Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Eit samla Agder snakka psykologi med statsråden

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe vart møtt av både UiAs leiing og viktige samarbeidspartnarar for å diskutera utvikling av både UiA og landsdelen.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Statsråden, rektor, ordførere og KS-leder foran hovedinngangen ved UiAs Campus Kristiansand.

Frå venstre fylkesstyreleiar i KS Gro Bråten, fylkesordførar Arne Thomassen, ordførar i Kristiansand Jan Oddvar Skisland, rektor Sunniva Whittaker og statsråd Ola Borten Moe.

Rektor Sunniva Whittaker tok imot Forsknings- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe ved hovedinngangen til Campus Kristiansand.

Rektor Sunniva Whittaker tok imot Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe ved hovedinngangen til Campus Kristiansand.

Som styreleiar i Universitets- og høgskulerådet møter Sunniva Whittaker stadig statsråden, men måndag 7. februar var første gong ho som UiAs rektor kunne ønskja Ola Borten Moe velkommen på campus.

– Den viktigaste saka for oss å få diskutert med statsråden var skipinga av eit profesjonsstudium i psykologi. Det er ei viktig sak ikkje berre for universitetet, men for heile landsdelen, seier rektor Sunniva Whittaker.

Det er fire steg som må på plass for at UiA skal kunna tilby eit seksårig psykologistudium, og to er no i boks:

  1. UiAs styre må visa vilje til å oppretta eit slikt studium. Det har dei gjort.
  2. Det må vera tillate for nye institusjonar å tilby psykologistudium. Det har det no vorte.
  3. UiAs faglege kvalitet og studieplan må godkjennast av NOKUT. Den ligg til vurdering hos dei akkurat no.
  4. Det må komma finansiering i form av studieplassar til psykologi, eit dyrt studium som UiA ikkje kan dekkja på eiga hand.

– Det er spesielt det siste punktet som er interessant å diskutera med ministeren for sektoren vår, seier UiA-rektoren.

– Gjennom eigne investeringar og støtte frå landsdelen er me tydelege på at det ikkje skal kosta staten meir å oppretta nye studieplassar hos oss, enn det vil kosta å auka kapasiteten der psykologi allereie blir tilboden, seier Whittaker.

Samla lag bak psykologiutdanning

Universitetsdirektør Seunn Smith Tønnessen er i korona-karantene, og måtte delta digitalt i møtet, som ble holdt i Personalkantinas gule rom.

Universitetsdirektør Seunn Smith Tønnessen er i korona-karantene, og måtte delta digitalt i møtet.

Under det to timar lange møtet ved Campus Kristiansand møtte Borten Moe i tillegg representantar for landsdelen, blant anna fylkesordføraren, kristiansandsordføraren, leiar av KS i Agder, stortingsrepresentantar og sjukehusdirektøren.

Felles for dei alle er at dei stiller seg bak og argumenterer tydeleg for psykologiutdanning på Sørlandet.

– Me ønskjer å få dette til som ein del av å betra levekåra i Agder. Studentar blir ofte igjen i regionen der dei studerer, og nyutdanna psykologistudentar vil forsterka fagmiljøa våre innan psykisk helse, sa fylkesordførar i Agder Arne Thomassen.

Det vart òg snakk om korleis ei slik utdanning i Agder kan komma nabofylka, særleg Vestfold og Telemark, til gode. Kristiansandsordførar Jan Oddvar Skisland var på si side klar på at dei båe ynskjer fleire studentar og eit styrka fagmiljø velkomen til universitetsbyen.

Tverrfagleg nytte med medisinstudentar frå UiO

– Kommunane er klare og me har allereie på plass ein avtale om å ta imot kommande psykologistudentar i praksis, sa leiar av KS Agder Gro Bråten.

Sjukehusdirektør Nina Mevold var tydeleg på at også sjukehuset stiller seg heilhjarta bak ei psykologiutdanning, og drog blant anna fram nytta psykologistudentar og medisinstudentar kan ha av å vera lokalisert i nærleiken av kvarandre. Ho viste til at UiO skal gjennomføra delar av medisinutdanninga si på Sørlandet frå 2023.

Rektor fortalde om underdekninga av utdanna psykologar i helseregionen, og det sørlandske spleiselaget som ligg til grunn for oppbygginga av den biologiske delen av psykologien, nemleg nevrovitskap, ved UiA.

Statsråden gav i møtet uttrykk for at han hadde fått bodskapen, og spurde i retur om når ein eventuelt kunne vera klare om både kvalitetssjekken hos NOKUT og finansieringa går i orden.

– 2022 blir nok litt heftig å få til på kort varsel, men frå 2023 er me definitivt klare, svarte rektor Whittaker.

Møtelyden oppstilt i Vilhelm Krags hall: Fra venstre  leder av By- og stedsutviklingsutvalget i Kristiansand Ole Magne Omdal (Sp), stortingsrepresentant Eivind Drivenes (Sp), styreleder i KS Agder Gro Bråten (Ap) viserektor for forskning Hans Kjetil Lysgård, fylkesordfører Arne Thomassen (H),  viserektor for samfunnskontakt og nyskaping Gøril Hannås, statsråd Ola Borten Moe, rektor Sunniva Whittaker, ordfører Jan Oddvar Skisland (Ap), administrerende direktør ved Sørlandet sykehus HF Nina Mevold og stortingsrepresentant Gro-Anita Mykjåland (Sp).

Deltakarane oppstilt i Vilhelm Krags hall: Frå venstre, leiar av By- og stedsutviklingsutvalet i Kristiansand Ole Magne Omdal (Sp), stortingsrepresentant Eivind Drivenes (Sp), styreleiar i KS Agder Gro Bråten (Ap), viserektor for forsking og tverrfaglege satsingar Hans Kjetil Lysgård, fylkesordførar Arne Thomassen (H), viserektor for samfunnskontakt og nyskaping Gøril Hannås, statsråd Ola Borten Moe, rektor Sunniva Whittaker, ordførar i Kristiansand Jan Oddvar Skisland (Ap), administrerande direktør ved Sørlandet sjukehus HF Nina Mevold og stortingsrepresentant Gro-Anita Mykjåland (Sp).

Ba om føreseielegheit for fleksible utdanningar

Statsråden starta dagsbesøket i Agder med eit besøk ved Lister Kompetanse i Lyngdal.

Her fekk han høyra om det betydelege arbeidet som er gjort for å etablera eit tilbod for høgare utdanning i listerregionen, og kva betyding føreseieleg finansiering kan ha for moglegheita til å ha studietilbod utanfor universitetsbyane.

– Mykje av grunnen til at eg er her i dag er fordi Lister kompetanse har drive bra. Det er eit veldig behov i distrikta for utdanna i til dømes helse, men også i andre yrkesretningar, sa Borten Moe til Avisa Agder.

Denne bodskapen vart forsterka i det etterfølgande møtet på Campus Kristiansand. Når pengane til fleksible og desentraliserte tilbod kjem frå gong til gong til kvar enkelt gjennomføring, blir det vanskeleg å planlegga bemanning i fagmiljøa.

Det blir òg vanskelegare for kommunane å ta omsyn til kva tilbod som kjem, og ikkje minst blir det vanskeleg for aktuelle studiekandidatar i distrikta å planlegga eit studieløp i kombinasjon med jobb og familie. Ein klar bodskap frå heile landsdelen er behovet for auka føreseielegheit i rammene for å driva desentral utdanning.

FNs bærekraftmål er viktige for UiA. Studentene tok initiativ til å sette alle 17 i trappa ved studentkantinen, som statsråd Ola Bortten Moe og rektor Sunniva Whittaker passerer på vei til møterommet.

FNs berekraftmål er viktige for UiA. Studentane tok initiativ til å sette alle 17 i trappa ved studentkantina, som statsråd Ola Bortten Moe og rektor Sunniva Whittaker passera på vei til møterommet.

E-sport og yrkesfag

Før statsråden måtte reisa tilbake til hovudstaden, fekk han òg høyra om UiAs satsing på akademisk e-sport. UiA startar i haust opp den første bachelorgrada av slaget sitt i Europa.

Førstelektor Rune Andersen hadde akkurat returnert frå ein e-sportkonferanse i USA. Han fortalde om korleis det planlagde utdanningsløpet haustar internasjonal anerkjenning for breidda si, med fokus på både rekreasjon, prestasjon og læringsmoglegheiter.

Det vart òg ein diskusjon med statsråden om korleis studiet kan vera ein veg til høgare utdanning for grupper som kanskje elles ikkje ser sin veg inn i akademia.

Regjeringa har i planane sine at dei vil etablera eit nasjonalt senter for yrkesfag. UiA nytta derfor høvet òg til å presentera Senter for yrkesfag og opplæring i arbeidslivet som allereie er etablert ved Universitetet i Agder.