0
Hopp til hovedinnhold

Kollisjonstest viser at riktig reparasjon er avgjerande for tryggleiken

Kollisjonstestar utført av UiA viser at kollisjon kan vere farlegare for førar og passasjerar når bilen dei sit i har vore reparert på feil måte og kolliderer for andre gong.

Foto av Gulshan Noorsumar foran bil
Gulshan Noorsumar er stipendiat ved Institutt for ingeniørvitskap ved UiA. Ho har tidlegare jobba for General Motors i India og i USA i seks år, blant anna med simulering av sikkerheit i bil. (Foto: Damares Stenbakk).

Forskarar ved Universitetet i Agder (UiA) gjennomførte to fullskala kollisjonstestar på Farsund lufthamn Lista i desember 2021. Foreløpige funn viser at køyretøy som har blitt feilreparerte etter kollisjon kan vere mindre trygge dersom dei kjem ut for ein ny kollisjon.

Testane er del av forskingsprosjektet til stipendiat Gulshan Noorsumar ved UiAs Institutt for ingeniørvitskap. Ho karakteriserer funna som oppsiktsvekkande.

– Kollisjonsputene utløyste seg seinare enn forventa. Dette gjer at putene får mindre tid til å stabilisere seg. For dei som sit inne i køyretøyet, vil dette kunne føre til større eller meir alvorlege skader, seier Noorsumar.

I test-køyretøya var det montert ei mengd ulike, avanserte sensorar for å kunne registrere alle naudsynte data. Køyretøya blei også 3D-skanna både før og etter kollisjonstestane.

No er prosessen med å behandle og analysere innsamla data i full gang.

 

Med god støtte frå det lokale brannvesenet, gjennomførte UiA to fullskala kollisjonstestar av køyretøy ved Farsund lufthamn, Lista i desember 2021. (Video: Kristian Muri Knausgård, Tore Næss og Stian Ngo)

Utviklar matematisk modell

– Testane i samband med forskinga til Noorsumar er heilt spesielle med omsyn til blant anna instrumenteringa i køyretøya, seier professor Kjell G. Robbersmyr, som også har rolla som mentor for Noorsumar.

No arbeider Noorsumar med å utvikle ein matematisk modell for kollisjonstest av køyretøy. Modellen skal kunne brukast til å føresjå (predikere) skadeomfanget i ein gitt situasjon.

– Målet med forskinga mi, er å vise korleis matematiske modellar kan brukast til å simulere effekten av ein kollisjon. Bilindustrien kan redusere kostnadene mykje dersom dei kan gjennomføre færre fysiske kollisjonstestar under utvikling av nye køyretøy, seier ho.

To fullskala kollisjonstestar

I korte trekk gjekk den første kollisjonstesten ut på å sende test-køyretøyet mot ein murvegg i 50 kilometer i timen. Den same bilen blei deretter, i ein ny test, påkøyrd rett i sida av eit anna køyretøy.

Test-køyretøyet var på førehand modifisert slik at det skulle svare til eit kollisjonsskadd køyretøy, som etter kollisjon ikkje blei reparert heilt i samsvar med fabrikantens spesifikasjonar.

Hypotesen som skulle testast, var om eit feilreparert køyretøy ville klare seg som forventa med tanke på tryggleik i ein kollisjon.

Ifølgje Noorsumar, kan utfallet av ein kollisjon med eit uskadd og eit reparert køyretøy vere svært ulikt. Dersom eit kollisjonsskadd køyretøy ikkje blir reparert etter boka, aukar risikoen for at strukturen i køyretøyet totalt sett kan få større skader ved ein kraftig kollisjon.

– Kollisjonar med slike køyretøy kan derfor også føre til meir alvorlege skader for dei som sit inni. Dette er noko av det vi undersøker ved hjelp av data frå kollisjonstestane, seier Noorsumar.

Foto av krasjede biler

Dei to testbilane var utstyrte med ei mengd ulike avanserte sensorar for å kunne registrere alle naudsynte data. Køyretøya blei også 3D-skanna både før og etter kollisjonstestane. (Foto: Harald Sauvik)

Stadig lettare bilar gir utfordringar

Andre funn tyder på at feil reparasjonsmetodar kan svekke køyretøyets tryggleikseigenskapar i ein kollisjon.

Noorsumar forklarer at køyretøy i dag blir konstruerte slik at dei absorberer krafta frå ein kollisjon på ein mest mogeleg effektiv måte med omsyn til dei som sit inni.

Dess lettare køyretøya er bygde, dess meir krevjande blir det å kunne oppretthalde sikkerheits-standarden. Nye og lettare køyretøy er derfor utrusta med svært avansert teknologi for å auke tryggleiken i kupéen.

– Med dagens konstruksjonsmetodar, kan det vise seg at køyretøy – etter kollisjon med storskade –  ikkje toler ein omfattande bilskadereparasjon like godt som venta, seier Noorsumar.

– Eit internasjonalt problem

Trafikant- og køyretøymiljøet ved UiA er blant dei som følgjer spent med på forskinga til Noorsumar.

Gjennom hennar arbeid, vil dei få testa ut nye metodar og svært avansert utstyr for tekniske undersøkingar. Dette vil lette jobben med å avdekke om feilreparasjonar er utført på kollisjonsskadde køyretøy.

– Feil utførte bilskadereparasjonar er dessverre ikkje berre eit nasjonalt, men også eit internasjonalt problem, seier Bjarne Hæstad, som er ein av dei fagansvarlege på Trafikant- og køyretøystudiet ved UiA.

Den teknologiske utviklinga i bilindustrien har ført til at dagens køyretøy er blitt både avanserte og komplekse. Hæstad understrekar at dette stiller store krav til dei som utfører reparasjonar, og då særleg reparasjonar av køyretøy som har omfattande skader etter ein kraftig kollisjon.

– Både bilprodusentar og verkstader må følgje nøye med på denne utviklinga, seier Hæstad.

FoU-prosjekt om sikre bilskadereparasjonar

Hæstad fortel at forskinga til Noorsumar også vil ha stor nytteverdi for prosjektet «Sikre bilskadereparasjoner». Dette forskings- og utviklingsprosjektet ved UiA skal undersøke korleis ein kan kontrollere at køyretøy har blitt reparert i samsvar med fabrikantens prosedyrer, og at bilen dermed er tilbakeført til same stand som før skaden.

– I samband med tilsyn, har Statens vegvesen funne køyretøy som ikkje har blitt reparert i samsvar med fabrikkens spesifikasjonar, seier Hæstad.

Derfor er det no innført nye forskrifter med krav til særskilt dokumentasjon av dei utførte skadereparasjonane, og krav til særskilt opplæring og godkjenning for slike køyretøyverkstader.

Tidlegare har forskarar ved UiA og Agderforskning utført kollisjonstestar for sertifisering av blant anna autovern og lysmaster for Statens vegvesen. Kollisjonstestane i desember 2021 blei gjennomførte i samarbeid med forskarar tilknytte Toppforskingssenteret i mekatronikk (TRCM) ved Fakultet for teknologi og realfag ved UiA.