Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Historia om norsk kristendom fortald nedanfrå

 UiA-professor Helje Kringlebotn Sødal bryt med fleire tradisjonar for historieskriving i si nye bok om norsk kristendom dei siste 200 åra.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Foto fra scenen på Filadelfia i Kristiansand
Nye tider og nye former, her frå Filadelfia. (Foto: Jonas Stefan Ntibigarura.)

Professor Helje Kringlebotn Sødal ved Universitetet i Agder (UiA) er ute med ei ny bok om kristendommens historie i Noreg frå 1800 til 2020. Norsk kristendomshistorie 1800-2020, Fra selvsagt tro til mangfold heiter boka. Her legg forskaren vekt på dei positive kulturimpulsane kristendommen har bidrege med i perioden.

Ho skriv mest om dei siste 50 åra, vektlegg det positive og trekkjer fram barn, unge, kvinner og familiar heller enn prestar. Dermed bryt ho med tradisjonen blant allmennhistorikarane, dei som skriv om samfunnsutviklinga på alle område, men helst ikkje om den nære fortida.

Allmennhistorikarane er dessutan mest opptekne av å skrive om makt og maktmisbruk. Dei skriv om teologiske tvangstiltak og overtramp i statskyrkja (før 2012) og frikyrkjene. Dei kulturbyggjande elementa i kristendommen får liten plass.  

Sødal understrekar at det er både legitimt og viktig å skrive kritisk om den makta kyrkja forvaltar.

– Samtidig er det òg legitimt og viktig å skrive om dei konstruktive sidene ved kristendommen. Eg legg vekt på at kristendommen er ein viktig kulturimpuls som har bidrege med mykje positivt i vårt land, og slik bryt mi forteljing med perspektiva frå allmennhistorikarane. For dei perspektiva finst jo allereie, seier ho.

Foto av Helje Kringlebotn Sødal

Professor Helje Kringlebotn Sødal vektlegg det konstruktive i ny bok om kristendommens historie. (Foto: forlaget.)

Omslaget til boka

Den nye boka om kristendommens historie er på 280 sider.

Ikkje prestehistorie, men folkehistorie

Professoren seier at ho har ønskt å skrive ei folkehistorie og ikkje ei prestehistorie.

– Mens prest og statskyrkje speler hovudrolla i tidlegare framstillingar av kristendomshistoria i Noreg, har eg ønskt å fortelje nedanfrå. Eg viser at kristendommen har spelt ei viktig kulturell rolle så vel som ei religiøs og kristen rolle for folk i denne perioden, seier ho.

Det finst bilde av ein og annan prest i prestedrakt i den 280 sider lange boka. Jamt over er likevel bildematerialet prega av ønsket om å vise fram barn, unge, kvinner og familiar heller enn presten i presteskrud. Her er foto av ungdommar, barnehagar og søndagsskulearbeid. Og presten vert ikkje avbilda aleine, men saman med heile familien for å vise at dei alle vart råka av nazistane.

– Prestane opponerte mot nazimakta, og det er ei viktig historie, men det er òg viktig å få fram at det var fleire kristne enn prestar som stod opp mot nazistane med dei kostnadene det hadde. Motstanden råka heile familiar, seier Sødal.

I boka trekkjer ho fram andre kristne enn prestane som stod steilt mot nazimakta.

– Det gjeld misjonærar og predikantar, og så å seie ingen av dei valde feil side under krigen, seier ho.

Bibelcamp og norske Billy Graham

Nedanfrå-perspektivet inneber også at skulen og læraren har fått ei langt viktigare rolle som kristen aktør i denne boka. Samtidig har frikyrkjene fått større plass enn vanleg er i historiebøker av denne typen.

I tekst og bilde vert ungdomslag, barnemøte og bibelcamp skildra. Frikyrkje-predikantar som Ludvig Hope, Åge Samuelsen og Aril Edvardsen har fått sin plass i framstillinga. Det same har han som innførte bibelcampen, John Olav Larssen. Det var elles han som vart kalla den norske Billy Graham.

Fridom som raud tråd

– Hans Nielsen Hauge var ein føregangsperson. I og med hans pionerverksemd som predikant og gründer mot slutten av 1700-talet, omdanna kristendommen seg frå statsreligion til ei folkerørsle. Frå då av kan du seie at prest og kyrkje stadig mista makt til fordel for at folket sjølv vert aktør i eige liv og herre over eiga tru, seier Sødal.

No sat Hauge omlag 10 år i fengsel fordi han ikkje var prest, men likevel talte offentleg om kristendommen. I ettertida har han vorte eit symbol på lukka, alvorstung og innettervendt kristendom (pietisme), men like mykje på ein open, samfunnsinteressert og utettervendt gründer.

– Fridom er ein raud tråd gjennom heile boka, frå Hauges frigjering frå statskyrkja til i dag da kyrkja ikkje lenger er ei statskyrkje. Mens kristendommen på 1800-talet er sjølvsagt i livet til folk, er han i dag del av eit mangfald som særleg har skote fart dei siste åra, seier Sødal.

Frå monopol til mangfald

Sjølv kallar ho historia ei mangfaldshistorie. Ho går ikkje heilt med på at ho har skrive ei historie om kristendommens vekst og fall. Mens kristendommen før berre var luthersk statskyrkje-kristendom, har han i dag utvikla seg i mange retningar. Samtidig er Noreg vorte eit mangfaldig land der fleire religionar og mange former for tru lever side om side

Når Sødal i motsetting til andre historikarar har vald å skrive så mykje om dei siste 50 åra, er det fordi ho trur folk treng kunnskap om den nære fortdia.

– Men òg fordi den siste tida har kome med dei mange endringar i høgt tempo, seier ho.

Sødal nemner stikkord som sekularisering og nye lover der kristendommen taper sin tidlegare privilegerte posisjon. Eitt døme er skulelova frå 1969 som tek frå skulen ansvaret for trusopplæring av barna, men det finst andre lovendringar. Den kristne føremålsparagrafen vert historie i 2008. Kyrkja skil lag med staten i 2012. Og ifølgje professoren er dei aktivt kristne i dag ein minoritet i Noreg.

– Kristendommen er framleis ei kulturell kraft i landet. Gjennom hundreåra har kristendommen gitt eit felles verdigrunnlag for folk, gitt personleg retning for livet til mange og spelt ei avgjerande rolle for eksistensielle diskusjonar i kunst og litteratur, seier Sødal.

Og historia om kristendommen held fram, sjølv om boka stoppar ved 2020.