Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Fantastisk litteratur tar opp kunstig intelligens og samfunnsutviklingen

Ny forsking ved Universitetet i Agder viser korleis litteratur for barn og unge kommenterer samtidsaktuelle utfordringar.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bildet viser bokomslaget.

– Den beste fantastiske litteraturen for barn og unge har fleire ambisjonar. Han kan til dømes ønskje å vere kunst, samtidig som han kommenterer viktige utviklingstrekk i samfunnet, seier Svein Slettan.

Han har nyleg redigert boka Fantastisk litteratur for barn og unge. Boka spring ut av forskingsgruppa for barne- og ungdomslitteratur ved Universitetet i Agder (UiA), leia av Slettan.

Boka inneheld 14 vitskaplege artiklar av 15 ulike forskarar, fem av dei frå UiA. Alle artiklane dreiar seg om nyare norske bøker, ingen eldre enn 15 år gamle og alle innanfor kategorien fantastisk litteratur, også kalla fantastikk eller fantasy.

Harry Potter og Ole Brumm

Mange av dei mest kjende barne- og ungdomsbøkene er fantastisk litteratur. Harry Potter-bøkene av J. K. Rowling, Sofies Verden av Jostein Gaarder, Dustefjerten-bøkene av Rune Belsvik, Mio, min Mio av Astrid Lindgren og Ole Brumm-bøkene av A. A. Milne er nokre døme.

Felles for dei ulike bøkene innanfor fantastisk litteratur er at dei på eit eller anna vis bryt med ei realistisk framstilling og ei enkel etterlikning av den verda vi kjenner frå før. Denne litteraturen lagar si eiga verd.

– Fantastisk litteratur etablerer gjerne eit magisk eller eventyrleg univers som følgjer sine eigne reglar. Dette universet kan vere ei heilt eiga verd utan kontakt med det vi vanlegvis reknar som normalverda, eller det kan ha ei dør, ein portal eller andre måtar personane i boka kan bevege seg mellom normalverda og den magiske verda, seier Slettan. 

Bilde av førsteamanuensis Svein Slettan.

– Fantastisk litteratur er samfunnsengasjert, stiller eksistensielle spørsmål og problematiserer identitetsutvikling og er samtidig litterær kunst, seier førsteamanuensis Svein Slettan ved Universitetet i Agder.

Skrekk og gru

Dei nye studia viser at fantastisk litteratur er meir enn skrekk og gru, meir enn drakar og riddarar og meir enn skjulte forteljingar (allegoriar) om utviklinga av identitet og personlegdom hos barn og unge.

– Den fantastiske litteraturen vil også formidle noko om aktuelle problemstillingar i samfunnet. Dette kan gjere han tidsrelevant, men også kunstnarisk problematisk, seier forskaren.

Han minner om at det er eit problem for litteraturen om han vert altfor einsidig. God litteratur skal ikkje presentere politisk eller moralsk korrekte perspektiv på samfunnet på ein eintydig måte.

Viss litteraturen vert for tydeleg og einsidig med sine bodskapar, misser han den spenninga og uvissa som gjer han til kunst. Skjønnlitteratur skal verken skrivast eller lesast som sakprosa, der ein leitar etter hovudsynspunkt og bodskap, seier Slettan.

Kunstig intelligens og halvrobotar

Boka presenterer fleire døme på fantastisk litteratur som ifølgje forskarane er samfunnsorientert og kunstnarisk på ei og same tid.

Luridiumystyven av Bobbie Peers er ein spennande thriller som tematiserer utviklinga av kunstig intelligens. Fleire av personane i boka er halvt robotar, men forfattaren tek ikkje stilling til om den teknologiske utviklinga er av det gode eller vonde. Han viser fram både dei heldige og mindre heldige sidene ved utviklinga av kunstig intelligens, seier Slettan.

Lykke Guanio-Uluru frå Høgskulen på Vestlandet har skrive artikkelen om romanen til Bobbie Peers. Hennar studie viser at grensene mellom populærlitteratur og seriøs litteratur langt på veg er oppheva i denne boka.

Luridiumstyven er einskikkeleg spenningsroman med høgt tempo, melodrama, sterke kjensler og klare motsetningar mellom heltar og fiendar. Samtidig er det ei bok med litterær og kunstnarisk verdi. Boka gjer ingen lettvinte slutningar om kunstig intelligens, men stimulerer lesaren til å tenkje gjennom fenomenet, seier Slettan. 

Samfunnsrelevant dikting

Miljøøydelegging, folkevandringar og framandfrykt er andre aktuelle tema som vert aktualiserte i bøkene forskarane har studert.

Slettan minner om at litteraturen og forskinga om han ikkje går føre seg utafor samfunnet, men er eit kunstnarisk og litteraturvitskapleg forsøk på å forstå meir av den verda vi lever i, også dei aktuelle utfordringane samfunnet står overfor.

– Felles for mange av bøkene vi har studert, er at dei ikkje trekkjer einsidige konklusjonar, men går inn i samfunnsproblema og prøver å sjå dei frå fleire sider. Bøkene set problem under debatt, men dei er ikkje realistiske romanar, dei er fantastisk litteratur. Og dei beste av dei bøkene er mangetydige, slik god litteratur plar vere, seier Slettan.

Fornuft og kjensler

Ifølgje forskaren høyrer det med til historia om den fantastiske litteraturen at han veks fram så å seie i takt med moderniteten og opplysningstida på 1700-talet. Fornufta spelte hovudrolla i opplysningstida og det overnaturlege hadde ikkje nokon stad å gjere av seg. Men så fann altså magien og det overnaturlege ein plass i den fantastiske litteraturen.

– Moderniteten legg vekt på fornuft og opplysning, mens den fantastiske litteraturen også legg vekt på den sanselege og kjenslege sida av mennesket, alt det som vert rekna som ufornuftig. Også den gongen vart den teknologiske utviklinga tematisert i den fantastiske litteraturen, til dømes i romanen Frankenstein av Mary Shelley, seier Slettan.