0
Hopp til hovedinnhold

Inspirerande iskrem-forsking

Forskarar ved Handelshøgskulen ved UiA ønska å gjere noko gøy under Forskingsdagane i fjor. Nå er dei blitt inkludert på ei liste over inspirerande idear for si innovative og inkluderande forskingsmetode.

Bilde av forskere på stand.
Forskerane nytta fakultetets stand på Forskingsdagane til å forska. Foto: UiA

– Eg kan ikkje hugsa at me har gjort datainnsamling på denne måten før. Det var veldig gøy, og ga absolutt meirsmak, seier professor Ellen Katrine Nyhus.

Ho, professor Anders Emil Tobias Otterbring og postdoktor Elise Frølich Furrebøe satte saman eit is-eksperiment, for å forska på forbrukarpsykologi. Med på laget hadde dei Hennig-Olsen Is og tre tilsette frå administrasjonen ved Handelshøgskulen ved UiA.

Deltakarar til eksperimentet blei rekruttert blant publikum under Forskingsdagane. Handelshøgskulen ved UiA vann også Forskingsdaganes pris for årets bidrag i Kristiansand for eksperimentet.

Forska under Forskingsdagane

– Eksperimentet var godt egna til eit slikt arrangement, og me fekk samla mykje gode data. Det var jo korona-restriksjonar også då, så det var nok litt færre folk innom Forskingsdagane enn vanleg, seier Nyhus.

Lista som prosjektet er ein del av presenterer inspirerande måtar å jobbe på, og er samansett av The Association to Advance Collegiate Schools of Business (AACSB), som Handelshøgskulen ved UiA er akkreditert gjennom. Lista består av 24 forskjellige inspirerande prosjekt.

Samskaping er nøkkelen i is-prosjektet.

– Sett oss litt på kartet

«I dette prosjektet ønska me å bygga bru mellom bedrifter og akademiske teoriar ved å innovativt involvere personar med forskjellig bakgrunn. Vårt felteksperiment involverte bedriftsrepresentantar, borgarar, administrasjonstilsette og forskarar frå forskjellige institusjonar», skriv forskarane i si omtale av prosjektet.

– Det er veldig gøy å bli med på ei slik liste med vårt prosjekt. Det setter oss litt på kartet, og viser at også vi kan gjere ting som inspirerar andre, også internasjonalt. Vi ønskjer å gå videre med studiet, og involvere studentar meir, seier professor Anders Emil Tobias Otterbring.