Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Gir ut gratisbok om opposisjonell tradisjon i Norge

Historieprofessor emerita Bjørg Seland trur framtida vil by på fleire gratisbøker om forsking. No har ho sjølv redigert og publisert ei bok om sosial og politisk mobilisering i Norge frå 1814 til i dag.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bjørg Seland, foto
REDAKTØR: – Det er viktig å bli lese, seier Bjørg Seland, som gir ut si første bok som redaktør digitalt.

– Dette er den niande antologien eg er redaktør for, men den første som blir gitt ut digitalt, med fri tilgang for alle, såkalla open access. Så eg er spent på korleis det blir, seier Bjørg Seland.

Omslag på boka

– Denne publiseringsmåten er omdiskutert av fleire grunnar, og den passar nok ikkje like godt for alle typar bokprosjekt. Men for ei artikkelsamling som denne, kan det ha mykje for seg. Vi håpar jo at når boka ligg så ope tilgjengeleg, så vil ho nå ut til fleire lesarar. For sjølvsagt vil vi gjerne nå breitt ut med forskingsartiklane våre, seier ho.

SJÅ OG LES BOKA HER!

Den nye boka blir utgitt av forlaget Cappelen Damm Akademisk (CDA) - som er utgivar av læremiddel og fagbøker til høgare utdanning og profesjonsmarknaden både i Norge og internasjonalt – gjennom den opne publiseringsplattforma Nordic Open Access Scholarly Publishing (NOASP). Via denne har forlaget til no gitt ut 58 bøker i pdf-format sidan desember 2016.

Fortel om ein opposisjonell tradisjon i Norge

Boka har Bjørg Seland skrive saman med seks andre kapittelforfattarar. Saman tar dei opp politiske konfliktar i Norge gjennom eit langt tidsspenn, frå det seine eineveldet til vår tids demokratiske utfordringar. Boka er organisert i åtte kapittel, og representerer punktnedslag i historiske fasar som i særleg grad har vore prega av sosial og politisk mobilisering. Slik bidrar boka til å belysa ein opposisjonell tradisjon i Norge.

Historikarar er ofte blitt kritisert for å fokusera einsidig på avgrensa periodar og hendingar, og vera for lite opptatt av å spora linjer på tvers av grenser i tid og rom. Forfattarane av denne boka skriv rett nok med bakgrunn i avgrensa studiar, men alltid med ambisjon om å setja forskingstemaa sine inn i ein breiare kontekst. Det er ein vesentleg styrke ved boka.

Ser utviklinga av det norske demokratiet

I Norge markerer Grunnlova av 1814 skiftet frå eineveldig styre til begynnande demokrati. Bondeopprøra på 1700-talet kan tolkast som uttrykk for avmakt hos allmugen, men òg som eit handlingsrom med kraft til å påverka styresmaktene. Bondeopposisjonen på 1800-talet viser kampen for å nå fram gjennom parlamentarisk opposisjon. Rundt 1850 vart dei første forsøka på organisering av arbeidarar kriminalisert – rundt 1950 dominerte Arbeidarpartiet norsk politikk.

– Dette er linjer som speglar eit stadig meir utvikla demokrati, der det politiske systemet i prinsippet opnar for brei folkeleg medverking. Men enno i dag blir demokratiet utfordra av opposisjon i ytringsformer som til tider vekker bekymring for stabiliteten i vår politiske kultur, seier Bjørg Seland.

Lese av 607 på to månader

Men får boka fleire lesarar, når ho er utgitt digitalt og open for alle? Til no, snaue to månader etter at ho vart publisert, er boka lasta ned heilt eller kapittelvis heile 607 gonger.

– Det synest eg i grunnen er ganske bra. Faktisk meir enn eg ville trudd i utgangspunktet, seier Bjørg Seland.

Kapittelforfattarane i boka er:

  • Førsteamanuensis Trond Bjerkås, UiA, Institutt for religion, filosofi og historie
  • Førsteamanuensis Lars Gule, OsloMet, Institutt for internasjonale studier og tolkeutdanning
  • Professor Berit Eide Johnsen, UiA, Institutt for religion, filosofi og historie
  • Stipendiat Charlie Emil Krautwald, UiA, Institutt for religion, filosofi og historie
  • Førstearkivar Margit Løyland, Riksarkivet, Oslo
  • Professor Hilde Sandvik, UiO, Institutt for arkeologi, konservering og historie
  • Professor emerita Bjørg Seland, UiA, Institutt for religion, filosofi og historie             

Bjørg Seland er dr. philos i historie og professor ved Universitetet i Agder. Forskinga hennar omfattar sosial- og kulturhistoriske emne i perioden 1800 til 1940, blant anna knytt til grannefellesskap i bondesamfunnet, kjønnsrolleproblematikk og religiøse rørsler. Ho er i dag professor emerita ved Universitetet i Agder.