kåra til vinnarar.

Ideen deira var ein panteordning der ein kunne bytte inn reine barnematglas mot ei gåve frå Dyreparken. Gåva var forskjellig avhengig av kva for eit område i parken ein var i. Gruppa ville også utsmykke søppelkassene i parken som ulike dyr.

– Dette er absolutt ein idé som Dyreparken ønsker å arbeide vidare med, sa Dyreparken sin representant Niklas Roslund om ideen frå vinnargruppa.

Godt samarbeid

– Det har vore veldig kjekt å samarbeida med alle aktørane i prosjektet. Vi har fått konkrete problemstillingar frå Dyreparken som dei ønskjer løysing på. Elevene har utforska nye arbeidsmetodar og studentane nye og kreative arbeidsmetodar, seier Trysnes.

Studentane er også nøgde med opplegget. 

Bilde av juryen som bestemte hvilken klasse som hadde det beste klimatiltaket. Juryen står foran i eit klasserom, med elevar på pulter foran seg.

Dette er juryen som bestemte at 8E ved Grim skule hadde det beste klimatiltaket: Frå venstre Preben Skogen (rektor Grim skule), Gina Nordsveen (Returkraft), Heidi Nilsen (Returkraft), Ingvild Omdal (Dyreparken) og Niklas Roslund (Dyreparken).

– Det var veldig lærerikt for oss. Når ein jobbar slik som dette, kan ein ikkje lene seg på ei lærebok. Ein må stole på det ein kan og har lært for å løyse oppgåvene som dukkar opp, seier lærarstudenten Reitan.

Studentaktiv læring i lærarutdanningane

Forskings- og utviklingsprosjektet Studentaktiv læring i lærarutdanningane er eit prosjekt støtta av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku). I fjor haust vart det delt ut til saman 70 millionar kroner til norske universitet og høgskular. Pengane har gått til å utvikle undervisningsopplegg som aktiverer studentane under sjølve læringsprosessen.

Sju fagmiljø ved Universitetet i Agder, saman med eksterne aktørar, fekk totalt fem millionar for å utvikle nye undervisningsopplegg for lærarutdanninga. 

Studentaktiv læring i lærarutdanningane er eit treårig prosjekt (2021-2023). Det skal styrke læring, refleksjon og engasjement hos lærarstudentane og utvikle undervisning som gjør studentane meir aktive og utdanninga meir profesjonsretta.

Tidlegare har Studentaktiv læring i lærarutdanningane mellom anna brukt dataspel for å lære bort samisk kultur.