Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Diskuterte etablering og nedlegging av studiar

Universitetsstyret behandla spørsmål om bygg, studietilbodet frå 2023 og hadde dialog med både Handelshøgskulen ved UiA og MIL i maimøtet.

Universitetsstyret

Universitetsstyremøtet vart halde på Campus Grimstad og starta med eit dialogmøte med MIL AS, mekatronikk-innovasjonssenteret UiA eig saman med forskingsinstituttet NORCE.

Etter ei omvisning presenterte dagleg leiar Lene Merete Liodden den nye strategen til Mil.

Universitetsstyret på besøk hos MIL

Etablering og nedlegging av studiar frå 2023

Fakulteta ved UiA søkjer årleg universitetsstyret om kva studieprogram ein eventuelt skal etablere eller leggje ned. Dette inneber også nokre omstruktureringar av enkelte studieretningar. Nye studiar skal akkrediterast i utdanningsutvalet til universitetet etter vedtaka i universitetsstyret.

Fakultet for teknologi og realfag skal etablera ein ny toårig master kalla Intelligent Data Sensing, Processing and Communications. Studiet er tett knytt til det prioriterte forskingssenteret WISENET. Det står att arbeid med planane for studiet. Planane skal godkjennast av rektor og studiet skal til ekstern sakkunnig vurdering før akkreditering.

Fakultet for kunstfag opprettar også eit nytt årsstudium i Live electronics, som dei blir tildelte 60 studiepoengs finansiering for.

Diskusjon om inndraging av finansiering ved nedlegging

Fakultet for kunstfag har søkt om å legga ned den treårige faglærarutdanninga i rytmisk musikk frå 2023. Bakgrunnen er Kunnskapsdepartementets vedtak av nye rammeplanar der lærarutdanninga i praktisk og estetiske fag skal vera femårige masterprogram. Det er ikkje ønske om å etablera ei slik femårig utdanning ved UiA som involverer andre skulefag enn musikk.

Forslaget frå universitetsdirektøren var at finansieringa knytt til faglærarutdanninga som blir lagd ned, blir trekt inn til universitetsstyret for å kunna brukast til seinare strategiske satsingar. Prinsippet ved UiA har vore at dette blir gjort når nedleggingar skjer på grunn av eksterne forhold.

Dette vart det diskusjon om i styret. Nokon meinte at fakultetet burde få behalda finansieringa eller i det minste blir invitert til å foreslå nye planar for korleis pengane kunne brukast. Andre argumenterte for at prinsippet om å trekkja inn finansiering ved nedlegging på grunn av eksterne forhold er viktig, og at det skaper økonomisk handlingsrom i styret for strategisk utvikling av universitetet.

Diskusjonen enda med votering, og forslaget frå universitetsdirektøren om å dra inn finansieringa vart vedteke med 6 mot 5 stemmer.

Heile saksframlegget kan du lesa i styredokumenta.

Endra forslag om bygging i Kristiansand

Det er behov for meir plass på Campus Kristiansand, og det er derfor sett på moglegheitene til å bygga på E-bygget. Etter at saksdokumenta gjekk til styret, har det likevel vist seg at prisen Statsbygg har kome fram til for ei relativ enkel utviding på eksisterande bygg er for høg til å kunna forsvarast.

Del to av vedtaket om å gå vidare i utgreiinga rundt bygg E saman med Statsbygg vart derfor stroke, og administrasjonen går vidare for å finna rimelegare alternativ for å møta behovet.

Fleire styremedlemmer tok til orde for å sjå på korleis me kan utnytta dei areala UiA allereie har meir effektivt. 

Andre utvalde saker 11. mai 2022

  • Universitetsstyret vart presentert søkjartala for UiA-studium i 2022. Desse er presenterte på Uia.no tidlegare.
  • Rammeløyvinga til fakulteta vart vedteken justert basert på resultata frå 2022. Totalt får fakulteta tilført rundt 7,1 millionar kroner i samband med revidert budsjett
  • Universitetsstyret vart orientert om korleis resultata i 2021 er forventa å påverka tildelinga til UiA i statsbudsjettet. I såkalla open ramme er det forventa eit pluss på 22 millionar kroner og 1,3 millionar kroner auke i den lukka (sistnemnde blir fordelt mellom institusjonane ut frå aktivitet og resultat).
  • Styret gjennomførte eit utsett dialogmøte med Handelshøyskolen ved UiA

Alle styredokumenta.