0
Hopp til hovedinnhold

80 deltakarar samla til internasjonalt kunstsymposium på UiA

Symposiet Arts in Action har blitt utsett tre gongar sidan 2020. Når det endeleg kunne opne på Universitetet i Agder denne veka, er programmet meir aktuelt enn nokon gong. 

Bilde frå opninga av Arts in Action
Førsteamanuensis ved Institutt for visuelle og sceniske fag, Lisbet Skregelid, ønskte over 80 deltakarar frå inn- og utland velkomne til kunstsymposiet Arts in Action onsdag.

Pandemien tvinga fram fleire stopp i arbeidet med planlegginga av det internasjonale kunst i kontekst-symposiet Arts in Action: Urgencies in Art and Art Education ved Universitetet i Agder.

– Vi har lurt på om dette symposiet nokon gong ville bli realisert. Vi endra datoane. Verda endra seg, sa førsteamanuensis Lisbet Skregelid under opninga onsdag:

– Men vi har ikkje endra spørsmåla som er inngangen til programmet. Faktisk, så er spørsmåla vi stiller meir presserande enn nokon gong, sa Skregelid.

Bilde av talarane under opninga av Arts in Action

Dekan ved Fakultet for kunstfag, Marit Wergeland, viserektor for forsking og tverrfaglege satsingar, Hans Kjetil Lysgård, kunstnar Pelle Brage og førsteamanuensis Lisbet Skregelid opna symposiet Arts in Action på UiA onsdag.

Tre dagar med deling av forsking og praksis

Korleis kan kunst vere med på å gjere ein forskjell i ei moderne verd prega av komplekse politiske, økonomiske og miljømessige utfordringar og konfliktar? Og kva kan skje dersom kunsten og kunstundervisninga blir dominert av ei sosiopolitisk grunngjeving?

Desse spørsmåla er utgangspunkt for symposiet  Arts in Action som samlar 80 deltakarar frå inn- og utland denne veka. Kriser som følgje av krig, klima og konflikt dannar eit kontekstuelt bakteppe for symposiet. Installasjonar av kunstnar Pelle Brage (JAM) på plenen framfor Campus Kristiansand, som blant anna viser druknande menneske mellom rosa badedyr og luksusbåtar i eit basseng, er med på å understreke denne ramma.

Om Arts in Action

  • Symposiet Arts in Action finn stad på Universitetet i Agder (UiA) og i Kristiansand 8. – 10. juni 2022. 
  • Symposiet blir arrangert som eit samarbeid mellom den tverrfaglege forskingsplattforma Kunst i kontekst (KiK) ved Fakultet for kunstfag (UiA), Fluks - Senter for ung kunst og kultur (UiA) og ArtEZ University of the Arts, samt ei rekke andre samarbeidspartnarar.
  • Organiseringskomiteen består av Lisbet Skregelid, Randi Margrethe Eidsaa, Inger Margrethe Stoveland, Lene Dalgård, Judit Premak og Randi Halse Jynge. Teknikar: Lars Krirstian Lia.

Målgruppa er kunstnarar, kunstpedagogar og forskarar innan – og på tvers av – disiplinane musikk, teater og visuell kunst. Symposiet tilbyr ein arena der dei kan dele sine praksisar og forskingsagendaer rundt spørsmåla som Arts in Action dreier rundt.  

Professor Boel Christensen-Scheel, filmregissør og kunstnar Morten Traavik, musikar og forskar Gillian Howell og Director of Learning ved Tate, Mark Miller, er nokre av foredragshaldarane som deltar.

Installasjonane på plenen

Eit oppblåsbart museum og eit basseng fylt av kontrastar er blant installasjonane som er utstilt på plenen framfor UiA i samband med symposiet.

Relevant på fleire måtar

Symposiet er ifølgje Skregelid av interesse for alle som er opptatt av kunstens betydning i samfunnet, også utanfor kunstfeltet. Ho peikar på at Arts in Action er relevant på fleire plan:

– Det er behov for dette arrangementet både for å synleggjere kunstens rolle i samfunnet, men også for å problematisere tankar om bruk av kunsten og ulike motiv for legitimering.

– Kristiansand er særleg relevant som stad for konferansen på grunn av dei intense kunst- og kulturdebattane, i kjølvatnet av for eksempel stiftinga Cultiva og bygginga av Kunstsilo, seier Skregelid.

Undersøker kunstens rolle

Symposiet har fleire formål. Eitt av dei er å kaste lys over diskusjonen om koplinga mellom kunst og samfunnsutfordringar. Deltakarane vil også drøfte korleis tematikken kan speglast i studieprogram og strategiplanar innan kunstfaglege utdanningar.

Vidare har symposiet som mål å bygge nettverk ved å skape nye og vidareutvikle eksisterande kontaktar – særleg med tanke forskingssamarbeid, men også innan kunstprosjekt og undervisning. 

Bilde av deltakarar ved ein av installasjonane

Eitt av formåla til symposiet Arts in Action er å kaste lys over diskusjonen om koplinga mellom kunst og ulike samfunnsutfordringar.

Nyskapande konferanseform

– Gjennom tre dagar skal vi undersøke korleis vi kan oppretthalde integriteten til kunstproduksjon, kunstutdanning og forsking – samtidig som vi opptrer på globalt ansvarlege og etiske måtar, seier Skregelid på vegner av komitéen ved Fakultet for kunstfag som har organisert arrangementet.

Ho fortel at symposiet vil utfordre den tradisjonelle konferanseforma ved å bruke omgjevnadene ved universitetet og Kristiansand by som arenaer.

– Delar av symposiet vil gå føre seg i skogen i nærområdet til UiA. Fredag vandrar deltakarane til Vaffelbua. Her vil det også vere foredrag og diskusjonar, samt utandørs workshops og performances, seier Skregelid.