Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Stor interesse for UiAs bachelorutdanning i e-sport

Frå hausten 2022 tilbyr Universitetet i Agder Europas første bachelorutdanning i akademisk e-sport. Utdanninga har allereie vakt stor interesse verda over. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

llustrasjon av esport utøver
Akademisk e-sport er UiAs andre internasjonalt studie bachelorprogram (Illustrasjon: Colourbox.com

– Interessa er enorm. Berre i haust har eg fått over 500 e-postar og telefonar frå foreldre og studentar over heile verda som er interesserte. Mange kan tenkje seg å ta utdanning i fagområde relatert til e-sport, seier Rune Andersen. 

Rune Andersen er studieprogramleiar for bachelorutdanninga i akademisk  e-sport.

Rune Andersen er studieprogramleiar for bachelorutdanninga i akademisk e-sport.

Han leiar UiAs nysatsing på bachelorutdanninga innan akademisk e-sport. Andersen er førstelektor ved UiAs Institutt for informasjon- og kommunikasjonsteknologi på Fakultet for teknologi og realfag.  

Det nye studiet er eit tverrfagleg samarbeid mellom Fakultet for teknologi og realfag, Fakultet for helse og idrettsvitskap og Handelshøgskulen ved UiA. E-sport strekkjer seg over fleire fagområde enn teknologi. Derfor er samarbeid på tvers viktig. 

Utdanninga er eit internasjonalt program med 15 plassar for studentar utanfor Noreg. Det er 40 studieplassar totalt. 

– Vi har allereie fått mange søkarar, og det heilt utan aktiv marknadsføring. 1. februar opnar vindauget for søking, men vi har allereie fått inn mange søknadar utanfor kjerneområda vår som er Noreg og EU, seier Andersen. 

E-sport skjer på ei digital flate og gjennom ulike kanalar. På den måten blir også informasjon spreidd utan at UiA aktivt gjer noko. 

– All informasjon har spreidd seg munnleg frå den eine til den andre. Vi gler oss til at studentane startar hos oss i august, seier han.  

Andersen minner samtidig om at søknadsfristen for søkarar utanfor Noreg er 1. mars. For norske søkarar er fristen 15. april. 

Brei kunnskap om heile næringa

Utdanninga skal gi ei brei innføring i ulike emne kopla opp mot fagfeltet. Målet er ikkje å utdanne profesjonelle e-sport-utøvarar.

– Vi skal gi studentane kunnskap og ferdigheiter til å arbeide i e-sport-næringa. Dei skal få god forståing av det som må på plass for å prestere som profesjonell e-sportutøvar, og som lag, seier han. 

Studentane skal lære om fysiologiske og psykologiske forhold som ligg til grunn for trening og prestasjon som e-sportutøvar.  

– Ernæring er viktig å ha kompetanse om. Studentane skal sjølvsagt få spele for å forstå e-sport, men dei skal i tillegg lære å sjå samanhengen mellom trening, restitusjon og prestasjon, seier Andersen. 

Dei skal i tillegg utvikle teknisk kompetanse ved å produsere innhald til marknadsføring og formidling på digitale plattformer. Her vil programmering, nettsikkerheit og personvern vere sentralt. 

Studentane skal også få ei innføring i økonomi, entreprenørskap og merkevarebygging. Andersen peiker på at dette vil bli verdifull kompetanse når ein skal utvikle, organisere og administrere lag og turneringar. 

– Vi tilbyr ei brei utdanning som kan treffe mange. Det har nok gjort sitt til at vi har fått stor interesse allereie, seier han. 

Studentane skal etter kvart velje eit særleg felt innan e-sport som dei kan fordjupe seg i. Blant felta dei kan velje er desse:  

  • e-sportutøvar
  • e-sportbransjen med media og administrasjon 
  • teknologi og innovasjon
  • utdanning og helse  

Moglegheitene for arbeid er mange ifølgje Andersen. 

– E-sport er ei av verdas største næringar akkurat no. Behovet for formell kompetanse er stor, seier Andersen.