0
Hopp til hovedinnhold

Musikkforskar får millionstøtte til prosjekt om studentaktiv læring

Fakultet for kunstfag ved Universitetet i Agder set i gang eit treårig prosjekt etter tilskot på 1,9 millionar kroner frå DIKU.

Bilde av Eirik Sørbø på scenen under Forsker Grand Prix.
Forskar Eirik Sørbø meiner det er viktig å få utnytta spisskompetansen til studentane i undervisninga. Her er han på scenen under Forsker Grand Prix i 2021. (Foto: UiA)

Rett før jul kom gladmeldinga om positivt svar på prosjektsøknaden frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (DIKU). Søknaden om tilskot til prosjektet «Studentaktiv læring i elektronisk musikk» blei ført i pennen av Eirik Sørbø, stipendiat og forskar ved Institutt for rytmisk musikk. Sørbø kjem også til å leie arbeidet på fakultetet med utvikling av studentaktiv læring som metode i undervisninga.

– Dette er eit utruleg flott eksempel på korleis forsking utviklar kvaliteten i vårt utdanningstilbod, seier dekan Marit Wergeland.

Ho meiner det er svært verdifullt at fagmiljøet ved Fakultet for kunstfag får ressursar til å utforske og fremje studentaktive læringsformer.

– Ikkje minst, er dette gledeleg med tanke på vår strategi, målsetting og ambisjon om å utvikle eit senter for framifrå undervisning, seier Wergeland.

Treårig prosjekt

Prosjektet «Studentaktiv læring i elektronisk musikk» har ei økonomisk ramme på rundt tre millionar kroner over tre år. Dette inkluderer eigenfinansieringa frå Fakultet for kunstfag. Oppstartsdato er 1. februar 2022.

– Hovudmåla for prosjektet er å auke eigarskapet til undervisninga og å fremje engasjement og kritisk refleksjon hos studentane, seier Eirik Sørbø.

– Ei meir aktiv deltaking frå studentane i undervisinga kan styrke læringa både for den einskilde student og for gruppa totalt sett. Vi ønskjer å gjennomføre dette på ein måte som kan overførast også til andre institusjonar og utdanningsnivå.

For å oppnå måla, vil studentaktiviteten auke systematisk gjennom fire definerte fasar. Fasane vil bli del av tre eksisterande emne fordelt utover det treårige bachelorprogrammet i elektronisk musikk.

Starta med forskingsfunn

Sørbø har forska på kva kompetanse musikkstudentar vil trenge for å utvikle kunstnarleg identitet og kreativt spelerom. Han har konsentrert seg særleg om emna der teknologi er verktøyet for å skape musikk, slik tilfellet er for mange av studentane som studerer elektronisk musikk ved UiA.

Sørbø peikar i si forsking på at studentane ofte sit på spisskompetanse innan eitt eller fleire særområde. Ifølgje Sørbø finst det eit potensial for å integrere kunnskapen til studentane i undervisninga på ein meir demokratisk måte, ved at studentane tar ei meir aktiv rolle i heile undervisningsopplegget. Det er slike funn som ligg til grunn for prosjektet om auka bruk av studentaktiv læring.

– Eg meiner det er viktig å få utnytta spisskompetansen til studentane i undervisninga. Dei kan ha kompetanse som læraren ikkje har sjølv, seier Sørbø. 

Her presenterer Sørbø forskinga si under Forsker Grand Prix i 2021:

Stort behov

Sørbø meiner at elektroniske musikkstudentar vil ha fordel av ein dynamisk pedagogikk som stadig fornyar seg.

– Det finst eit stort udekt behov for pedagogiske rammeverk for elektronisk musikk – ikkje berre i høgare utdanning, men også i kulturskulen, grunnskulen og i vidaregåande skule. Eg håpar at studentane vil oppleve faginnhaldet som endå meir relevant når dei er med på å påverke det sjølve, seier Sørbø.

Ved å inkludere studentane i faginnhaldet, kan studentane sjølve involvere seg i alle aspekt ved undervisninga. Det kan mellom anna gjelde emna dei deltar i, kva for aktivitetar som kan gjennomførast og korleis aktivitetane kan vurderast. Resultata frå prosjektet som no blir sett i gang, vil avgjere om studentaktiv læring blir ein del av undervisninga i fleire emne eller studium ved UiA. Sørbø seier at resultata vil bli omarbeidde og tilpassa ulike målgrupper for å sikre størst mogeleg gjennomslag utover eigen lærestad.

– Vi er i dialog med andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren, og med representantar frå Norsk Kulturskuleråd, Vågsbygd vidaregåande skule og Hundsund ungdomsskule med tanke på mogelege samarbeid, seier Sørbø.