0
Hopp til hovedinnhold

Vernepleiarutdanning til heile Agder

Hausten 2023 kan du ta vernepleiarutdanning på deltid i Lyngdal, Setesdal eller Risør når Universitetet i Agder startar opp nok ei distriktsvennleg utdanning.

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Ein vernepleiar arbeider med menneske med ulike funksjonsvanskar. Å forstå behova og ønska til enkeltmennesket er eit viktig utgangspunkt for fagfeltet.

– Det er ei praksisretta helse- og sosialfagleg utdanning som kvalifiserer for jobb i helse-, omsorgs- og velferdstenester. Utdanninga sikrar også kompetanse og haldningar som dannar grunnlag for likeverdige tenestetilbod for alle grupper i samfunnet, seier Marianne Hovet Steig, studiekoordinator for Distriktsvennleg vernepleie ved UiA.

Fyller stort regionalt behov

Vernepleiarutdanninga blir etablert i samarbeid med Lister Kompetanse, Setesdal interkommunalt politisk råd og Østre Agder-samarbeidet.

– Det er stort behov i kommunane for kompetent arbeidskraft innan helse, og dette er også eit godt høve for innbyggarane våre til å få seg ei høgare utdanning nær heimstaden, seier Rita Hansen, dagleg leiar av Setesdal interkommunalt politisk råd.

– For alle kommunane i Østre Agder er desentralisert utdanning veldig viktig for at me skal kunna rekruttera dyktige tilsette i spennande jobbar i kommunane våre. Dette er eit satsingsområde for Østre Agder, seier Robert Cornels Nordli, ordførar i Arendal og styreleiar i Østre Agder-samarbeidet.

– Me er veldig glade for at det no blir distriktsvennleg vernepleie til regionen. Me har behov for denne kompetansen framover og det har mykje å seia for regionen vår at me klarer å få til desentraliserte studiar, seier Per Sverre Kvinlaug, ordførar i Kvinesdal kommune og styreleiar i Lister Kompetanse.

Praksis i heimeregionen

Den distriktsvennlege utdanninga som frå neste haust av er samlings- og nettbasert med samlingar i høvesvis Lyngdal, Setesdal og Risør. Enkelte delar av undervisninga blir arrangert som ei felles samling for alle regionane, anten i Grimstad eller Kristiansand.

Det er krav om 30 veker praksisundervisning gjennom studiet, og praksis blir gjennomført lokalt i den regionen studenten tilhøyrer. Utdanninga er på deltid og strekkjer seg over fire og eit halvt år. Det gjer at studentar kan ta vernepleia ved sida av jobb.

– At folk kan ta utdanning der dei bur gir ei ny moglegheit for dei som er i jobb, har familieplikter eller av andre grunnar ikkje kan ta eit ordinært studium på campus, seier Siri Asdal, utviklingsleiar i Østre Agder-samarbeidet.

Kompetansekrav

– No må interesserte søkjarar bruka det neste året på å skaffa seg studiekompetanse for kunne søkja seg inn, seier Hilde Strømme i Lister Kompetanse.

Det er også mogleg å søkja med realkompetanse, og aktuelle kandidatar kan få informasjon om dette ved å venda seg til opptakskontoret ved UiA.

For å komma i gang med studiane må det vera minimum åtte studentar i kvar region.

Hausten 2021 starta UiA opp distriktsvennleg utdanning i sjukepleie. No i haust kjem barnehagelærarutdanning og til neste år er det klart for vernepleiarutdanning i distrikta.