Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Disputerar på bruk av elevbøker i matte

Hilde Opsal har forska på bruken av elevbøker i matematikk på ungdomssteget i sitt doktorarbeid i matematikkdidaktikk. Hovudkonklusjonen er at elevane ikkje bruker elevboka etter intensjonane.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Hilde Opsal er den fjortande ph.d- kandidaten som disputerar på doktorgradsprogrammet med spesialisering i matematikkdidaktikk ved Fakultet for teknologi og realfag ved Universitetet i Agder.

I avhandlinga «Bruk av elevbøker i matematikk på ungdomssteget: ein kasusstudie» har ho studert korleis elevane bruker elevbøker i matematikkfaget.

Her er definisjonen av «Regelbok, Elevbok og Opplæringsbok» slik Universitetet i Tromsø ser det: «Begrepene elev- og regelbok er i stor grad overlappende og begge betegner eksamenshjelpemidler for elever i ungdomsskole og videregående skole. Det startet med regelbok i matematikk i 1980-årene, der elevene selv skrev ned aktuelle regler. På 90-tallet ble regelboka døpt om til elevbok som tillot egenproduserte eksempler. Rundt årtusenskiftet ble elevbok også innført i norsk og engelsk, i tillegg til matematikk i ungdomsskolen og i matematikk grunnkurs i v.g. skole.

Elevbok brukes imidlertid også om forfatterproduserte varianter der det gjerne brukes synonymt med det mer vanlige begrep som studiebok, arbeidsbok, og aktivitetsbok. Vi finner elevbøker både i papirform og i noen tilfeller elektronisk.»

Elevbok i matematikk var innført med L97.

Doktoravhandlinga er del av klasseromsprosjektet «Kvalitet i opplæringa» ved Høgskulen i Volda.

Slik omtalar kandidaten sjølv essensen i avhandlinga:Bruk av elevbøker i matematikk på ungdomsskulen: ein kasusstudie

Elevbok i matematikk på ungdomssteget vart innført med L97 som eit pedagogisk tiltak først og fremst i læringsprosessen til kvar enkelt elev. Intensjonen var at ho skulle vere ein del av læringsprosessen i matematikk. I tillegg fekk elevane lov å bruke ho som eit lovleg hjelpemiddel på avgangseksamen i 10. klasse.

Fokuset i denne studien er på korleis elevar og lærarar arbeider med elevboka på ungdomssteget. Hensikta er å studere korleis ho er integrert i læringsaktiviteten i faget.

Studien er del av klasseromsprosjektet «Kvalitet i opplæringa» ved Høgskulen i Volda. I dette arbeidet er både spørjeskjema og intervju av lærarar og elevar nytta.

Studien viser at å skrive for å lære matematikk ikkje er ein utbreiddd arbeidsmåte i faget.

Likevel er elevar og lærar positive til elevbok, og ho vert opplevd som eit godt hjelpemiddel i faget. Mange elevar har elevboka på pulten når dei arbeider med matematikk og ho vert ofte brukt som eit hjelpemiddel på prøver.

Lærarar uttrykkjer at ho kan gi elevar falsk tryggleik.

Der vert i denne studien konkludert med eit skilje mellom to ulike fokus på elevbøker.

I det første, der prosessen med å lage elevbok er viktigast, er ho eit artefakt i læringsprosessen der eleven samtalar om matematikken gjennom tenkeskriving.

I det andre, der produktet elevbok er viktigast, er hovudmålet å lage eit best mogeleg hjelpemiddel på prøver der skrivinga er hovudsakleg kopi av gjennomgang på tavla og avskrift frå læreboka.

Sjølv om mange elevar uttalar at dei brukar ho aktivt som hjelp på prøver, viser mine data at fleire elevar har problem med å finne relevant informasjon i ho og gjere seg nytte av dette innhaldet.

Hovudkonklusjonen er at elevboka ikkje er implementert i matematikkaktiviteten på ungdomssteget etter intensjonen omtala i offisielle dokument.

Disputasfakta:

Kandidaten: Hilde Opsal er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda sidan 1995. Ho arbeider med matematikk i allmennlærarutdanninga med vekt på tallære og funksjonslære. Ho har hovudfag i anvendt matematikk, reservoarmekanikk frå Universitetet i Bergen, 1994

Prøveforelesing og disputas finner stad i Clara Holsts Auditorium, Sigrid Undsets Hus, UiA Campus Kristiansand.

Instituttleiar for Institutt for matematiske fag Elna Svege leiar disputasen.

Tid for prøveforelesing: Fredag 22. mars 2013 kl 10:30

Oppgitt emne for prøveforelesing: «"Mixed methods design" - teoretiske prinsipper, muligheter og begrensninger i matematikkdidaktisk forskning»

Tid for disputas: Fredag 22. mars 2013 kl 12:30

Tittel på avhandling: «Bruk av elevbøker i matematikk på ungdomssteget: ein kasusstudie».

Les avhandlinga i AURA - Agder University Research Archive, som er eit digitalt arkiv for vitskapelege artiklar, avhandlingar og masteroppgåver frå tilsette og studentar ved Universitetet i Agder.

Opponentar:

Førsteopponent: Professor Ole Björkqvist, Åbo Akademi University, Finland

Annenopponent: Førsteamanuensis Åse Streitlien, Telemarksforskning – Notodden, Norge

Vurderingskomitéen har vore leia av professor Anne Berit Fuglestad, Universitetet i Agder

Rettleiarar i doktorgradsarbeidet var professor Maria Luiza Cestari, Universitetet i Agder og professor Ole Einar Torkildsen, Høgskulen i Volda.