Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Samskaping av nytt verktøy til sjukepleiarutdanninga

Teknologi- og designstudentar og tilsette frå sjukepleiarutdanninga ved UiA har gått saman for å utvikle nytt verktøy for sjukepleiarstudentar. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Skjermdump av demonstrasjonsvideo av VR-verktøy
I VR-verktøyet får brukaren tilgang til eit virtuelt venterom og pasientar dei kan undersøke og øve seg på (foto: skjermdump av demonstrasjonsvideo).

– Verktøyet framstiller ei virtuell verkelegheit (VR) med sjukepleiar og pasient som gir brukarane både lyd og bilde for å få ein så realistisk situasjon som mogleg, seier Jørn Hustad, førstelektor ved Institutt for helse- og sjukepleievitskap på Universitetet i Agder (UiA). 

Prosjektet er eit tverrfagleg samarbeid mellom studentar og rettleiarar frå Fakultet for teknologi og realfag og rettleiarar frå Fakultet for helse- og idrettsvitskap ved UiA.

Jørn Hustad er førstelektor på Institutt for helse- og sjukepleievitskap ved UiA.

Jørn Hustad er førstelektor på Institutt for helse- og sjukepleievitskap ved UiA.

Prosjektet blei starta av Hustad med midla han og Arne Leland fekk då dei blei tildelt Utdanningsprisen ved UiA i 2017. Leland gjekk bort rett før prisen blei delt ut. Hustad ønskte å bruke pengane på å utvikle eit rimeleg, brukarvennleg og berbart verktøy til bruk i sjukepleiarutdanninga. Mange sjukepleiarstudentar er usikre før dei skal ut praksis.

– Mange er ikkje heilt trygge på korleis dei skal gå fram for å undersøke ein pasient og gjere kliniske vurderingar. Vi ønskte derfor å utvikle eit verktøy som kunne hjelpe studentane til å bli tryggare, seier Hustad. 

Bachelorprosjekt

Hausten 2019 utfordra Hustad studentane Tor Halvard Svendsen, Sindre Bakken og Toralf Storhaug om å lage eit program til VR-verktøy. Alle tre tar bachelorstudiet i multimedieteknologi- og design ved Institutt for IKT på UiA. 

Sindre Bakken er bachelorstudent på multimedieteknologi og -design ved UiA.

Sindre Bakken er bachelorstudent på multimedieteknologi og -design ved UiA.

Det siste året har dei hatt VR-verktøyet som bachelorprosjekt. VR står for virtuell verkelegheit og er kort sagt ein avansert brille eller eit headset ein tek på seg. Da kjem ein inn i ei førehandsprogrammert verkelegheit. 

Studentane har utvikla ein programvare til bruk i VR-verktøy. Dei har lagt opp til at programmet blir brukt saman med handkonsollar. Då kan brukaren sjå og bruke hendene når ein har utstyret på.   

Visuelt venterom

I programvaren får brukarane først visualisert eit venterom. Brukaren vel sjølv scenario dei ønsker å øve på. Deretter går dei inn på eit rom der sjukepleiaren undersøker den simulerte pasienten. Det er brukaren som avgjer tempoet. 

Tor Halvard Svendsen er bachelorstudent på multimedieteknologi og -design ved UiA.

Tor Halvard Svendsen er bachelorstudent på multimedieteknologi og -design ved UiA.

Under undersøkinga av pasienten skal brukaren gjennomgå ei sjekkliste på eit nettbrett. Dette er tilnærma likt slik det er i heimetenesta og sjukeheimane og på sjukehusa. 

– Alt går føre seg inne i VR-verktøyet, seier Svendsen. 

Dagens løysingar

Sjukepleiarutdanninga ved UiA bruker i dag simuleringsdokker som pasientar for studentane. Øvingar med dokkene gir eit godt læringsutbytte for studentane, men er ressurskrevjande ifølge Hustad. 

– Det er ressurs- og tidkrevjande å følgje opp kvar og ein student som øver på simuleringsdokkene. Dessutan er dokkene og utstyret som følgjer med kostbare. I tillegg har vi få dokker tilgjengelege, seier han.  

Toralf Storhaug er bachelorstudent på multimedieteknologi og -design ved UiA.

Toralf Storhaug er bachelorstudent på multimedieteknologi og -design ved UiA.

Det nye VR-utstyret vil vere rimelegare enn dokkene, og enkelt å bruke. 

– VR-verktøyet kan bli eit godt supplement til tradisjonelle simuleringsøvingar. Målet er at sjukepleiarstudentane kan bruke VR-utstyret til å gjennomføre øvingane sjølv – gjerne gjentekne gonger, seier Hustad. 

VR-verktøyet har ikkje behov for særleg kraftig programvare.  

Utviklinga held fram

Det står enno att utviklingsarbeid med verktøyet. Studentane Tor Halvard Svendsen og Sindre Bakken skal halde fram med å studere på UiA. Til hausten startar begge på masterutdanning i multimedieteknologi og -design. Der vil dei, saman med Jørn Hustad og andre rettleiarar, halde fram med å utvikle programvaren. 

UiA Nyskaping bidrar med rettleiing for å sikre at lisensar og andre juridiske forhold blir gjort etter boka.  

– Vi brukar mange program når vi utviklar dette. Vi må passe på at alt er på stell når det blir ferdigstilt, seier Svendsen. 

Målet er å ha verktøyet klart til utprøving for sjukepleiarstudentane i løpet av dei neste to åra.