0
Hopp til hovedinnhold

Slik kan studentar lære matematikk lettare

Ifølgje universitetslektor Eivind Rudjord Hillesund er det særleg fire måtar læringressursar kan hjelpe ein å lære matematikk på.

Universitetslektor Eivind Rudjord Hillesund.

– Eg trur i dei aller fleste matematikk-kurs at forelesar og emneansvarleg kan tenkje meir på kva slags ressursar dei legg opp til at studentane kan bruke. Enten dei er knytte til oppgåvene eller arbeid i emnet, seier Eivind Rudjord Hillesund, universitetslektor ved Institutt for matematiske fag.

Han disputerte nyleg for doktorgraden ved Universitetet i Agder, Fakultet for teknologi og realfag med avhandlinga «The resource decisions and documents of undergraduate engineering students in mathematics courses».

I doktorgradsavhandlinga har han sett på korleis ingeniørstudentar ved tre universitet i Noreg har brukt vektlagde ressursar og ekstra-ressursar til å lære matematikk.

Særleg fire område ser ut til å kunne gi betre læring. Rudjord Hillesund deler dei opp i desse kategoriane, som han namngjev læringsressursar:

  1. Introduksjonsressursar som gir oversikt over eit nytt tema
  2. Øvingsressursar til å løyse oppgåver og jobbe matematisk med temaet 
  3. Evalueringsressursar til å sjekke svar på enkeltoppgåver, undersøke arbeidet og finne ut om ein studerer bra 
  4. Undersøkingsressursar for å finne fram formlar og fakta og forstå eit tema betre

Forbetringspotensial

 – Eit av hovudfunna i doktorgradsarbeidet mitt er at studentane først og fremst bruker dei vektlagde ressursane universiteta legg vekt på, men når dei møter fleire problem bruker dei ein plan b, som eg har valt å kalle ekstra-ressursar, seier Rudjord Hillesund.

Det å gå på forelesing, arbeide med medstudentar og stille spørsmål til forelesar reknar han som vektlagde ressursar. Nemninga ekstra-ressursar viser ofte til digitale hjelpemiddel. Til dømes video på Internett, som YouTube. Og den matematiske programvara Wolfram Alpha, som er ein svarmotor for matematisk utrekning.

Eivind Rudjord Hillesund seier det er viktig for forelesar å tenkje gjennom dei fire bruksområda, spesielt evaluering. Han meiner fleire forelesarar kan bli betre til å følgje opp studentane.

– Det er ganske få ressursar til studentane som er knytt til evaluering. Dersom det er fasit i boka, gir det studenten stadfesting på at om du løyser det riktig så veit du at du løyser oppgåva riktig. Men det hjelper deg ikkje å finne sjølve feilen du har gjort.

Eivind Rudjord Hillesund.

Eivind Rudjord Hillesund, universitetslektor ved Institutt for matematiske fag.

Tenkje ressursar på ein ny måte

Rudjord Hillesund peiker på at fleire forelesarar bør dra nytte av digitale ekstra-ressursar i matematikk og leggje dette inn i fleire matematikk-kurs. Han ser studentar får betre resultat når dette er på plass:

– Når studentane brukte den matematiske svarmotoren Wolfram Alpha, hjelpte det studentane å finne feilen i oppgåva. Det gjorde at dei sjølv forstod kva dei har misforstått, som vil seie at dei veit korleis dei har kome fram til feil løysingsmetode og kan enklare rette opp i dette, seier universitetslektoren ved Institutt for matematiske fag.

Ifølgje Rudjord Hillesund er dei fire ressursane nyttige for framtidig forsking på matematikkdidaktikk på grunn av korleis studentane ser på matematikk i høgare utdanning.

Eivind Rudjord Hillesund har følgt doktorgradsprogrammet ved Fakultet for teknologi og realfag med spesialisering i matematikkdidaktikk. Doktorgradsarbeidet er delfinansiert av UiAs Senter for framifrå undervisning (SFU) MatRIC - Centre for Research, Innovation and Coordination of Mathematics Teaching.