Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Hjelper studentane med å finne sin indre klovn

Teaterinstruktør Robert Orr har ei heilt spesiell tilnærming når han underviser studentane på samtidsteater ved UiA.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Teaterstudentane ved UiA på scena, foto
Teaterstudentane ved UiA har utforska det særeigne, komiske uttrykket i samband med oppsetjinga av Gogol-stykket Revisoren denne hausten (Alle foto: Tor Jørund Føreland Pedersen).

– Eg kan ikkje lære studentane korleis dei skal vere morosame. Mi rolle er meir som ein tilretteleggjar: Eg hjelper dei med å oppdage sin indre klovn, seier den britiske skodespelaren, regissøren og teaterinstruktøren Robert Orr.

I staden for å instruere, dyrkar han det særeigne og unike ved kvar einskild student. Saman med Orr, har dei 25 studentane som deltek på Gogol-prosjektet denne hausten utforska korleis dei kan leike seg fram til eigne tolkingar og uttrykk. Inspirert av blant anna Commedia Dell’Arte og den franske klovne-tradisjonen, blir det individuelle, komiske uttrykket løfta fram og forsterka.

Eit viktig mål for dette teaterprosjektet er at studentane skal oppdage og bli betre kjende med sitt nærvær på scena.

–  Alle som ein, er til stades på sin eigen, unike måte. Eg legg berre til rette for at dei finn fram til dette nærværet, seier Orr.

– Vi har alle ein klovn!

Ved å flette inn element av leik og gøyale øvingar, blir det skapt eit miljø i gruppa der det å gjere feil er både positivt og naudsynt. Å feile er ifølgje Orr ein viktig del av prosessen, for ein finn ikkje fram til klovnen i seg utan å våge å vere ærleg og sårbar: 

–  Vi har alle ein klovn i oss! Eg lærer studentane om korleis dei kan få kontakt med si morosame side og eg viser ulike vegar for å kome dit. Dei er entusiastiske og set stor pris på det å leike og ha det gøy undervegs.

– Og så er det fint for studentane å oppdage noko som allereie bur i dei, framfor å kjenne på at dei skal lære seg å vere morosame, nesten som ein eigenskap, seier Orr.

Erfaren instruktør

Robert Orr driv til dagleg teaterkompaniet NIE saman med blant andre teaterregissør og -leiar Kjell Moberg. Orr jobbar sjølv som skodespelar og har også undervist teater- og filmstudentar over heile Europa i 15 år. Tidlegare har han vore involvert i ulike workshops og framsyningar på Universitet i Agder, blant anna ei oppsetjing av Hamsuns Sult i samarbeid med dåverande førstelektor i teater, Marit Wergeland, i 2015.

Denne gongen er det skodespelet Revisoren av Nikolaj Gogol som gjer at Orr har funne vegen til UiA. To studentgrupper frå bachelorprogrammet for samtidsteater og årsstudium drama og teater deltar.

Sjølv om Revisoren er eit skrive drama, så kategoriserer regissøren prosjektet som såkalla «devising», der heile gruppa av kreative deltakarar samarbeider om å utvikle framsyninga.

– Målet er at vi skal lage vår eigen versjon. Revisoren er eigentleg litt for gamalt som stykke til å passe inn som samtidsteater. Derfor eksperimenterer vi med aktuelle tema som korrupsjon og grådigheit for å gi stykket ein interessant og samtidig kontekst, seier Orr.

Snart premiere

Sidan arbeidet med Revisoren starta tidleg i november, har studentane vore igjennom fleire fasar. Første del handlar om å lære seg stykket. Fase to, som også er den mest krevjande, går ut på å frigjere seg frå tekst og konvensjonar og spele ut studentane sin eigen versjon.

No er dei komne til den frigjerande sistefasen, som handlar om å gje liv til stykket – eller bring it to life, som Orr seier sjølv.

Revisoren har premiere torsdag 2. desember klokka 19.00 i teatersalen GU 043. I tillegg blir det høve til å sjå stykket både fredag 3. desember og laurdag 4. desember.

Robert Orr i sving på scena, foto

Teaterinstruktør og regissør Robert Orr viser studentane ulike vegar mot målet: Å oppdage sin eigen, indre klovn.