Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Mangelfull historie om minoritetar i skulen

Minoritetshistorie vert eit glansbilde eller ei offerhistorie, og undervisningsmateriellet bidrar lite til å skape innsikt i historiefaget. Det viser ny forsking ved Universitet i Agder.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvener i Pasvikdalen i Finnmark på slutten av 1800-tallet.
Kvener vert anerkjent som ein nasjonal minoritet i Noreg. Men historia om dei som blir fortalt i skulen gir eit forenkla bilete, seier forskar. Foto: Ellisif Wessel

— Fleire minoritetar er no innlemma i pensum både i Noreg og Sverige. Men dei vert framstilte anten som særeigne eller som offer for majoriteten og styresmaktenes forsøk på å dempe det særeigne ved dei, seier Vidar Fagerheim Kalsås.

Han disputerte nyleg til doktorgraden ved Universitetet i Agder (UiA) med avhandlinga Forteljingar om eigenart og undertrykking: Ein studie av undervisningstekstar om minoritetane romanifolket og romar (UiA, 2019).

Kålsas har studert korleis romanifolket i Noreg og romar i Sverige vert framstilte i åtte tekstar som er i bruk i grunnskulen og den vidaregåande skulen i dei to landa. Verken i Sverige eller Noreg er historiene om minoritetane innarbeidde i historiebøkene, men vert presenterte i eigne hefte eller pamflettar.

Glansbilde og offerhistorie

Kalsås finn at undervisningsmateriellet er prega av det han kallar to grunnforteljingar. Den eine fortel om eigenarten til minoritetsgruppa og legg positivt vekt på kultur og levemåte.

Den andre grunnforteljinga fortel om undertrykking av minoriteten og legg negativt vekt på storsamfunnet og styresmaktene, som gjennom tidene har forsøkt å endre kulturen og levemåten til minoriteten.

 Vi får ei positiv historie om særeigen kultur der minoriteten vert ein slags einsam helt, mens vi på den andre sida får ei historie om minoriteten som offer og styresmaktene som ein motstandar av denne kulturen. Historia om eigenarten vert eit glansbilde, mens historia om dei undertrykkande styresmaktene vert ei offerhistorie, seier han.

Nasjonale minoritetar

«Nasjonale minoritetar» vart ein ny kategori da Europarådets rammekonvensjon for minoritetar vart vedteken av fleire europeiske land i 1999. Ein nasjonal minoritet vart definert som ei folkegruppe med etniske, kulturelle og språklege særtrekk som skil dei ut frå majoriteten, og som har hatt eit langvarig opphald i landet på minst 100 år.

Omgrepet kom inn i læreplanen i Noreg i 2006 (Kunnskapsløftet), og omtrent på den same tida i Sverige. I Noreg vart fem folkegrupper anerkjent som nasjonal minoritet etter dei nye kriteria: romanifolket, rom, kvener, jødar og skogfinnar.

Politikk og historieskriving

Svenske styresmakter gav ut ein rapport om minoriteten romar i 2014. Ein liknande rapport om romanifolket kom frå norske styresmakter i 2015. Rapportane legg vekt på undertrykking, og peiker på skuleverket som eit viktig bidrag til å motverke diskriminering.

Både i Sverige og Noreg vart det utvikla nytt undervisningsmateriell om minoritetane på bakgrunn av desse rapportane.

Kålsås viser i sin studie at den tale- og tenkjemåten undervisningsmateriellet er prega av, stammar frå desse to og andre politiske rapportar.

— Stortingsmeldingar og definisjonen i Europarådets rammekonvensjon for minoritetar legg føringar på historieformidlinga om minoritetane. Undervisningsmateriellet har lagt vekt på dei same momenta om eigenart og offerrolla som ligg i desse rapportane,  seier han.

Kalsås meiner at historia om minoritetar i Noreg og Sverige er mangelfull.

— Vi manglar til dømes historia om møtet mellom minoriteten og majoriteten i samfunnet. Undervisningsmateriellet stadfestar definisjonane til Europaråde, men bidrar i liten grad til å inkludere minoritetshistoria som ein del av skulefaget historie, seier han.

Forteljing og ideologi

Forskaren understrekar at han ikkje har vurdert minoritetshistoria opp mot kategoriar som sann-usann eller riktig-feil. Han har studert kva for syn på historie, minoritet og storsamfunn som kjem fram i dei framstillingane som er i bruk i skulen.

Metodane hans har vore forteljingsanalyse (narrativ analyse) og ideologianalyse (talehandlingsteori).

Narrativ analyse finn ut kva for forteljemønster som dominerer forteljingane. Talehandlingsteorien er ikkje oppteken av det teksten betyr, men av det han han gjer som eit innspel i den samtalen som alt er i gang i samfunnet.

— Talehandlingsteorien er ute etter å forstå teksten i ein bestemt politisk og historisk samanheng. Historie i dette perspektivet dreier seg om korleis historia vert brukt i politikken, eller korleis politikken bruker historiefaget i skulen, seier forskaren.

Tradisjonelt historiemedvit

I tekstane Kalsås har studert, er historia mellom anna brukt for å få romanifolket til å passe inn i kategorien nasjonal minoritet. Derfor har det særeigne ved deira kultur fått mykje plass.

— Tekstane fremjar eit bestemt syn på historia, nemleg eit tradisjonelt syn om at historia er tradisjon og at fortida har bestemt korleis samtida har utvikla seg, seier han.

Ifølgje forskaren vert historiene om minoritetane moralske mønster- og dømeforteljingar. Dette bidreg lite til å utvikle historiemedvit hos elevane.

— Historia om romanifolket vert ei moralsk forteling om at vi ikkje bør diskriminere på etnisk grunnlag. Historiemedvit er eit viktig mål i læreplanen, men minoritetshistoria i undervisningsmateriellet eg har undersøkt, gir eit tradisjonell og lite oppdatert syn på kva historie og historiemedvit er, seier forskaren.

Må supplere minoritetshistoria

Han går med på at elevane ut frå dette undervisningsmateriellet vil kunne utvikle eit tradisjonelt historiemedvit om samanhengen mellom fortid, nåtid og framtid. Men han seier at historiene slik dei er skrivne her, manglar element som kan utfordre elevane i retning av eit kritisk historiemedvit.

— Eit kritisk historiemedvit inneber mellom anna at ein vert klar over at det ikkje er nokon automatikk i at fortida bestemmer korleis nåtid og framtid skal utvikle seg, seier han.

Vidar Fagerheim Kalsås

Vidar Fagerheim Kalsås har studert norsk og svensk undervisningsmateriell om minoritetar.