Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Har nok kandidatar til faste plassar

Koronakrise til trass – heile 65 studentar kjempar denne våren om 40 faste plassar i dei sju fakultetsstyra til universitetet og i Studentparlamentet.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Studenter med stemmesedler i været, foto
SER FRAMOVER: Årets studentval blir halde som vanleg. Det er klart etter at nok kandidatar har meldt seg. (Arkivfoto)
Benedicte Nordlie, foto

Benedicte Nordlie

Det er klart etter at fristen for å fremme kandidatar til studentvalet i vår til fakultetsstyra og til Studentparlamentet no er forbi.

– Vi er godt nøgde med kandidatane vi har fått, og med talet. Vi får no eit reelt val til alle faste plassar i fakultetsstyra, samtidig som alle fakulteta blir representerte i Studentparlamentet. Med tanke på korleis situasjonen har vore den siste tida, er dette veldig bra - vi må berre takke for eit godt samarbeid med UiA sentralt og fakulteta og avdeling for lærarutdanning, seier leiar Benedicte Nordlie i Studentorganisasjonen i Agder (STA).

Krevjande i korona-tider

Studentleiaren legg ikkje skjul på at det har vore krevjande å gjennomføre kandidatinnhentinga. Ikkje før var parodien for å fremme kandidatar i gang, før koronaviruset slo til. Campusane til UiA stengde, undervisninga vart flytta over til digitale plattformer, og studentane vart spreidd for alle vindar.

I første rekke førte det til at berre eit 40-tals kandidatar hadde meldt seg ved utløpet til fristen 25. mars. Fristen vart då utsett til 29. mars, og STA-studentane på UiA intensiverte arbeidet med å motivere moglege kandidatar.

Sjå òg: Ny frist for kandidatar: 29. mars

Valkamp og stemmeperiode

No går studentane inn i ein drygt fire veker lang valperiode, der dei to siste vekene utgjer sjølve stemmeperioden. Sjølve valet blir halde elektronisk i perioden 22. april kl. 10.00 – 29. april kl. 14.00. Studentane kjem til stemmerommet via nettsidene til STA.

– I tillegg til å køyre ein god valkamp, håper vi òg at mange studentar vil bruke stemmeretten sin og stemme.  Det er viktig å delta i studentdemokratiet og i studentpolitikken. Ei aktiv deltaking her er med på å sikre rettane til studentane og deira innverknad i universitetets og Studentorganisasjonens verksemd og mål, seier Benedice Nordlie.

Kandidat-tala

Slik ser den fordelinga av kandidatar ut, etter at forslagsfristen no er gått ut:

  • Fakultet for humaniora og pedagogikk: 10 kandidatar (Nok til alle ledige plassar i fakultetsstyret og Studentparlamentet)
  • Fakultet for helse- og idrettsvitenskap: 5 kandidatar (manglar 1 fast representant og 4 vara til Studentparlamentet)
  • Fakultet for kunstfag: 4 kandidatar (manglar 2 vara til Studentparlamentet. 3 kvinner og 1 mann stiller til fakultetsstyret)
  • Fakultet for teknologi og realfag: 12 kandidatar (manglar 1 vara til Studentparlamentet)
  • Fakultet for samfunnsvitenskap: 11 kandidatar
  • Handelshøyskolen ved UiA: 11 kandidatar (manglar 2 vara til Studentparlamentet)
  • Avdeling for lærerutdanning: 12 kandidatar (manglar 1 vara til Studentparlamentet)