Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Partnaren får det betre viss helsevesenet følgjer opp lovverket

Forskar er overraska over kor lite som skal til for å auke livskvaliteten til dei som bur med ein rusmisbrukar.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Foto av doktor Bente Birkeland.
Bente Birkeland disputerte nylig for doktorgraden med avhandlinga “Life situation when your partner has substance use problems: Quality of life and everyday experiences”.

– Mange av dei eg intervjua hadde aldri snakka med nokon om problema med ein rusmisbrukande partnar, men da har norsk helsevesen svikta. Viss dei tilsette i helsevesenet vert flinkare til å følgje det unike lovverket vi har i Noreg, vil fleire kunne få ein betre livskvalitet, seier Bente Birkeland.

Ho viser til lova som seier at helsevesenet har plikt til å inkludere pårørande, også barn, når ein rusmisbrukar er under behandling.

– Rusbehandling er knytt til spesialisthelsetenesta i Noreg, det inneber at behandlinga ligg på det same nivået som psykiatrien og at helsepersonell skal inkludere og involvere pårørande, seier Birkeland.

Bente Birkeland disputerte nyleg til doktorgraden med ei avhandling om korleis ungane og den edru partnaren har det i lag med ein rusmisbrukande partnar.

Ho har lang erfaring som terapeut og undervisningsleiar ved Avdeling for rus- og avhengighetsbehandling i Kristiansand (ARA) og har forska på ulike sider ved rusmisbruk i fleire år. Ho er utdanna sosionom og har ein mastergrad i psykososialt arbeid. Og no er ho også doktor i helsevitskap ved Universitetet i Agder (UiA), Institutt for psykologi og helse.

Rusomsorg er ikkje psykisk helsevern

Avhandlinga hennar viser at dei som lever med ein rusmisbrukande partnar står under massivt press utan å få nødvendig hjelp. Eit problem er også at mange fastlegar viser den pårørande vidare til psykisk helsevern, men det kan ifølgje forskaren vere feil adresse.

– Vi må fortelje kor partnaren kan få hjelp. Mange vert viste til psykiatrien, men når problemet er rus hos partnaren, er det ikkje alltid dei har noko i psykisk helsevern å gjere. Dei skal til rusomsorga, som har kunnskap om rusproblem og konsekvensar for familien rundt, seier Birkeland.

Ho peiker også på at helse- og sosialtenestene oftare må inkludere partnaren når personen med rusproblem får behandling og oppfølging.

– Når ein rusbrukar vert vist til spesialisthelsetenesta for rus og får ein diagnose som avhengig av rus, da har rusproblemet allereie vore der lenge. Da har med andre ord den edru partnaren og ungane lenge hatt ein pressa kvardag der rusmisbruket har dominert livssituasjonen for heile familien, seier Birkeland.

Livskvalitet i rusforhold

Målet med doktorgradsavhandlinga har vore å finne ut korleis livskvaliteten og kvardagserfaringane er for den som har ein partnar med rusproblem.

– Tidlegare forsking har vore oppteken av psykologiske perspektiv på identitet og dysfunksjonelle familiar. Min studie dreiar seg om partnaren til den rusavhengige, og med særleg vekt på partnaren som har ansvar for barn og deler dette foreldreansvaret med den rusavhengige, seier forskaren.

– Dei eg har intervjua i min studie er ikkje nødvendigvis sjuke; dei er partnar til ein rusmisbrukar. Eg har forska på livskvaliteten deira ut frå generelle tema som fysiske forhold, psykisk livssituasjon, sosiale forhold, venner, partnarforholdet, det å ha ungar saman med ein rusmisbrukar og den eksistensielle sjølvopplevde erfaringa av livskvalitet, seier Birkeland.

Heile livet prega av rusmisbrukaren

Den nyslåtte doktoren har brukt fleire forskingsmetodar under arbeidet med avhandlinga, mellom anna spørjeundersøkingar og djupintervju.

Svara i spørjeundersøkinga samsvarte stort sett med normalbefolkninga. Forskaren meiner dette kan ha samanheng med at partnarane svarte på spørjeskjemaet mens partnaren var i behandling og situasjonen var stabil.

I dei meir omfattande intervjua Birkeland gjennomførde vart kvardagen beskrive nærast som ein dagleg konflikt med den rusmisbrukande.

– I samtalen med den enkelte kom det fram at heile livssituasjonen til den edru partnaren var prega av rusmisbrukaren, også barna var svært prega av rusmisbruket, seier Birkeland.

Ho gjorde djupintervju med ti partnarar av misbrukarar, seks av dei kvinner og fire menn. Da kom det eintydig fram at heile familielivet var prega av opp- og nedturane til misbrukaren.

Ikkje minst er det vanskeleg å dele foreldreansvar med ein misbrukar. Noko av det verste for den edru partnaren er belastninga med å stå i eit konstant lojalitetspress mellom barn, misbrukar, skule, arbeidsplass og omgivnadene elles.

Lojalitet, ansvar og dilemma

Slike spørsmål baksa den edru partnaren stadig vekk med: Kva seier eg til ungane, skal ungane vere med misbrukaren når eg er uviss på om vedkommande rusar seg, skal eg forlate misbrukaren når vedkommande rusar seg, skal eg vere til stades under rusbruken, skal eg gi pillar til misbrukaren for husfredens skuld, eller skal eg ikkje?

– Foreldrerolla vert komplisert, og dei som lever med ein misbrukar har sjeldan andre vaksne å diskutere med. Framleis vert nemleg familiar der rusmisbruk er involvert, prega av skuld og skam og frykt for å verte stempla som mindreverdig, seier Birkeland.

Distansering

Den beste løysinga for å få ein betre livskvalitet for den edru partnaren og ungane ser ut til å vere å distansere seg frå misbrukaren som driv med aktiv rusing.

– Dei som får ein distanse til rusmisbrukaren, får ein lettare og meir leveleg kvardag, anten ved at vedkomande kjem i behandling, eller ved at misbrukaren og partnaren flyttar frå ein annan. Dette samsvarer også med tidlegare forsking, seier Birkeland.

Ho understrekar likevel at sjølv etter å ha fått avstand til misbrukaren, kjenner partnarane seg sårbare i lang tid.

– Når dei har barn saman, vil alltid uroa og det sårbare vere der, seier Birkeland.