0
Hopp til hovedinnhold

Lærer 13-åringar å luke ut «fake news»

Norske ungdommar er ikkje kritiske nok til det dei les. Gjennom samarbeid mellom forskarar og lærarar skal 8.-klassinger i Agder erfare korleis tekstar skaper verkelegheitsbilde - og korleis ei kritisk haldning kan avdekke falske nyheiter.

Illustrasjonsfoto av lærer og elever
KRITISK LESING OG SKRIVING: Eit eige forskingsprosjekt skal følgja ungdomsskuleelevar i tre år for å sjå korleis dei kan forstå korleis ulike tekstar skaper ulike bilde av verkelegheita. (Ill.foto: Colourbox)

Det er klart etter at Forskningsrådet har løyvd 10 millionar kroner til det treårige forskingsprosjektet CritLit, som handlar om kritisk lesing og skriving i ein digital og global tekstverd.

Anne Løvland, foto

Anne Løvland

– Det er eit spennande prosjekt der målet er å kartlegga og utvikla arbeidsmåtar og læringsverktøy som kan styrka den kritiske tekstkompetansen til elevane, seier professor Anne Løvland (bilete) ved UiAs Institutt for nordisk og mediefag. Frå same institutt deltar òg professor Gunhild Kvåle og universitetslektor Ingrid Elisabeth Ertzeid.

Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Sørøst-Norge, som har prosjektleiinga, Universitetet i Agder og Australian Catholic University,som sørger for eit internasjonalt perspektiv i arbeidet.

Tre 8.-klassar i Agder

Forskarane skal følgje norskundervisinga på  ungdomstrinnet på tre skular i Agder og tre i Viken for å finne ut korleis ein best kan arbeide med kritisk lesing og skriving

– Det handlar mellom anna om å forstå at ein tekst er ein sum av tekstlege val som er tatt undervegs i skriveprosessen. Slike val blir tatt på ut frå kva tekstskaparen vil med teksten og kven sine interesser teksten tener. Tekstar blir ofte forskjellige fordi vi opplever den verda vi lever i på ulike måtar. Dette handlar ikkje minst om makt. Problematikken rundt «fake news» er ein del av dette biletet,  seier Anne Løvland.

Tett samarbeid med norsklærarane

Sentralt i prosjektet står samarbeid med lærarane. Saman med dei skal forskarane både kartlegga korleis arbeidet med kritisk lesing og tekstskaping skjer i skulen i dag, og korleis dei kan utvikla og prøva ut nye arbeidsmåtar og læringsverktøy.

I den siste fasen skal ein òg vurdere læringsutbyttet til elevane som har deltatt i prosjektet, og også sjå korleis arbeidet med å utvikla arbeidsmåtar for  kritisk tilnærming til tekst i skulane har fungert. Prosjektet vil også involvere masterstudentar i lærarutdanninga på UiA

– Samarbeidet er kanskje noko av det mest spennande som kjem til å skje i arbeidet. Lærarane sit på mykje erfaring som vi kan trekka gode vekslar på. Det blir også spennande og sjå korleis elevane møter dei arbeidsmåtane vi prøver ut, seier Løvland.

Alle 1316-åringar i landet

Forskinga i CritLit-prosjektet spelar godt saman med læreplanen for norskfaget, som vart innført i haust. I denne er kritisk tekst-tilnærming eitt av seks kjerneelement. På sikt kan derfor alle 13–16-åringar i landet få nytta av funna som kjem.

– Håpet er at resultata frå CritLit-prosjektet vil gi eit sterkare forskingsbasert grunnlag for å utvikla arbeidet med kritisk skriving og lesing i ungdomsskulen og i lærarutdanninga. Det vil òg styrka samarbeidet mellom skular og lærarutdanning, og gi gjensidig kompetanseutvikling, seier Anne Løvland.