0
Hopp til hovedinnhold

Meir trafikk krev betre trådlause nettverk

Ny studie frå UiA føreslår ei løysing som gir trådlaus tilgang til fleire brukarar samtidig.

Illustrasjon av 5G-nettverk
Studien frå IKT-miljøet på UiA bereknar nettverkstrafikk for at brukarar skal få stabil og best mogleg 5G-nett (Foto: IStock.com)

– Vi har sett på korleis vi kan betre den trådlause tilgangen når mange brukarar koplar seg på nettverket samtidig, seier Frank Li, professor ved Institutt for IKT på UiA.

Studien blei nyleg kåra til beste forskingsartikkel i 2021 av IEEE Communications Systems Integration and Modeling (CSIM) Technical Committee. Studien er utført ved UiAs Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) i offshore mekatronikk.

Frank Li, professor ved Institutt for IKT på UiA.

Frank Li, professor ved Institutt for IKT på UiA.

Frank Li peikar på at vi stadig blir meir avhengige av smarte dingsar som krev internett. Dingsane blir også omtalt som Internet of Things (IoT), eller på norsk tingenes internett.  

– Desse dingsane skal kommunisere med einannan, og då er vi også avhengige av gode trådlause nettverk som gir oss den kvaliteten vi treng, seier Li.   

Bak studien “Priority Enabled Grant-Free Access With Dynamic Slot Allocation for Heterogeneous MTC Traffic in 5G NR Networks” står mellom andre Frank Li og hans ph.d-stipendiat og førsteforfattar bak studien, Thilina Weerasinghe. 

Målet har vore å føreslå løysingar som gir meir stabil kvalitet i 5G-nettverket når smarte dingsar skal kople seg på.  

– 5G-nettverk er det siste nettverket som er innført, men ennå er det fleire norske byar som ikkje har tatt det i bruk. Det blir innført over alt i løpet av få år, seier Li.

Utfordringa er derimot å få det nye nettverket til å fungere optimalt etter som stadig fleire teknologiske apparat som kjøleskap, lamper og støvsugarar får smartteknologi og blir kopla mot nettverket.  

Simulerer framtida

Forskarane har berekna kor stor trafikkmengda på nettet vil bli i framtida. Etter dei berekningane har dei gjort simuleringar som viser korleis ulik smartteknologi kan fungere saman i det nye 5G-nettverket. 

 – Kort sagt føreslår vi ei løysning for å betre tilkoplinga når fleire småting eller apparat skal vere kopla på 5G-nettverket samtidig. Med vår løysing vil nettverket få meir stabil kvalitet,  seier Li.

Thilina Weerasinghe er tidligere ph.d-stipendiat på UiA og førsteforfattar bak studien.

Thilina Weerasinghe er tidligere ph.d-stipendiat på UiA og førsteforfattar bak studien.

Førsteforfattar Thilina Weerasinghe disputerte i 2021 ved Fakultet for teknologi og realfag på UiA med avhandlinga «Enabling mMTC and URLLC in 5G: Initial Access, Traffic Prediction, and User Availabilit».

Studien som no har fått pris, var ein del av doktorgradsavhandlinga hans. Weerasinghe er tilsett ved University of Ruhuna i Sri-Lanka.