Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Knut Faldbakken blant dei første som skreiv klimalitteratur

Det kjem fram i doktoravhandlinga til førsteamanuensis Reinhard Hennig ved Universitet i Agder. No lanserer han den første engelskspråklege forskingsantologien om nordisk klimalitteratur.

 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Reinhard Hennig på Campus Kristiansand
Førsteamanuensis Reinhard Hennig lanserer ny bok om nordisk kunst i eit økokritisk perspektiv, og minner om at Knut Faldbakken var føregangsmann i 1970-åra for det som no vert kalla cli-fi-litteratur.

— Knut Faldbakken var blant dei første i verda som skreiv cli-fi-romanar, det vil seie romanar om menneskeskapte klimaendringar, seier Reinhard Hennig.

Cli-fi er forkorting for climate change fiction, etablert etter mønster frå sci-fi, som står for sciene fiction.

Artikkelsamlinga Nordic Narratives of Nature and the Environment er den første engelskspråklege boka om nordisk litteratur, film og fotografi i eit økokritisk perspektiv. UiA-forskaren Reinhard Hennig er hovudredaktør for boka. Med seg i redaktørstaben har han Anna-Karin Jonasson og Peter Degerman, begge frå Mittuniversitetet i Sverige. 

Knut Faldbakken

Knut Faldbakken Foto: Dag W Grundseth

Ny litteraturvitskapleg forskingstradisjon

— Innan litteratur- og kulturvitskapen er økokritikk eit forholdsvis nytt forskingsfelt som vaks fram i USA utover 1990-åra. Amerikanske og enkelte britiske litteraturvitarar tok da til å interessere seg for relasjonen mellom miljø og litteratur, seier Hennig. 

Lawrence Buell og Cheryll Glotfelty frå USA var blant pionerane. I Europa vart den litteraturvitskaplege økokritikken først utbreidd utover i 2000-åra.

— Det finst ingen eigentleg økokritisk litteraturteori. Økokritikarane tek i bruk eit mangfald av etablerte litteraturvitskaplege og kulturvitskaplege teoriar og metodar. Korleis vert naturen framstilt i litteratur og kunst, og kva seier teksten om relasjonen mellom samfunn og miljø? Slike spørsmål stiller vi oss gjerne innafor dette forskingsfeltet, seier Hennig.

Forutan eit introduksjonskapittel signert redaktørane, inneheld den nye boka 12 artiklar om norsk, svensk, dansk og finsk litteratur, kunst, film og fotografi.

Faldbakken var forløparen

Men om amerikanarane var først ute med økokritisk litteraturforsking, var nordmannen Knut Faldbakken blant dei første i verda til å skrive bøker med eit miljø- og klimaperspektiv. 

Ifølgje Hennig er dei to Faldbakken-romanane Uår: Aftenlandet (1974) og Uår: Sweetwater (1976) er typiske cli-fi-bøker frå 1970-åra. Faldbakken presenterer eit dystert framtidsbilete av ein sivilisasjon som bryt saman i sine Uår-romanar. 

— Den første Uår-boka vart skriven med eit vink til Oswald Spengler og bokverket Der Untergang des Abendlandes, Aftenlandets undergang, frå 1918-22. Til grunn for det verket låg tanken om at kulturar er som organismar. Dei vert føddt, veks fram og visnar. I eit slikt perspektiv er det umogleg å hindre undergangen og den økologiske katastrofen, seier Hennig. 

Bokforside Uår

Uår: Sweetwater fra 1976. Foto: Gyldendal

Forteljing og røyndom

Forteljingar strukturerer våre førestellingar av røyndomen. Forskarane snakkar gjerne om narrativ når dei meiner forteljing. Men omgrepet «narrativ» betyr også at forskaren snakkar like mykje om forteljemåten som ei bestemt forteljing.

— Poenget for økokritikken er mellom anna å studere korleis ulike forteljemåtar, eller narrativ, etablerer ulike perspektiv på relasjonen mellom kultur, litteratur og miljø, seier Hennig. 

Han viser til at forskingsfeltet mellom anna har vakse fram fordi forskarane har erkjent at det ikkje er nok å forstå klimaet naturvitskapleg.

— Erkjenninga av at klimaendringar er menneskeskapte, knyter klimaendringane til sosiale og kulturelle tenkje- og handlemåtar. Det inneber at også samfunnsvitskapen og dei humanistiske faga må forske på naturen, eller på relasjonen mellom miljøspørsmål, kultur og litteratur, seier Hennig. 

Andre miljøforskarar

Hennig understrekar at mens økokritisk litteraturforsking er ein svært ung tradisjon, oppstod miljøhistorisk og miljøfilosofisk forsking allereie i 1970-åra og utgjer ein eigen tradisjon. Ein av dei første på dette området var miljøfilosofen Arne Næss.

— I dag er fleire humanistiske fag opptekne av økologiske problemstillingar og arbeider gjerne saman om det som no vert kalla humanistisk miljøforsking, eller på engelsk; «environmental humanities», seier Hennig. 

Nordisk perspektiv

Sidan det heile starta i USA, har økokritikken fram til det siste vore mest oppteken av den engelskspråklege litteraturen, men dette vert endra med den nye artikkelsamlinga. 

Saman med nordiske kollegaer har Hennig brukt to år på å etablere Ecocritical Network for Scandinavian Studies (ENSCAN), eit internasjonalt nettverk av forskarar som arbeider med litteratur og andre kulturuttrykk i dette perspektivet.

Den nye artikkelsamlinga er det første handfaste resultatet av samarbeidet. Blant dei norske forfattarane som vert omtalte i boka, er Tarjei Vesaas og samtidspoeten Inger Elisabeth Hansen.

— Vi publiserer på engelsk for å bidra med ny kunnskap til det internasjonale forskingsfellesskapet på feltet, seier Hennig.

I 1990-åra var forskarane mest opptekne av å studere sakprosaen. Etter kvart vart dei meir interesserte i korleis synet på menneske og natur vart framstilt i romanar, noveller og dikt. I dag er også film, fotografi og andre kulturutrykk ein del av forskingsobjekta for økokritikarane. 

Ikkje minst på grunn av klimaenderingane er økokritikken eit forskingsfelt i sterk vekst.  

Økokritikk på UiA

Også ved UiA veks dette forskingsmiljøet. Professor May-Brith Ohman Nielsen ved Universitetet i Agder styrer til dømes det miljøhistoriske forskingsprosjektet Deadly dreams, the Cultural History of Poison , og er leiar for den tverrfaglege forskargruppa Environmental Humanities.

Hennig er med i forskingsgruppa til Ohman Nielsen. Han held også eit kurs i økokritisk litteraturlesing for masterstudentane i nordisk ved UiA.

At økokritikken stadig vert viktigare, kjem også fram i artikkelen «Den økokritiske utfordringa», som nettopp er publisert i Norsk litterær årbok (NLÅ, 2018).

Artikkelen er signert Hadle Oftedal Andersen, kritikar i Klassekampen og dosent ved Helsingsfors Universitet. Han skriv at økokritikken ser ut til bli like viktig for litteraturvitskapen som feminisme og postkoloniale studiar har vore før. Han meiner elles at det er vanskelig å forstå nyare norsk lyrikk utan å setje seg inn grunninnsiktene frå økokritikarane.

NLÅ vert redigert av førsteamanuensis Nora Simonhjell frå Universitetet i Agder og Benedikt Jager frå Universitetet i Stavanger. 

Meir cli-fi-litteratur

Litteraturen og forskinga utviklar seg side om side. Stadig fleire litteraturvitarar interesserer seg for det økokritiske perspektivet i litteraturen, men så er det også stadig fleire forfattarar som skriv cli-fi-bøker.

— Maja Lunde og hennar roman Blå frå 2017 er blant dei ferske og mest kjente norske cli-fi-romanar. Andre døme på nyare norske cli-fi-tekstar er Oslo 2084 (2004) av Bing & Bringsværd, Havari (2013) av Bård Isdahl og Sju dagar i august (2014) av Brit Bildøen, seier Hennig.

Men forskaren understrekar at Faldbakken var føregangsmannen med sine 70-talsromanar om overbefolkning, forureining og ressursmangel. Dette kan du lese meir om i boka Umwelt-engagierte Literatur aus Island und Norwegen (2014), som byggjer på doktorgradsvhandlinga til Reinhard Hennig.

 

Reinhard Hennig, Anna-Karin Jonasson og Peter Degerman (redaktørar):

Nordic Narratives of Nature and the Environment
Ecocritical Approaches to Northern European Literatures and Cultures
Lexington Books, 2018

Boka vart lansert 31. oktober.