Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Fem grunnar til dårleg leiarskap

Dårlege leiarar er meir regelen enn unntaket, seier professor Anders Örtenblad.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvinne med hodet på tastaturet
BILDETEKST: Leiarskap kan handle om så mykje, men i grunnen handlar det om korleis du jobbar med andre menneske. – I den vestlige verda i dag er eg sikker på at dårlege leiarar skapar fleire problem enn farlege kjemikaliar, seier professor Anders Örtenblad. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Leiarar gjer ein ekstremt viktig jobb, så kvifor gjer dei ofte jobben så dårleg?

– At det finst dårlege leiarar er ikkje overraskande, men at det er så vanleg er forbløffande. Dårleg leiarskap kan handle om alt frå miljøøydeleggingar og bankkollapsar til mobbing og trakassering eller leiarar som berre ikkje bryr seg, seier professor Anders Örtenblad ved Institutt for arbeidsliv og innovasjon på Universitetet i Agder.

Örtenblad er professor ved Institutt for arbeidsliv og innovasjon på UiA. Han er redaktør for ei ny debattbok som nyleg blei gitt ut, Debating Bad Leadership (Palgrave Macmillan, 2021).

– Tenk på alle milliardane som går til leiarskapsutviklingskurs, universitetsutdanningar, bøker og all forsning på kva som er god leiing. Og enda så blir det ikkje betre. Det må vere noko feil med korleis vi tenkjer på leiing, seier Örtenblad.

Foto av Anders Örtenblad

Anders Örtenblad er professor i arbeidslivsvitenskap ved Institutt for arbeidsliv og innovasjon på Universitetet i Agder.

Fem forklaringar

– Det er mange typar dårlig leiarskap, men det er vanleg å dele det inn i leiing som ikkje er effektiv og leiing som ikkje er etisk. For eksempel kan vi seie at Adolf Hitler var ein effektiv leiar, men han var ikkje særskild etisk, seier Örtenblad.

I boka skriv eit utval internasjonale forskarar om dårleg leiarskap frå ulike vinklar. Her er fem av forklaringane forskarane trekkjer fram på at leiarar ofte sviktar:

1. Dårleg rekruttering

– Mange leiarar får jobben fordi dei er best i faget sitt. Men vi kan ikkje ta for gitt at dei vil vere gode leiarar òg, seier Örtenblad.

Heller enn å finne den beste i faget, bør ein leggje vekt på kven som kan bli ein god leiar. Det er også viktig å skilje ut dei som har anlegg for å bli uetiske leiarar som til dømes psykopatar.

– Mange menneske har små drag av psykopati, og under eit intervju kan dei stå fram som om dei bryr seg om menneska dei skal leie. Dei som rekrutterer må ha verktøy for å avsløre slike ting, seier Örtenblad.

2. Leiarrolla er feil utforma

Ei forklaring i boka byggjer på at det ikkje er mogleg å leve opp til krava som leggjast på leiarar i dag. Då kan det vere ei løysing å ha ei gruppe på to eller tre leiarar som har kvar sitt ansvarsområde.

– Mange aviser, kulturinstitusjonar og universitet har faglege og administrative leiarar. Men vi kan også tenkje oss ei oppdeling i leiarar for fag, administrasjon og personell. Idealet i dag er gjerne at eitt menneske kan gjere alt, men det er kanskje ikkje realistisk, seier Örtenblad.

Ifølgje professoren kan det òg vere ei løysing at leiaren delegerer meir ansvar.

3. Blir leiar av feil årsak

Det er menneskeleg å søkje makt og status og gjere karriere. Når ein har gjort ein god jobb, ønskjer vi å få anerkjenning for det. Og i vårt samfunn er det ikkje mange alternative karrierevegar.

– På 1990-talet snakka vi om korleis dei som var gode i faget sitt kunne gjere karriere utan å bli leiarar. På universitetet kan du bli dosent eller professor, noko som gir deg meir ansvar for faget, men ikkje for menneske. Alternative karrierevegar er eit omgrep som har forfalle, men eg trur det er meir vi kan gjere her, seier Örtenblad.

4. Arbeidstakarar tek ikkje ansvar

Det kan hende at arbeidstakarane ser til leiaren som ein helt som skal løyse alle problem, i staden for at dei løyser dei sjølve. Men på den andre sida har arbeidstakarane eit ansvar for å seie ifrå om ein leiar er dårleg.

– Vi får dei leiarane vi skapar sjølv. Ingen kan bli leiar utan følgjarar. Du kan seie at det er leiaren sin feil om han eller ho er dårleg, men det er vi som gir denne personen makt. Om vi er så dumme at vi følgjer Adolf Hitler, seier denne forklaringa at det er vår feil når han blir leiaren vår, seier Örtenblad.

5. Leiarar kan for lite om leiing

Denne forklaringa handlar ikkje om å velje bort personar i rekrutteringsprosessen, men at vi skal lære opp dei leiarane vi allereie har.

– Vi kan gjere det allereie før dei starter i jobben, og ein kunne tenkje seg at leiarskap var ei større del av utdanninga for til dømes barnehagepersonell og økonomar, seier Örtenblad.

Komplekse problem

Om dei fem forklaringane overlappar, er dei heller ikkje gjensidig utelukkande. Örtenblad seier at problema blir meir komplekse av di det som er god leiing for den eine arbeidstakaren, kan fungere dårleg for den andre.

– Det er ikkje enkelt å sette fingeren på éin ting som kan forklare dårlig leiing, og derfor er det vanskeleg å gjere noko med òg. Denne boka er eit forsøk på å nyansere problema, seier Örtenblad.