Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

– Ein suksess for heile universitetet

Måndag 7. september feira Universitetet i Agder sine doktorgradskandidatar.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av rektor Sunniva Whittaker på talerstolen.
Rektor Sunniva Whittaker talte til doktorgradskandidatene. Bilde: Kjell Inge Søreide

– Me er stolte over å sjå at talet på doktorgradskandidatar aukar kvart år, og 2019 ga oss fleire kandidatar enn nokon sinne. Deira suksess er difor også ein suksess for heile universitetet, og gjer oss alle stolte, sa rektor Sunniva Whittaker i si tale til kandidatane.

Årets doktorpromosjon vart heldt måndag 7. september klokka 16.00 på Campus Kristiansand. Ein doktorpromosjon er en høgtideleg seremoni kor kandidatane som har fullført sin doktorgrad får utlevert diplom. Årets promosjon vart haldt for alle som har fullført si doktorgrad mellom juni 2019 og august 2020.

– Berebjelkar

Årets seremoni vart spesiell, med restriksjonar på kor mange gjestar kvar kandidat kunne invitera. Dette på grunn av korona-situasjonen. Det var underhaldning av førsteamanuensis Mariam Kharatyan, som presenterte to komposisjonar av Edvard Grieg. 

Bilde av deltakarane under seremonien.

Det blei ein annerleies seremoni i år, grunna korona-situasjonen. Foto: Kjell Inge Søreide

Direktør for samfunn og innovasjon i Kristiansand kommune, Wenche Delhi, talte også til kandidatane.

– Å vite kva, kvifor og korleis er berebjelkane i eit moderne samfunn. De har allereie bidratt til at vi med sikrare grunnlag utviklar samfunnet vårt vidare. De er ein del av morgondagens løysning, sa ho blant anna.

Livslang læring

24 doktorgradskandidatar deltok på arrangementet, frå alle seks fakultet ved universitetet. Alle dekanane var til stede for å dele ut diplom til sine respektive kandidatar. 

Bilde av Mehdi Ben Lazreg som mottar doktorgradsdiplom.

Mehdi Ben Lazreg var blant de som mottok sitt doktorgradsdiplom. Foto: Kjell Inge Søreide

– Sjølv om de har passert den siste formelle eksamenen, er forsking ei livslang læringsoppleving. Ver nysgjerrig, les det andre forskarar skriv, utvid horisonten din, lær nye forskingsmetodar og skaff deg fleire digitale evner. Forskingsfronten flyttar seg raskt i alle felt, og det krev hardt arbeid å halde seg oppdatert, sa rektor Whittaker.

Doktorgradskandidat Sigurd Tenningen haldt takketale på vegne av sine medkandidatar. Han takka blant anna for rettleiing, gode kollegar, generøse bibliotektenester og ein doktorgradsrådgjevar som alltid hadde døra open.

– Desse forholda har gjort stipendiattilværet til et stort privilegium. For det er ikkje til å sjå bort frå at det å skrive en avhandling til tider kan opplevast som ein kamp, sa han.