Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Støttar studentane i ein krevjande situasjon

Universitetet set inn ekstratiltak for å ta vare på studentane. Lærarutdanninga er blant fakulteta som no ringer rundt for å oppmuntre førsteårsstudentar.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Illustrasjon av digital undervisning
Etter dei nye koronarestriksjonar på nyåret ringer no Lærarutdanninga og fleire fakultet til førsteårsstudentar (Illustrasjon: Adobe Stock).

– Vi ringer dei for å høyre korleis det står til og om det er noko vi kan gjere slik at dei klare seg gjennom denne tida.

Det seier Hilde Inntjore, dekan for lærarutdanningane på Universitetet i Agder (UiA). 

Hilde Inntjore er dekan ved Advedling for lærerutdanning

Hilde Inntjore er dekan ved Avdedling for lærarutdanning på UiA

Covid-19-restriksjonar det siste året har ført til at studentar har fått ein annleis studiekvardag enn det som var planlagt. Mange sitt aleine på hyblar med berre digital undervising og har lite sosial kontakt. I starten av januar kom det ytterlegare restriksjonar som utvida perioden med digital undervising for studentane. 

Ifølje Inntjore er det særleg viktig å følgje opp dei som er nye studentar. 

– Dette er deira første møte med studentlivet. Vi ønsker at alle skal ha det bra og klare å fullføre studia sine, seier Inntjore.

Ulike tiltak

Lærarutdanninga og fakulteta ved UiA har kvar for seg sett i gang ulike tiltak for å få kontakt med studentane. 

Tilsette på lærarutdanninga ringer studentar på første året. Dei tilsette følgjer ein felles mal for samtalen. I samtalen er det viktig å formidle informasjon om ressursar hos til dømes SiA Helse. 

I tillegg sjekkar dei om studentane har fått nok informasjon om undervisnings- og eksamenssituasjonen for vårsemesteret. Semesterregistrering og val av fag er også slikt som studentane blir minna om no som det meste går føre seg digitalt. 

– Samtalane til no har vore gull verd. Ei ringerunde til kvar enkelt student har vore ein god måte å få direkte kontakt med studentane på. I tillegg har det vore ekstra trinnmøte og fleire digitale treffpunkt med studentane, seier Inntjore. 

Mange studentar seier dei taklar situasjonen, men og at dei synest han er tøff. Fleire seier dei kjenner seg einsame. Her gjer lærarutdanninga og fakulteta det dei kan for å ivareta studentane. Mellom anna viser dei til SiA Helse sin tilbod om nokon treng det.

Det finst óg studentar som har ei positiv erfaring med koronatida. Dei seier dei har fått betre tid til å studere, og meiner det er meir fleksibelt å studere no enn før. Ikkje minst roser dei fleire faglærarar for den innsatsen dei gjer. 

Studentar kontaktar medstudentar

Også Fakultet for teknologi og realfag ringer studentane. Her er det studentmentorar i FYSE-ordninga (First Year Student Environment) som ringer til førsteårsstudentane. Desse mentorane har særleg ansvar for at studentar på første året har det bra, fagleg og sosialt. 

Også Fakultet for Humaniora og pedagogikk ringer til sine førsteårsstudentar i desse dagar. 

På Fakultet for Helse- og idrettsvitskap har fleire studieprogram engasjert tredjeårsstudentar. I bachelorprogrammet i vernepleie blir førsteårsstudentar til dømes invitert til sosiale, fysiske samlingar omkring kvar veke. Arrangementa er smittevennlege og utandørs med til dømes gapahuk, bål, pølser og turgåing. 

Marit Wergeland er dekan ved Fakultet for kunstfag

Marit Wergeland er dekan ved Fakultet for kunstfag

Digitale aktivitetar

På Fakultet for kunstfag er alle studentane inviterte til digitale lunsjar med institutta. Fakultetet arrangerer også andre digitale aktivitetar for studentane, til dømes online yoga og fredagskaffe med quiz. 

– Vi oppfordrar faglærarane til å høyre med studentane om korleis dei har det utover det som handlar om studieprogresjon, seier Marit Wergeland, dekan på Fakultet for kunstfag. 

Ved Handelshøgskulen ved UiA ringer enkelte faglærarar til sine studentar. Bachelorstudentar og førsteårsstudentar er prioriterte. 

– Vi har lagt ut generelle meldingar i programrom i Canvas med informasjon om situasjonen, lenker til ressursar hos SiA Helse og ei oppfordring til studentane om å ta kontakt om det skulle vere noko, seier Kristin Wallevik, dekan ved Handelshøgskulen ved UiA. 

Wallevik peiker også på at Handelshøgskulen i tillegg har særleg aktive linjeforeiningar som gjennom heile semesteret har tett kontakt med studentane. 

– Vi har inntrykk av at studentane våre har det fint, men at dei på lik linje med andre er lei av situasjonen og ønsker seg tilbake til kvardagen. Vi er også heldige med at mange studentar er flinke med å ta kontakt med oss når det er noko, seier Wallevik. 

Kristin Wallevik er dekan ved Handelshøgskulen på UiA

Open digital dør

Studierettleiarar ved Fakultet for Samfunnsvitskap opererer med ei «open-digital-dør-policy». Det vil seie at studentane kan ta kontakt når dei vil. Dette har mange også tatt i bruk. 

Fakultetets dekan, Anne Halvorsen, har hatt møte med alle tillitsvalte. Då blei det gitt gode tilbakemeldingar på kva som fungerer bra og kva som er utfordringar med digital undervising. Det er også sett i gang ulike tiltak på studieprogramma. Mellom anna blir det arrangert gåturar og skøyteturar, og lagt opp til digitale møteplassar. Studentar som skulle ha vore på utveksling har fått delta på eit digitalt feltkurs i Uganda og Sri Lanka. 

Semesterregistrering

Målet er å få kontakt med alle førsteårsstudentar innan 1. februar. Då er fristen for å registrere seg for semesteret. 

– Utdanning av studentar er eit viktig samfunnsansvar. Regionen treng kandidatane vi utdannar. Vi må derfor sørge for at studentane har det bra, registrerer seg for semesteret og fullfører studia sine, seier Inntjore.