0
Hopp til hovedinnhold

Disputerer på ungdomsromanar, pop og film

Torsdag 18. juni disputerer Svein Slettan, førstelektor ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. I avhandlinga analyserer han framstillingar av maskulinitet i ungdomsromanar, pop og film.

Artikkelen er mer enn ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Avhandlinga "Mannlege mønster. Maskulinitet i ungdomsromanar, pop og film" er den første norske doktoravhandlinga med ungdomslitteratur som emne.

I seks artiklar analyserer Svein Slettan romanar av Rune Belsvik, Arne Berggren, Harald Rosenløw Eeg, Ingvar Ambjørnsen, den svenske forfattaren Mats Wahl og den danske forfattaren Bente Clod. Vidare inneheld avhandlinga ein artikkel om Lars Lillo-Stenbergs poplåtar og ein artikkel om den svenske regissøren Jesper Ganslandts film Farväl Falkenberg.

Avhandlingsarbeidet er utført på UiAs Fakultet for humaniora og pedagogikks doktorgradsprogram i litteraturvitskap.

Mangfald i maskulinitet

Ungdomslitteraturen forandrar seg med tida. Mens eldre tiders gutebøker og ungpikebøker var prega av relativt sementerte kjønnsrollemønster, viser ungdomslitteraturen i dag langt meir mangfaldige kjønnsførestillingar. Svein Slettan analyserer korleis dette mangfaldet artar seg når det gjeld maskulinitet, gjennom ulike forfattarskap, sjangrar og litterære grep.

Alle forfattarane som er behandla, er opptekne av spenninga mellom det gamle mannsidealet med vekt på sjølvkontroll, styrke og dominans, og meir nyanserte førestillingar som gir større rom for mannleg sårbarheit, kjensle- og omsorgsevne. Men dei tek for seg dette på ulike måtar. Eit par eksempel:

Hos Harald Rosenløw Eeg, kanskje den fremste norske ungdomsbokforfattararen i dag, er hovudpersonane ofte svært sårbare unggutar. Dei må samtidig forhalde seg til autoritære mannsfigurar og mannsideal som er øydeleggjande for dei. Likevel ser vi korleis desse gutane får styrkt sjølvkjensla og etter kvart vågar å gå sin eigen veg. Slik står Eegs forfattarskap i tradisjonen frå kjende ungdomsbokforfattarar som Tormod Haugen og Tor Fretheim, som framhevar mannleg kjensleliv og er kritiske til konvensjonell maskulinitet.

Hos Arne Berggren er biletet meir ambivalent. I den populære serien om Aldo Monrad framstår Berggren som ironikar og humorist, og han leikar med både gamle og nye mannsbilete utan nødvendigvis å vere så politisk korrekt. Litt av det same er tilfelle med Ingvar Ambjørnsen, som i kriminalromanen Drapene i Barkvik gjer hovudpersonen til ein svært samansett figur. Og i Bune Belsviks ungdomsbokserie om Arne Bu vekslar inntrykk av tradisjonell mannleg erobringslyst med stadige ironiske effektar, og ein sjølvrefleksjon som underminerer alle lettvinte førestillingar om det mannlege.

”Post-adolescence”

I vår tid gjennomgår mange ei slags forlengd ungdomstid, ein uetablert og søkjande livsfase – såkalla ”post-adolescence” – som varer langt oppover i 20-åra. Dette ser vi reflektert i filmar og poplåtar som dreier seg om livseksperimentering og identitetssøking hos unge menneske. Den svenske filmen Farväl Falkenberg og mange av Lars Lillo-Stenbergs poplåtar i deLillos er eksempel på dette. Svein Slettan analyserer også denne ”utvida” ungdomslitteraturen med fokus på maskulinitet. Hos Lillo-Stenberg finn han ei mannleg kunstnarbevisstheit som pendlar mellom det veike og kjenslevare på den eine sida og ein svært sjølvbevisst individualisme på den andre. Stikkordet er også her mangfald og ambivalens. I Ganslandts film møter vi ein vennegjeng midt i 20-åra. Ein del av det som blir tematisert her, er homoseksualitet. Det handlar om behov som blir stengde inne, med tragedie som resultat. Likevel tonar filmen paradoksalt nok ut med varme og optimisme.

Ei optimistisk grunnhaldning kan i det heile sporast i svært mykje av tekstmaterialet som er analysert. Tekstane viser at menn kan vere så mangt, og at forandring er mogleg.

Det kunstnarlege potensialet

Ved sida av å vere ein analyse av maskulinitet, er avhandlinga også ein studie av det kunstnarlege potensialet i ungdomsromanar, pop og film. Eitt av fleire fokus her ligg på korleis mange av tekstane er skrivne i dialog med sterke sjangertradisjonar. I Harald Rosenløw Eegs framtidsromanar finn vi for eksempel element frå gotiske skrekkforteljingar, og Bente Clod brukar den melodramatiske kjærleiksforteljinga på sin eigen originale måte. deLillos er på si side eit band som beveger seg elegant mellom ulike musikalske sjangertradisjonar – og ulike maskulinitetar.

Bakgrunn i undervisning og formidling

Svein Slettan har mange års erfaring frå undervisning i barne- og ungdomslitteratur. Han har arbeidd i lærarutdanninga og med etter- og vidareutdanningskurs for lærarar og skolebibliotekarar. Mykje av stoffet i avhandlinga har blitt lagt fram i slike samanhengar, og arbeidet kan dermed sjåast som del av ei kunnskapsformidling som knyter saman universitet og praksisfelt.

Disputasfakta:

Kandidaten:

Svein Slettan (47) er oppvaksen i Holum. Han har allmennlærarutdanning frå Kristiansand lærerhøgskole, og seinare historie mellomfag og nordisk hovudfag frå Universitetet i Oslo. Etter nokre år som lærar i grunnskole og vidaregåande skole, blei han tilsett ved HiA i 1994.

Prøveførelesing og disputas

Stad: Gabriel Scotts auditorium, B1001, Universitetet i Agder, Gimlemoen. Bruk hovudinngangen.

Tid for prøveførelesing: 17. juni 2009 kl. 17.15-18.00

Emne for prøveforelesing: "Tekst, kontekst og lesere; en analyse av Erlend Loes Kurtby (2008)"

Tid for disputas: 18. juni 2009 kl. 10.15

Opponentar:

Førsteopponent: Professor Malan Marnersdóttir, Føroyamálsdeildin, Fróðskaparsetur Føroya (Fakultet for færøsk sprog og litteratur, Færøernes universitet).

Andreopponent: Professor Rolf Gaasland, Institutt for kultur og litteratur, Universitetet i Tromsø.

Professor Elise Seip Tønnessen, Institutt for nordisk og mediefag, Universitetet i Agder, har leidd arbeidet i bedømmingskomiteen.

Rettleiarar:

Hovudrettleiar i avhandlingarbeidet har vore professor Unni Langås, Institutt for nordisk og mediefag, Universitetet i Agder. Medrettleiar har vore professor Harald Bache-Wiig, Institutt for lingvistiske og nordiske studier, Universitetet i Oslo.