Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Får eigen interesseorganisasjon

Doktorgradstudentar på Universitetet i Agder har denne hausten starta sin eigen interesseorganisasjon for å hjelpe studentane til å finne seg til rette på UiA.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av dei fem initiativtakarane til organisasjonen
Fem doktorgradstudentar frå Fakultet for teknologi og realfag på campus Grimstad har i haust vore initiativtakarar til organisasjonen. F.v.: Sinziana Rasca, Madhawa Jayathilake, Shaun Falconer, Bernhards Fäßler og Sissel Tind Kristensen.

Organisasjonen skal representere alle doktorgradstudentar og postdoktorar på Universitetet i Agder (UiA). For augeblikket finst han berre på Campus Grimstad, men planen er at studentar frå begge campus skal bli inkludert. 

Organisasjonen får god støtte på UiA. Øyvind Nystøl frå forskingsadministrativ avdeling er administrativ ansvarleg for ph.d.-studentane. Han er veldig glad for slike initiativ som kjem nedanfrå. 

Sinziana Rasca er ein av initiativtakarane til organisasjonen. Ho er overvelda over den positive responsen og støtta både frå studentane og UiA.

Sinziana Rasca er ein av initiativtakarane til organisasjonen. Ho er overvelda over den positive responsen og støtta både frå studentane og UiA.

–Dette ønsker vi sjølvsagt å støtte på ein best mogleg måte, både praktisk og økonomisk, seier Nystøl.

Initiativ frå Fakultet for teknologi og realfag

Fem doktorgradstudentar frå Fakultet for teknologi og realfag på campus Grimstad har i haust vore initiativtakarar til organisasjonen. Dei fortel at UiA så langt ikkje har eit nettverk som representerer UiAs doktorgradstudentar og postdoktorar. Slike nettverk kan ein til dømes sjå på andre norske institusjonar som NTNU og Universitetet i Bergen.

Sinziana Rasca, ph.d.-kandidat i berekraftig mobilitet ved Institutt for ingeniørfag er ein av initiativtakarane. Ho fortel at UiA har gjort mykje bra for å møte behova til doktorgradsstudentar og postdoktorar, men at det hovudsakleg er knytt til eige institutt og fakultet. 

– Vi håper nå å skape ein tverrfagleg og universitets-samlande organisasjon som kan gi enda sterkare støtte for studentane. Vi treng ein organisasjon som fører oss kollegaer saman, seier Rasca. 

Positiv respons

I haust arrangerte organisasjonen ei samling i Grimstad for å markere starten på organisasjonen. Over 30 ph.d-studentar møtte opp.

Eit av hovudmåla med denne første festen var å byggje nettverk og finne ut av kva studentane ville bruke organisasjonen til. 

– Vi er overvelda av den positive responsen og støtta både frå studentane og UiA. Det er tydeleg at det er eit behov for denne organisasjonen. Vi har nå starta opp med studentar frå Campus Grimstad. Etter kvart håper vi å få med fleire frå fleire institutt og fakultet frå begge campus, seier Rasca. 

På første samling med organisasjonen møtte over 30 studentar opp.

Over 30 ph.d-studentar møtte opp på den første samlinga til organisasjonen. 

5. desember skal organisasjonen arrangere ei julesamling på Campus Kristiansand. På UiA finst det over 250 doktorgradsstudentar og cirka 25 postdoktorar. Organisasjonen håper at mange av desse kjem for å møte andre doktorgradsstudentar og postdoktorar. 

Samlinga i Kristiansand skal leggje grunnlaget for ein UiA-brei organisasjon som omfattar både Grimstad og Kristiansand.

Fleire aktivitetar på kalenderen framover

Organisasjonen skal ha mange aktiviteter framover. Dei planlegg til dømes fleire sosiale hendingar, nettverksbygging, arbeidsgrupper og faglege temakveldar som er relevant for studentane. 

– Vi håper at organisasjonen kan hjelpe doktorgradstudentar og postdoktorar på UiA med å meistre dei felles utfordringar som vi opplever. Vi ser at mange, spesielt utanlandske studentar, har mange av dei same utfordringane. Dette ønsker vi å gjere noko med i denne organisasjonen, seier Rasca. 

Dei planlegg til dømes å etablere ei fadderordning og ein pakkeløysing for nytilsettedoktorgradstudentar og postdoktorar.