Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Lær meir om å undervise i matematikk

I denne vidareutdanninga for lærarutdannarar vil du kunna utforska og få innsikt i ulike tilnærmingar til matematikkundervisning.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

No tilbyr Universitetet i Agder eit nytt studium, matematikkdidaktikk for lærerutdannarar. Der kan du studera og læra meir om å undervise i matte.
No tilbyr Universitetet i Agder eit nytt studium, matematikkdidaktikk for lærerutdannarar. Der kan du studera og læra meir om å undervise i matte.

- Dette gir dei som utdannar lærarar eit unikt høve. Dei vil få vidareutvikle kompetansen sin i å undervisa lærarstudentar i matematikk. Studiet er i samarbeid med kollegaer frå heile Noreg, seier Linda Gurvin Opheim, universitetslektor ved Universitetet i Agder (UiA), Institutt for matematiske fag.

Studiet matematikkdidaktikk for lærerutdannarar er eit deltidsstudium. Du kan kombinere utdanninga med jobb som lærarutdannar. Matematikkdidaktikk er eit fagområde der du lærer korleis du kan undervise i matematikk på ulike måtar.

Det er MatRIC: Centre for Research, Innovation and Coordination of Mathematics Teaching ved Universitetet i Agder, og Matematikksenteret ved NTNU som har utvikla vidareutdanninga. Deltidsstudiet blir gjennomført over to år, og startar første gongen denne hausten. 

Linda Gurvin Opheim, universitetslektor ved Universitetet i Agder, Institutt for matematiske fag.

Linda Gurvin Opheim, universitetslektor ved Universitetet i Agder, Institutt for matematiske fag.

Hentar dei fremste forskarane

- I dette studiet hentar vi inn nokre av verdas beste forskarar på feltet. Med ei samarbeidande og forskingsbasert tilnærming drar vi nytte av den varierte kompetansen lærarutdannarane allereie har til å verta enda betre. Det finst ikkje noko tilsvarande tilbod for lærarutdannarar i matematikk i dag, så vi er stolte av å kunne tilby dette til hausten, seier Gurvin Opheim.

Målet med deltidsstudiet er å læra korleis vi kan kople felta frå vitskap, skuleundervisning og forsking i matematikk tettare saman. I studieprogrammet får lærerutdannaren utforska ulike undervisningspraksisar. Desse praksisane skal engasjere studentar og støtte dei i utviklinga deira som matematikklærarar i framtida.

Forskingsprosjekt og artikkelskriving

Deltakarane i deltidsstudiet vil utforska og utvikla undervisningspraksisen sin som lærarutdannar.

I tillegg skal dei gjennomføra sitt eige forskingsprosjekt. Der er målet å skriva ein publiserbar artikkel. Studiet vil òg bidra til å utvikla rettleiingspraksisen til deltakarane.

- Matematikk-kompetanse er meir enn å finna det rette svaret, og det er kompleks å legge til rette for ei undervisning der lærarstudentar skal utvikle denne kompetansen når dei studerer, seier Linda Gurvin Opheim.

Studiet passar til deg som er:

  • Lærarutdannarar med ein sterk matematikkfagleg bakgrunn
  • Lærarutdannarar som vil kvalifisera seg som førstelektor
  • Lærarutdannarar som ønsker å forbetra undervisninga og rettleiingskompetansen sin
  • Nytilsette i lærarutdanninga