Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Gir ut festskrift for professor Jacobsen

Først fylte han 60 år. Og no har han fått eit eige festskriv. Heile 32 kollegaer i inn- og utland hyllar fagleg nestor og professor Dag Ingvar Jacobsen ved Institutt for statsvitskap og leiingsfag for den faglege innsatsen sin gjennom meir enn 30 år.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Jarle Trondal holder frem festskriftet, foto
FESTSKRIFT: Heile 32 forskarar har bidratt i festskriftet til Professor Dag Ingvar Jacobsen i form av boka Organising and Governing Governmental Institution, som er redigert av kollegaene og professorane Jarle Tronstad (bildet) og Romulo Miguel Pinheiro.
Romulo Miguel Pinheiro, foto

Romulo Miguel Pinheiro

– No er det rett nok eit par år sidan han feira 60-årsdagen sin. Så vi er bitte litt på etterskot. Men det var vel eigentleg aldri nokon tvil om at Jacobsen fortente eit festskriv. Han er ein markert og halden person i fagmiljøet vårt både i Noreg, Norden og internasjonalt.

Det seier professor Jarle Trondal, som saman med kollega Romulo Miguel Pinheiro står bak og har redigert boka Organising and Governing Governmental Institutions, som utgjer festskrivet.

Frå Norden og Tyskland

Professor Dag Ingvar Jacobsen, foto

HEIDRA: Professor Dag Ingvar Jacobsen.

I arbeidet med boka har dei to redaktørane inviterte yngre og etablerte forskarar i Noreg, Danmark, Finland og Tyskland som bidragsytarar. Heile 29 har bidratt, i tillegg til redaktørane. Bidraga fokuserer alle på område innan faget som Jacobsen har vore opptatt av i arbeidet sitt, og som i dag dannar ein tydeleg klangbotn i feltet når statsvitskap, leiingsfag og organisasjonsteori som fag blir diskutert i heile Norden.

Jacobsen har òg påverka fleire generasjonar studentar, både som foreles på UiA, og også gjennom sin store lærebokproduksjon. Saman med kollega Jan Thorsvik har Jacobsen skrive læreboka Hvordan organisasjoner fungerer.  Boka, som no er i den femte utgåva si, er den mest brukte læreboka i organisasjonsteori i Skandinavia.

Nye studiar på tre område

Som festskrift er målgruppa for essaysamlinga primært kollegaer og forskarar innan statsvitskap, organisasjonsfag og leiingsfag. Men essaysamlinga står òg støtt på eigne bein, og kan òg lesast med interesse av alle som er opptatt av organisasjon og styring av offentlege institusjonar.

Som bok undersøker essaysamlinga tre grunnleggande og samanvevde praktiske tema knytt til statsvitskap som vitskapleg studie av politikk:

Den første delen diskuterer korleis det praktiske arbeidet til lokale og statlege styresmakter fungerer, og skisserer dei organisatoriske dimensjonane til politikken i dette - kvar grensa går mellom politikk og administrasjon. Den andre delen undersøker det komplekse og samutviklande forholdet mellom politiske og administrative strukturar – samarbeidet mellom politikarar og administrasjonen. Og den tredje diskuterer kontinuitet og endring knytt til organiseringa og verksemda til lokale styresmakter – korleis offentleg forvaltning og tenesteyting kan designast.

– Boka bidrar særleg med nye studiar innan tre relaterte område: Generiske dynamikkar innan offentleg politikk og administrasjon, skiftande forhold mellom politikk og administrasjon, og dessutan kontinuitet og endring i offentleg styring, seier Jarle Trondal.

– Ei stor og hyggeleg overrasking

Og kva med professor Jacobsen sjølv – korleis ser han på festskriftet?

– Dette var ein stor og hyggeleg overrasking. Eg visste ikkje noko om dette før boka kom ut. Både redaktørane og bidragsytarane har halde dette heilt hemmeleg for meg, og det er utruleg godt gjort. I perioden som dei har arbeidd med boka, har eg hatt direkte kontakt med fleire av dei – og ingen har sagt eit ord. Det er eg skikkeleg imponert over.

– I tillegg er eg imponert over boka. Essaya held eit høgt fagleg nivå, og er frå folk som er sentrale innan feltet. Så eg er imponert. Tusen takk til alle som har bidratt til dette! seier professor Jacobsen.